Ferskingar!

 

Laurdag 7. januar innbyr krinsen og Førde bridgeklubb til turnering for alle dei som har gått kurs i 2005 og 2004.  

I utgangspunktet vil vi at nybegynnarane skal spele med erfarne medlemmer frå sin eigen klubb, men dersom det er vanskeleg, veit vi om mange hyggelege og gode bridgespelarar som gjerne vil spele med nybegynnarane. Dei kan sjølvsagt også spele med kvarandre dersom dei heller vil det.

Spelestad:                      Førde Hotell
Tidspunkt:                     1200-1900
Pris pr. spelar:               
Kr 100,-

Symbolsk premiering.

Etter spelinga blir det felles middag og sosialt samvære på Førde Hotell for dei som vil.

Pris for middag              kr 195,-
Pris for enkeltrom           kr 500,-
Pris for dobbelrom         kr 375,- pr. person.

Påmelding til Jonill Storøy 90989085 eller e-post jonill@hotmail.com eller Lisbeth Yri 90833017 lisyri@online.no Sei frå ved påmelding om du treng makker og om du treng rom.

Kom til Førde og bli kjent med mange nye venner!

PS! Ingen er for ferske så lenge dei har fullført kurset J

Med helsing
NBF Sogn og Fjordane og Førde bridgeklubb