For ei veke sidan blei det sendt ut eit referat frå eit styremøte i krinsen til alle klubbar, der eitt av punkta var dårleg oppdatering av heimesida.

 

Referatet kom ei veke etter møtet. Ingen i krinsstyret hadde teke kontakt med meg vedr. dette punktet før referatet blei sendt ut (og heller ikkje før møtet). Eit par av styremedlemmane tok kontakt med meg etter at eg sendte ein mail og spurte kva dette var, og det synte seg at ingen av dei hadde lese referatet. I følge dei eg snakka med var det som står i referatet ikkje meininga til fleirtalet i styret, og dei skulle ta tak i saka fredag i førre veke. Det har ikkje skjedd.

 

Eg tolkar dette slik at styret i krinsen ikkje er fornøgd med arbeidet eg har gjort, og eg legg med dette ned arbeidet.

 

(Det er krinsen som eig serverplassen og passordet for oppdatering skal dei sjølvsagt få av meg. Eg reknar med at dei kjem til å oppdatere sida videre.)

 

Førdesida består: www.fordebridgeklubb.com

 

Jonill

 

PS! Takk til alle dykk som har sendt meg stoff dei siste 6,5 åra.