Omvendt minor
Eg har vanlegvis avtalt med mine makkere at etter omvendt minor syner 2 NT balansert minimum og 3 i minorfargen ubalansert minimum. Dette har jo funka på eitt vis, men betyr at ein må hoppe til 3 NT med ei (13)14 hand, og då har det forsvunne nokre meldetrinn... No ser eg at mange av ekspertane brukar 3 i minorfargen som utgangskrav. Er det nokon som brukar dette? Korleis får ein stoppa? Er det andre som har tips til vidare meldingar etter omvendt minor?