Her er den felles resultatlista for dei klubbane som deltok i kvalifiseringa. Eg fekk melding frå Hafslo i dag at det ikkje var spelt singel inne i fjorden likevel. Det er dermed 119 deltakarar som har vore med. Dei 40 beste er kvalifiserte til finalen. Om nokon av desse 40 trekkjer seg, går vi nedover lista og supplerer, så vi heile tida har 40. Det er dermed viktig at vi får melding så snart som råd er, om det er nokon som ikkje kan delta på finalen. Vi bed dermed leiarane i klubbane som har delteke sørgja for at det vert sjekka med sine deltakarar, at dei vert med, og gje melding om det, om dei ikkje kan. Alle som ikkje har meldt frå, vert rekna som deltakar. Det er deltakaravgift på 250 kr i finalen. Rekning vert sendt til klubben, som betalar samla for alle kvalifiserte frå klubben. Vi veit frå før at det er mykje som kan inntreffa, så dei som står på lista også eit stykke under dei 40 kvalifiserte, må rekna med at dei kan rykkja opp. Sjekk på krinsen sine heimesider for oppdatert liste! Meld gjerne frå kva erfaringar de har gjort. Etter finalen vil vi evaluera denne turneringa. Takk for fin innsats så langt! Med helsing Gunn Angelskår for Krinsstyret