Klubbmeisterskap Sogn og Fjordane 2005

 

NBF Sogn og Fjordane innbyr med dette til klubbmeisterskapen 2005. Dette er ei turnering som klubbane frivillig deltek i. Vi oppfordrar likevel flest mogeleg til å delta, då denne turneringa er ei viktig inntektskjelde for krinsen.

 

Turneringa blir arrangert i veke 48 (28. november – 2. desember). Det er same fasiten som blir spelt alle dagane, så ein kan ikkje delta fleire kveldar.

 

Vedlagt i lukka konvolutt finn de fasitslippar til 24 spel, som må dublerast på førehand.

 

Spelinga kan føregå som ei vanleg klubbspeling med howell eller michell, men det må spelast minst 24 spel. På krinsen si heimeside finn du oppsett for 5 bord for 11-18 par (http://www.bridge-sfj.org/Service/Oppsett%20for%2011-18%20par.htm).

Dersom klubbane treng fleire spel, må dei legge desse sjølve, men desse tel ikkje i resultatet. Ved oversitt gir de 60 % score, dvs. 30 poeng pr. spel (men dersom nokon har høgare snittscore enn 60 %, skal dei ha det same på oversitten også). Ver nøye med utfyllinga, og ta gjerne kontakt dersom de har spørsmål.

 

Det blir ikkje krevd medlemsskap i krinsen for å delta i denne turneringa.

 

Det vert registrert kretspoeng i kvar klubb, avhengig av antal par, samt bonus til dei beste. I totalsamandraget vert det 3 pengepremiar og bokpremiar til dei andre. Det blir også premiar til beste par i kvar klubb, par nærast middel osv.

 

For å telje med i totalsamandraget må det vere minst tre bord, og alle må delta. Det betyr at nokre av klubbane må vurdere å samordne spelinga.

 

Startkontigent pr. par er kr 100,- og det skal betalast inn på krinsen sin konto

3700 26 00375 (merk giroen klubbmeisterskap 2005). Klubben må betale startkontigenten for at spelarane skal telje med i samandraget.

 

Resultata sender de snarast råd til (bruk helst e-post): lisbeth@riccovero.no

 

eller i posten til:

 

Jonill Storøy

v/ Ricco Vero AS

6788 OLDEN

 

Treng de hjelp? Ring Lisbeth: 908 33017 eller Jonill 90 98 90 85 etter kl 1700.

 

Med helsing

NBF Sogn og Fjordane