NORSK BRIDGEFORBUND

ber med dette inn til

 

 

SERIEMEISTERSKAPEN 2005/2006

 

Seriemeisterskapen blir arrangert med 10 lag i første divisjon, 3 x 12 lag i andre divisjon, 18 x 10 lag i tredje divisjon og 36 puljer med 8-12 lag i fjerde divisjon. Sidan Sogn og Fjordane ikkje har lag i 1. og 2. divisjon, tek vi ikkje med informasjon om dette.

 

1. spelehelg 3.-4. divisjon        19.-20. november 2005

2. spelehelg 3.-4. divisjon        4.-5. februar 2006

 

Begge helgane i 3. divisjon vil bli arrangert på Quality Førde Hotell. For fjerde divisjon tek vi sikte på å få til ei pulje i Førde og ei i Sogn slik som tidlegare år.

 

3. divisjon

Fylgjande lag er kvalifiserte til å spele 3. divisjon i Førde: Vikesland, Stai, Gjerde, Hoff, Brede, Sæterdal og Storøy (i tillegg kjem to lag frå Ålesund og eitt frå Bergen). Desse laga må stadfeste deltaking og betale inn startkontigen – kr 3000 pr lag - til krinsen innan 23. september 2005. Det blir krevd spelarlisens for å spele i 3. divisjon. Ein kan enten kjøpe årslisens, eller enkeltlisens for kvar dag. 3. divisjon spelar alle mot alle i kampar a 24 spel.

 

4. divisjon

Det er fri påmelding i 4. divisjon og det blir ikkje krevd spelarlisens. Det er heller ingen begrensning på talet på spelarar på eit lag. 4. divisjon spelar det antal spel som NBF bestemmer når dei ser kor mange lag som melder seg på i dei ulike puljene. Krinsen kan hjelpe til med å setje saman lag. Pris pr. lag er kr 2000,-

 

Påmelding til 4 .divisjon og stadfesting av plass i 3. divisjon må gjerast til krinsen innan 23. september. Send e-post eller ring, og hugs å oppgje namnet på alle spelarane + spelestad (for 4. divisjon):
lisyri@online.no eller tlf. 90833017 etter kl 17
jonill@hotmail.com eller tlf. 90989085 etter kl 17

Innbetaling av startkontigenten skal skje innan same dato til kasserar Kai Lille-Homb, Dalaker, 6854 Kaupanger. Kontonr. 3700 26 00375. Merk innbetalinga med 3. eller 4. div. og namnet på laget.

 

Hotellprisar på Quality Førde hotell:

Rom og frukost pr. person:

Enkeltrom: Kr 500,-
Dobbelrom: Kr 375,-

Sei frå at du spelar bridge når du bestiller.


NBF Sogn og Fjordane