Frå KM singel
Av Gunn Magni Angelskår
| Rundenr 21 | ª KJ8764 | ||
| Spillnr 42(10) | © A | ||
| Giver: Øst | ¨ KJ32 | ||
| Sone: Alle | § 92 | ||
| ª | ª AQ5 | ||
| © KQT7653 | © J | ||
| ¨ Q | ¨ 98754 | ||
| § KJ753 | § AT84 | ||
| ª T932 | |||
| © 9842 | |||
| ¨ AT6 | |||
| § Q6 |
I Km singel-finalen, spel 42 i runde 21, hadde eg Gjert Harald Raae frå Leikanger som makker.
Eg åpna med mine råtne 11 honnørpoeng (er du i tvil, så meld!), i 1 ruter, sør passa, makker svarte 1 hjerter, nord innpå med spar, og eg fann det for godt å melda kløver – motparten kunne godt få lov til å melda seg opp eit stykke i spar, der eg kunne gjera ugagn. Sør støtta i spar, og makker gjekk i tenkeboksen ei lita stund: ruterdama måtte jo vera noko verd sia makker opna i ruter, så om eg hadde essa i minor, var jo han fri for spar, så her måtte det vera muleg å koma langt! Dermed la han ned 6 kløver, og eg som sat og angra litt på både opning og melding nr to, vart speleførar.
Spar kom ut, eg saka ruter i
bordet, på
2 rundar kløver var trumfen ute, og det einaste motparten fekk, var eitt
hjertestikk.
Vanlegvis er det ikkje bra å vera i slem med 2 ess borte, men av og til
går
det bra! Når motparten har meldt og støtta kvarandre i ein farge, er det
ofte
rett av dei å spela fargen ut, så ikkje speleførar skal få tid til å
kvitta
seg med tapar i fargen. Sør kan jo sikra beita med å spela ut ruter ess i
dette tilfellet, men det vil vanlegvis vera feil etter ruteråpninga… Så 9
poeng inn til ein svett speleførar.
| NS... | ØV... | Kontrakt... | .Sp. | Stikk | ....NS. | ....ØV. | ...NS. | ...ØV. | |
| [10] | [31] | 3 Spar D | N | 10 | 930 | 0 | 9,0 | -9,0 | |
| [27] | [28] | 4 Spar | N | 10 | 620 | 0 | 7,0 | -7,0 | |
| [39] | [25] | 3 Spar | N | 8 | 0 | 100 | 5,0 | -5,0 | |
| [30] | [13] | 4 Spar D | N | 9 | 0 | 200 | 2,0 | -2,0 | |
| [11] | [8] | 4 Spar D | N | 9 | 0 | 200 | 2,0 | -2,0 | |
| [2] | [17] | 5 Kløver | Ø | 12 | 0 | 620 | -1,0 | 1,0 | |
| [22] | [26] | 4 Hjerter | V | 11 | 0 | 650 | -3,0 | 3,0 | |
| [24] | [18] | 5 Hjerter | V | 12 | 0 | 680 | -6,0 | 6,0 | |
| [6] | [1] | 4 Hjerter | V | 12 | 0 | 680 | -6,0 | 6,0 | |
| [40] | [38] | 6 Kløver | Ø | 12 | 0 | 1370 | -9,0 | 9,0 |