Lillehammer er i Norge!

 

Eg finn det naudsynt å påpeike dette, fordi det virka som enkelte av deltakarane på bridgefestivalen trudde dei var på langt sørlegare breddegrader:

 

I lunsjpausane var det mange som sette seg på plenen rett ved ein trafikkert veg og kosa seg med medbrakt øl. Ein av dagane kom det to uniformerte politimenn og jaga folk. Om det blei delt ut bøter, veit eg ikkje, men det såg ut til at mange hadde det travelt med å forlate åstedet. Bollar og ølboksar låg strødd utover heile plenen. (Det blei her motbevist at dei fleste bridgespelarar har kroppar som ikkje er bygde for fart.)

 

Dette er IKKJE god reklame, og vi får jammen håpe at ikkje dei som såg dette kobla øldrikkarane med bridgefestivalen.

 

PS! Eg veit ikkje om nokon frå Sogn og Fjordane var blant syndarane.