Nittenåringane Atle Rygg Årdal frå Sandane og Daniel Hilde frå Innvik blei nr. 18 i sitt første NM junior.
Dei er ikkje heilt fornøgde sjølv om dei ikkje hadde ambisjonar om ei topplassering. Etter første dag låg dei nemleg på 8. plass med +61. Sju strake minusrundar til slutt gjorde at dei hamna på –2,3.
Eg syns dei har gjort ein god innsats (det er mange gode spelarar med!), og når vi veit at dei endå har seks år på seg som juniorar, reknar eg med ei pallplassering i NM junior til Sogn og Fjordane om nokre år J