3. og 4. divisjon i Førde

04.11.05
No hastar det med å bestille rom!!
Vi har fått greie på at ein del av dei som har ringt hotellet har fått beskjed om at det er fullt. Dette skuldast ei misforståing, så er du ein av dei og vil fortsatt ha rom på Førde Hotell? Ring Lisbeth eller Jonill snarast råd, så skal vi sjå kva vi kan gjere.

 

Spelinga foregår på Førde Hotell.

Dei som skal ha rom på hotellet (kr 500 for enkeltrom og kr 375 pr. pers. for dobbelrom) bør forte seg å bestille pga. konsert med Liv Marit Vedvik same helga. Ring hotellet på telefon 57 82 81 10. Sei at du spelar bridge for å få prisane ovanfor.

Sosialt samvær laurdag kveld

På grunn av konserten med Vedvik får vi ikkje fri inngang til Skjenkestova slik vi pleier. Billett kostar kr 200, men vi får den for kr 100. Alle - sjølv dei som bur på hotellet - må betale billett. Her kan det fort bli utselt, så er du linedancefan lønner det seg å bestille fort. (Og er du ein bridgespelande countryelskar som ikkje skal spele divisjon kan du også nytte tilbodet). Kodeordet er også her "bridge".

Til dykk som kan styre dykkar begeistring for hestar og cowboyar - det finst massevis av andre utestadar i Førde!