| 10.05.12 | Eg har desverre ikkje klart å lage til for KM Singel til helga. Om det er ein klubb som kan ta på seg arrangementet seinare i vår så kontakt meg. |
| 10.04.12 | Km Senior vert desverre ikkje arrangert på grunn av kapasitetsproblem |
| 10.04.12 | Sjur Arne Bøe - Terje Garseg tok storeslem og vann både påskebridgen i Angedalen og på Hafslo. |
| 03.03.12 | Om eg får nett-tilgang på Hafslo, skal eg få ut live-oppdatering av turneringa i morgon. No er det ei førebels startliste der. |
| 25.03.12 | Referat frå krinstinget. (no mogleg å opne) |
| 23.03.12 | Vi har berre 8 par påmeldt til KM mix, og må då desverre avlyse turneringa som skulle vore på søndag. |
| 22.03.12 | Vi må ha fleire deltakarar til KM mix. Påmeldingsfristen går ut i morgon. |
| 22.03.12 | Valkomiteen slit med å finne personar til nytt styre. Mange gode personar er spurde om å ta vervet som leiar, men ingen har takka ja. Vi bed om hjelp frå dykk alle: klarar de å motivera ein person til å ta på seg vervet? Måløy, Førde, Eid: de har mange gode spelarar, kan de stilla nokon til å ta dette ansvaret? Kontakt avtroppande leiar eller den i valkomiteen som er i landet om de kan stille sjølv eller har gode forslag på villige personar. |
| 22.03.12 | Kva med ein bridgeferie til Kreta tidleg i juni? |
| 14.03.12 | Det er krinsting på Skei laurdag 24. mars kl 12. Les innkalling, årsmelding og sak om vedtektsendring. |
| 14.03.12 | Det er komen innbyding til Hafsloturneringa 4. april. Påmelding via NBFdata. |
| 09.03.12 | Det er komen innbyding til Angedalsturneringa 3. april. Påmelding via NBFdata |
| 09.03.12 | Det vert KM mix på Breim den 25. mars. Få tak i ein makker som har eit anna kjøn enn deg, og meld dykk på. |
| 27.02.12 | Gratulerer til Robert Hæreid - Kåre Kvamsdal som krinsmeistarar. Les heile resultatlista og spelstensilane. |
| 24.02.12 | Vi skal forsøke å få til oppdatering under KM. Sjekk her (vi legger ut frå turneringa startar i morgon) |
| 24.02.12 | Eg har fått eit sjukdomsforfall og vi er tilbake på 30 par. Så då er vi tilbake på programmet under. |
| 23.02.12 | Korrigert:
31 par. 31 rundar. Klarer nokon av dei som har trekt seg å finne seg
ein annan makker som har vor med på kvalifiseringa? Ring
eller SMS til 99503806 så har vi ein ledig plass. KM par vert arrangert med 30 par. 29 rundar a 3 spel. Vi startar begge dagar kl 10.00. Programmet vert 17 rundar på laurdag og 12 rundar på søndag. Vi vert då ferdig litt før kl 18.00 på laurdag og litt etter kl 16.00 på søndag. Det vert premieutdeling omlag 10 minutt etter speleslutt. |
| 21.02.12 | Det er endring i lista over kvalifiserte par.
Eg må
ha melding dersom de må trekke dykk frå turneringa. Om makker må trekke seg frå turneringa, er det høve til å spele med ein annan som ville vore kvalifisert. Om nokon ønskjer å spele, kan de sende meg ein e-post. Og kan eg formidle kontakt. |
| 21.02.12 | Programmet for KM par vert: Oppstart begge dagar kl 10.00. Laurdag vert det spela 18 rundar a 3 spel, ferdig omlag kl 18.00. Søndag vert det spela 17 rundar a 3 spel. Ferdig omlag 17.30 og premieutdeling kl 17.45. |
| 18.02.12 | Vi har fått tilbod frå Skei hotell. På laurdag
skal det vere konsert med Deja vu - ein kveld med musikken til Crosby,
Stills, Nash & Young, og vi har sjøvsagt tilbod der
og. Om de ønker å ta med ledsagar, så kjem desse med på same gode
vilkår bridgespelarane får. Hugs å seie at de spelar bridge når de bestiller. Hotellet har telefon 57 72 78 00 |
| 18.02.12 | Endring i kvalifiserte til KM par.
Eg må
ha melding dersom de må trekke dykk frå turneringa. Det vart og endring i totallista etter ein oppdatering frå Florø. |
| 03.02.12 | Divisjonsspelinga i Førde er flytta til Førde ungdomsskule. |
| 31.01.12 | Desse er kvalifisert til KM par som skal vere på Skei 25. og 26. februar. Eg må ha melding dersom de må trekke dykk frå turneringa. |
| 31.01.12 | I alt var det med 67 par i sonespelinga. 55 er med på kvalifisering til KM par og 54 er med på kvalifisering til NM par. Knut Dag Stenevik - Ludvig Langedal hadde høgste prosentscoren. Sjå heile lista |
| 31.01.12 | Det vert 4. divisjon på Leikanger 11. og 12. februar. Spelestart begge dagane vert kl 10. Eg har sendt e-post til dei same som i haust om kva tid de har oversitt. Sjå stillinga etter første helg. |
| 31.01.12 | Det
er 3. og 4. divisjon på Hafstad
vidaregåande skule i Førde 4. og 5. februar. Programmet for 3. divisjon
vert
som første helga med spelestart kl 10.00 begge dagane. For 4. divisjone
vert det berre speling på laurdag, også her med spelestart kl 10.00. Sjå stillinga i 3. divisjon (det er ein korreksjon som ikkje er medrekna enno) Sjå stillinga i 4. divisjon |
| 31.01.12 | Sona på Nordfjordeid vart vunne av Leif Heggheim -
Arnar Kvernevik. Sjå heile resultatlista og spelstensilane. Sona på Sande vart vunne av Knut Dag Stenevik - Ludvig Langedal. Sjå heile resultatlista og spelstensilane. |
| 28.01.12 | Eg skal forsøke å få til live-oppdatering frå sona på Sande. Fram til spelestart vil de berre sjå startlista her. |
| 28.01.12 | Om det er fleire som vil spele på Sande kan de kontakte meg i løpet av dagen på tlf 99503806. Det er og ein plass ledig på Nordfjordeid. Kontakt Knut Skorpen om de ønsker å spele der. Spelestart begge plassar er 10.30. |
| 15.01.12 | Sona i Florø vart vunne av Helge Sæterdal - Ludvig
Langedal. Sjå heile resultatlista og spelstensilane. Sona på Hafslo vart vunne av Gunn Angelskår - Torbjørn Pedersen. Sjå heile resultatlista og spelstensilane. |
| 14.01.12 | Eg skal forsøke å få til live-oppdatering av sona på Hafslo. Fram til spelestart, vil de berre sjå startlista der. |
| 08.01.12 | Ved ein feil vart ikkje invitasjonen til sone par publisert i romjula, men her kan du lese den. De kan melde dykk på til Florø (15. januar), Hafslo (15. januar), Sande (29. januar) eller Nordfjordeid (29. januar): |
| 30.12.11 | Resultat frå juleturneringene: Lerum cup vart vunne av Johnny Gjerde - Arve Bjørn Røneid (heile reultatlista og spelstensil) Gløggbridgen vart vunne av Jo Ketil Hamrum - Sverre Kjos Wenjum (heile reultatlista og spelstensil) Gildeturneringa vart vunne av Jonill Storøy - Leif Arild Lothe (heile reultatlista og spelstensil) Desverre vart spesielt turneringa i Sogndal råka av storm og vegproblem med at ein tredel av dei påmelde ikkje kunne kome. Også Gildeturneringa hadde problem med å få påmeldte. Her må spelarane vere flinkare til å melde seg på når det vert arrangert turneringer. Om ikkje, kan ein fort miste meir av turneringstilbodet. Det er mange nok turneringer som har blitt lagt ned. |
| 20.12.11 | Det vert Gløggbridge på Skjolden i år og på femtedagen klokka fem (altså 29.12 kl 17). Det er påmelding fram til spelestart, men ta gjerne kontakt med Jan Frode på tlf97540906 for å seie at de kjem. |
| 16.12.11 | De kan no melde dykk på til Sogndal BK si juleturnering som skal vere 27. desember. |
| 16.12.11 | Forbundet har lagt ut resultat frå MP-treff. Mandag vart beste par frå krinsen Arne Bøthun - Einar Austbø som deltok i Leikanger BL. Tysdag vart beste par frå krinsen Karl Ottar Rundereim - Roy Arne Landsverk som deltok i Måløy BK. Onsdag vart beste par frå krinsen Terje Stub - Dagfinn Giil som deltok i Florø BK. Torsdag vart beste par frå krinsen Inge Aasen - Leiv Reksten som deltok i Nordfjordeid BK. |
| 16.12.11 | FM par vart vunne av Bjørn Yndestad - Frode Sørdal. Les heile resultatlista og resultat frå Balestrand, Breim, Florø, Førde, Leikanger, Måløy, Nordfjordeid, Sogndal og Vik |
| 07.12.11 | Har du tenkt å kvalifisere deg til KM par i krinsen? No vert reglane for NM par (og all kvalifisering) endra slik at du MÅ vere medlem av ein klubb i krinsen ved årsskiftet, så syt for at medlemskapet er i orden no. |
| 04.12.11 | Gratulerer til Haldor Sunde, Jonill Storøy, Odd Egil
Nygård og Jørund Årdal som vann KM lag. Les heile resultatlista, butler og spelstensilane. Det vart desverre ikkje løpande oppdatering på nett i dag på grunn av feil med bridgemate-systemet. |
| 03.12.11 | Vi skal forsøke med løpande oppdatering frå KM lag. Sjå resultat. |
| 02.12.11 | Vi har no sju lag påmeldt til KM lag, og det er fleire som vil spele, kan de sende meg ei melding i løpet av kvelden. Sjå kampoppsettet for når laget har oversitt. Det vert spela 14 spel pr kamp utan byte. |
| 29.11.11 | Vi har 6 påmelde lag til KM lag, og god plass til fleire. Vi har fått reaksjonar på endringa i måten å kreva inn deltakaravgifta, og at vi -slik NBF også gjer det i dei høgare divisjonane- ville ha inn betaling ut frå talet på personar pr lag. Vi vil gjerne oppmoda til å danna fleire lag, men vi ynskjer ikkje å støyta frå oss bridgespelarar. Vi er ikkje fleire enn at vi treng alle. Krinsstyret har derfor gjort om vedtaket, og avgiftene for å spela KM lag vert som følgjer: 1000 kr for laget, som kan bestå av 4-6 spelarar. 100 kr pr person for kaffi/ te/ vatn i turneringa begge dagar. Betalinga vert krevd inn like før turneringa startar. |
| 25.11.11 | No er det komen innbyding til Gildeturneringa 2011 som skal vere i Førde den 30. desember. Påmelding via NBFData. |
| 24.11.11 | Klubbar som skal spele FM: Leikanger BL, måndag 28. kl 17.45 på fylkeshuset Førde BK, tysdag 29. kl 19.00 på Førdehuset Måløy BK, tysdag 29. kl 18.30 på ASVO Måløy Sogndal BK, tysdag 29. kl 18.00 på kulturhuset Florø BK, onsdag 30. kl 18.00 på Røde Kors bygget Balestrand BK, torsdag 1. på rådhuset Breim BK skal forsøke torsdag 1. Vik BK, torsdag 1. Er det fleire? Gje meg melding, så kjem de og på lista |
| 24.11.11 | No er vi nok påmeldte til at KM lag vert arrangert. Er det fleire som ønsker å spele, kan de melde dykk på via nbfdata også i neste veke. Spelestad er Skei hotell og oppstart er 10.30 laurdag 3. og søndag 4. desember. Det vert spela 96-112 spel i løpet av helga, alt etter kor mange lag som melder seg på. |
| 22.11.11 | Det er no sendt ut invitasjon til klubbane om å spele FM par (fasit) i neste veke. Kontakt meg om andre i klubben skulle hatt informasjonen. |
| 13.11.11 | Sogn og Fjordane 2 - Hoff leiar 3.divisjon ved halvtid.
Sjå resultat, butler og spelstensil Kyrkjebø - Høyvik leiar 4. divisjon. Sjå resultat, butler og spelstensil. Det har vore nokre feilrekningar på listene i 4.divisjon, men resultata i sida over er korrekt om ein ser på oppnådde resultat på kvart spel. Feildublettane som var nevnt under speling i 3. divisjon er teken omsyn til i resultatlista. |
| 09.11.11 | Det er no gått ut invitasjon til KM lag som skal vere på Skei 3. - 4. desember. Påmeldinga via NBFData eller til meg. |
| 09.11.11 | Eg har lagt ut ei fil med bruksanving for ruter slik vi har det i Leikanger. Sjå rutersida. |
| 09.11.11 | Opplysningar om Breim BK er oppdatert. |
| 08.11.11 | Speleplanen for divisjonen i Førde er no klar.
Det vert speling på Hafstad vidaregåande skule med oppstart kl 10.00
begge dagane. Eg ber laga møte opp i god tid. Både 3. og 4. vil følge same tidsplan med 24-spelskampar. |
| 06.11.11 | Det hadde vore kjempefint om vi kunne få eit eller to lag til 4.divisjon i Førde så vi lett kan spele same tidsplan som i 3. Eg har no opna opp att for påmelding fram til onsdag kveld. |
| 06.11.11 | Sogndal, Mardal er i tet etter første helg av 4.divisjon på Leikanger. |
| 30.11.11 | Rorbubridgen 2011 var vunne av Ove Andersbakken - Haldor Sunde. Les heile resultatlista og spelstensilane. |
| 27.10.11 | Knut Skorpen og eg skal sjå korleis ein køyrer Ruter med bruk av bridgemate i lagturneringer fredag 28.11 på Måløy hotell. Er det flere som er interessert, kan de kome innom rundt kl 8 på kvelden. |
| 23.10.11 | Forbundet har gjort ein feil i oppsett av 3.divisjon. Høyanger skal delta i staden for Hafslo/Solvorn |
| 23.10.11 | Hafslo/Solvorn med Jo Ketil Hamrum, Torstein Lomheim, John Inge Fredheim og Nils Friis Fardal vann Sognemeisterskapen for lag. |
| 23.10.11 | Lærdal BL har og teke i bruk ny heimeside. |
| 04.10.11 | Måløy BK har og teke i bruk ny heimeside. |
| 02.10.11 | Eg har no laga klart til påmelding for Sognemeisterskapen for lag som skal vere den 23. oktober kl 11.00. Spelestad fylkeshuset på Leikanger. |
| 02.10.11 | Eg har laga til ei side med tips om bruk av Ruter (sjå venstremenyen). Har du tips om bruk, eller er det ting du lurar på så gje meg melding. |
| 02.10.11 | I
samband med innføring av Ruter, har fleire klubbar fått ny heimeside.
Eg har førebels fått melding om at sida vert teken i bruk av Gulen og
Masfjorden bridgeklubb, Leikanger Bridgelag og Vik
bridgeklubb. Gje meg melding
om det er fleire som nyttar dei nye heimesidene. Eg vil og minne klubbane på at dei må melde frå om kontaktperson vert endra. Det er ein del meldingar som går til klubbane på e-post, og krinsstyret ønskjer ikkje å sende til feil person. |
| 02.10.11 | Rett dato for Rorbubridgen skal vere 29. oktober (før sto det feil dato på desse sidene). Påmeldingsfrist som er 28. oktober. |
| 22.09.11 | Det er no mogleg å melde seg på Rorbubridge i Måløy som vert den 29. oktober. |
| 22.09.11 | Førdeturneringa vart vunne av Leif Arild Lothe - Rolf Helge Myren. Les heile resultatlista og spelstensilane |
| 21.09.11 | Endring i terminlista: Nordfjordmeisterskap, Sunnfjordmeisterskap og Sognemeisterskap for lag er utsett ei veke til 23. oktober. På opprinneleg datoer det turnering i Ålesund |
| 20.09.11 | Meld dykk på til 4. divisjon: Leikanger-pulja 5.-6. november eller Førde-pulja 12.-13. november. |
| 17.09.11 | Det er komen invitasjon til Åsane cup den 24. september. Påmeldingsfrist er tysdag 20. september. Merk at de har eigen pulje for spelarar med maks ruternål. |
| 15.09.11 | Førdeturneringa har framleis plass til fleire. Vis at de ønsker eit turneringstilbod og meld dykk på! |
| 12.09.11 | Invitasjon og påmelding til Førdeturneringa den 17.09. |
| 12.09.11 | Invitasjon til Askrova open den 01.10 (NY DATO!) |
| 12.09.11 | BK Grand freistar å få til ei storturnering i Ålesund 14.10-16.10 |
| 12.09.11 | Klar for nytt bridgeår. Gode nyhende sidan sist: Jonill Storøy og Arild Hoff vann NM Mixlag. Dei spelte på lag med Reidar Johnsen og Liv Bugge. Også god innstas i NM par av Geir Hjelmeland - Geir Hoff som med 14. plass sikra ein ekstra plass til krinsen. Alle resultat av spelarar i krinsen i festivalen kjem. |
| 16.07.11 | Det er endringar i turneringsreglementet frå og med
01.07.11. Det skal vere obligatorisk tenkepause før blindemannen spelar på til stikk 1 (10-15 sekund). Makker til den som opnar i 1 NT, 2 kl, 2 ru, 2 hj eller 2 sp skal forklare kva meldinga betyr med det same medlinga vert lagt på bordet. |
| 22.06.11 | Terminlista for 2011/2012 er klar. |
| 06.06.11 | Krinsen har inntil fem stipend opptil 1400,- til deltakarar på juniorleir eller bridgelærarutdanninga til forbundet. Er du interessert, så kontakt krinsleiar Gunn Angelskår innan 20. juni. |
| 08.05.11 | Sommarbridge i krinsen: Leikanger / Sogndal tysdagar på fylkeshuset på Leikanger kl 18.00 Måløy tysdagar på ASVO Måløy kl 18.30 Førde tysdagar på Førdehuset kl 19.00 Gaupne torsdagar på barneskulen kl 18.30 Breim fredagar på Gordon hotell kl 19.30 |
| 29.05.11 | Forbundet lagar til nybegynnerfestival 28. juli til 30. juli på Lillehammer. Det vert speling, kurs og sosiale samankomster. Festivalen er open for alle som kan litt bridge, men som ikkje har vore med på så mykje tyrneringer. |
| 29.05.11 | Det vert bridgelærarurdanning på Lillehammer 28. og 29. juli. Les meir og meld dykk på. |
| 08.05.11 | Hoff og Knutsen transport / Nistad transport med Arild Hoff, Jonill Storøy, Geir Hjelmeland og Geir Hoff vart beste lag frå Sogn og Fjordane i bedriftsmeisterskapen med ein fin tredjeplass. Les heile resultatlista og spelstensilar på NBFData. |
| 30.04.11 | Det er ikkje så mange som er meldt på til bedriftsmeisterskapen. Er det fleire som ønskjer å spele, kan de melde dykk på fram til 5. mai. |
| 21.04.11 | Geir Hjelmeland - Geir Hoff vann i Angedalen. Sjå heile resultatlista og spelstensil på NBFData. |
| 20.04.11 | Hans Herman Kalhagen - Stig Rune Kjos vann Hafsloturneringa i år. Sjå heile resultatlista med spelstensil. Eg har og fått lagt ut kva som skal vere mogleg å oppnå, om ein kjenner alle korta, i spelstensilen. Her er og oversyn over kva kvart par har funne på (opnast med par 1. klikk på ditt parnummer for å få di liste) |
| 12.04.11 | Styret skal no starte arbeidet med terminlista for neste år. Vi tek gjerne i mot kommentarar og ønskje. Kva har fungert godt, og kva bør vi gjere betre? Gode idear tek vi i mot med takk. |
| 12.04.11 | Det er ein kommentar til
km-par/kvalifisering til NM par på Kristiansand BK sine sider.
Jonill Storøy har kommentert innlegget på Kristiansand sine sider. Les og krinsleiaren sitt svar til kommentaren. |
| 10.04.11 | Gratulerer til Nils Jakob Juklestad som vann KM singel. Les heile resultatlista og spelstensil på NBFData. |
| 10.04.11 | Då er det klart at vi fekk med eit par til NM par
finale på deltaking. Då har krinsen desse deltakarane i par-finalen: Kåre Kvamsdal - Leif Kvamsdal Geir Hjelmeland - Geir Hoff Arild Hoff - Jens Sagevik Hans Herman Kalhagen - Stig Rune Kjos Lykke til på Lillehammer |
| 08.04.11 | Då håper eg at vi har ei endeleg deltagarliste i KM singel. Vi snakkast på Hafstad vgs søndag kl 10.30. |
| 06.04.11 | Då er vi nede i 8 bord til singelfinalen. Og har berre ein igjen på reserveliste. Eg fekk no i kveld avbod frå heile Sogndal, og det meiner eg er lovleg seint! |
| 06.04.11 | Det er no mogleg å melde seg på til påsketurneringa på Hafslo de 20. april. |
| 05.04.11 | Det er komen innbyding til påsketurnering i Angedalen 19. april. No kan de melde dykk på via NBFData. |
| 05.04.11 | Har de tenkt å arrangere sommarbridge? Gje meg ei melding, så skal vi få det opp på krinssidene og til forbundet. |