Km singel
Følgjande klubbar var påmelde:

Leikanger                    24 deltakarar
Sogndal                       12 deltakarar
Førde                          24 deltakarar
Måløy                         32 deltakarar
Balestrand
Gaupne/Skjolden
Vik

Dei 40 beste frå ei felles resultatliste går til finalen som blir spelt i Førde 19. april.

Innbyding og meir informasjon nedanfor.

 

KM Singel Sogn og Fjordane 2009

NBF Sogn og Fjordane kjem no med litt meir informasjon om KM i singel 2009, og ny frist for påmelding til kvalifiseringa: 27.2.. Dette er ei turnering som klubbane frivillig deltek i. Vi oppfordrar likevel flest mogeleg til å delta.

Turneringa blir arrangert i veke 10 (2. - 8. mars). Det er same fasiten som blir spelt alle dagane, så ein kan ikkje delta fleire kveldar.

Kortfiler og fasitlappar til 27 fasitspel vert sendt ut på mail, spela må dublerast på førehand.

 

Spelinga kan arrangerast som ei vanleg klubbspeling , det skal spelast 27 spel. 

Slippar og bordplansjar vert og vedlagt. Klubbane treng difor ikkje eige rekneskapsprogram for singel.

Ved oversitt gir de 60 % score, dvs. 60 poeng pr. spel (men dersom nokon har høgare snittscore enn 60 %, skal dei ha det same på oversitjing også). Ver nøye med utfyllinga.

Det blir ikkje krevd medlemsskap i krinsen for å delta i denne turneringa.

 

I kvalifiseringa vert det gjeve bonus kretspoeng i kvar deltakande klubb, etter skala F2, dersom det er minst 16 spelarar.

Det blir også premiar til beste spelar i kvar klubb.

For å telje med i kvalifiseringa er det nok med to bord, 8 spelarar. Vi oppmodar klubbane å vurdere å samordne spelinga for å koma opp i 16 spelarar. For at alle skal ha muligheiter til å få spelt er det også viktig å gje melding til Jonill (jonill@hotmail.com) når klubben vil arrangere turneringa, så legg ho det ut på heimesida.

 

Av startkontigent pr. spelar går kr 25,- til krinsen og det skal betalast inn på krinsen sin konto 3720.14.91143 (merk giroen KM singel 2009). Klubben må betale startkontigenten for at spelarane skal telje med i samandraget.

 

Resultata sender de snarast råd til gunn.angelskar@enivest.net .

Treng de hjelp? Mail til Gunn eller ring Torbjørn 99503806 ved evt spørsmål.

 

Alle resultat frå fasitspelinga vert samla i ei felles resultatliste. Dei 40 beste kjem til finalen. Dei som spelar, må gje melding om dei berre ynskjer å spela i klubben, elles vert alle rekna som at dei ynskjer å delta i finalen.

 

Finalen er tenkt plassert i Førde 19.4. Til no er det berre 1 påmeldt klubb som ikkje er frå Sogn, og om dette framleis er tilfelle når den nye fristen går ut, er det naturleg å flytta finalen til Leikanger. Data som gjeld uansett spelestad:

Spelestart klokka 10.

Det vert krevd ny startavgift på 250 kr for finaledeltaking.

I finalen vert det spela 62 spel.

Premiering : Pengepremiar til dei 3 beste, mindre gåvepremiar til dei 7 neste.

Kretspoeng  etter tabell F1, dvs 30-20-15-12-9-8-6-5-4-3.

 

Med helsing

NBF Sogn og Fjordane