Styremøte Skei 23.9.2009 kl.
18.
Sakliste:
1.Orientering og krinsleiarsamling i vår.
2.Terminliste. Status.
3. Krinsen sine arrangement hausten 2009
4. Vedtak om plassar i 3.div.
5. Orientering om status i økonomien
6. Rekrutteringsarbeid.
7. Ymse
Til
stades:
Helge
Sæterdal, Kai Lille-Homb, Åsbjørn Hegrenes, Geir Hoff, Torveig Botnen,
Gunn M
Angelskår
Orientering
ved krinsleiar:
Har
delteke på krinsleiarsamling. Ein tok ikkje opp ekskursjonar og dei mest
kontroversielle emna. Det var ein del drøfting rundt utvikling av
bridgen:
sosial bridge og rekruttering.
S &
Fj sin måte å gjera konkurransane tilgjengelege for medlemmene utan å
måtta
reisa så langt (kvalifisering i klubbar og soner) vakte interesse.
Terminliste,
status:
ingen
ting manglar ut frå kva som er meldt til styret. Dato
for påmelding KM lag rettast til 14.10. Ta ein
påminningsrunde til klubbane pr ca 4.10. Legg inn forbundsting og
krinsting på
lista.
Krinsen
sine arrangement
KM lag: talet på spelande lag i sonane avgjer kor
mange som kjem til finalen. Dette er uansett kor mange som evt må
trekkja seg
frå finalen. Arrangørane vert bedne om å senda inn beskjed om det er lag
som
trekkjer seg alt ved innsending av resultatlista frå sonen.
KM par i klubbane endrar namn til FM par
i klubbane.
Divisjonspeling: Sjekk ut krav til
turneringsarrangørar /arrangement frå forbundet. Nedlasting av forbundet
sine
reglement kan gjerast frå http://www.bridge.no/Organisasjon/Nyheter/Seriemesterskapet-info
eller http://www.bridge.no/Nedlastninger/Vedtekter-reglement-instrukser.
Vi må
oppmoda klubbane å stilla lag til 4.divisjon.
Legging
av kort: KM par bør delast mellom kretsen si maskin Leikanger og Førde
si. Førde
tar 4.div i Førde, Leikanger tar 4.div Sogn. KM lag: Leikanger.
Poenghøsten
+ Mp-treff: Leiar lagar påminning og sender ut.
Retningslinjer
for fordeling av plassar i
divisjonssystemet.
1.
Opprykk frå ein
lågare divisjon
Dersom eit lag trekkjer seg etter å ha kvalifisert seg for opprykk frå ei pulje i 4.divisjon til 3. divisjon:
1. Pulja har ein plass for opprykk. Om eit lag som vinn plass for opprykk trekkjer seg eller ikkje er intakt etter forbundet sine reglar, får laget som er på plassen under tilbodet om opprykk.
2. Lag som trekkjer seg frå 3. divisjon
Dersom eit lag trekkjer seg, eller ikkje lenger er intakt etter forbundet sine reglar, disponerer krinsen plassen, og erstattar laget slik:
1) Dersom puljene i 4. divisjon er av ulik storleik, går tilbodet om opprykk til nr 2 i den største pulja.
2) Dersom dei er like mange, vert kvaliteten vurdert, og dei med best kvotient vert tilbydd plassen.
3)Dersom ingen av 2.arane i puljene tek i mot tilbodet, går dette til den beste av dei som rykkjer ned frå 3.div.
4) neste nedrykksplass
5)Er ikkje plassane fylt opp etter dette, står krinsstyret fritt til å tilby plass til eit lag frå 4.divisjon året før som kan møta, for at ikkje talet på lag i 3. divisjon skal verta redusert.
Desse prinsippa vil også vera dei Krinsen vil gå ut frå om det skulle gjelda høgare divisjonar.
Forbundet sine reglar for kva som er eit intakt
lag, finn
ein i Norsk bridgeforbund sitt
turneringsreglement, 4.14.1:
…
Plassene i de tre øverste divisjonene disponeres av kretsene. Kretsen bestemmer hva som skjer med lag som ikke er intakte (minst tre spillere fra forrige sesongs lag medfører at laget er intakt). Intakte lag har krav på sin plass, også dersom kretstilhørigheten endres.
Orientering
om økonomi ved Kai
Vi har
209 700 kr, skuldar ikkje, har lite uteståande.
Fram til
neste møte vurderer vi kva turneringar
vi kan auka premiering på, f.eks ved bruk av gåvepremiar etter dei 3
første.
Rekruttering
*Skjolden
lyser ut kurs. Flott! Vi treng fleire som gjer dette!
Klubbane
kan kontakte Geir om dei treng hjelp ved rekruttering, kurs, materiell
osv.
*Forslag:
Rekrutteringspris mellom klubbar som skaffar
nye medlemmer? Prisen blir at krinsen dekkar kostnad til
juniorleir for to
stk. Geir set opp kriterie for Juniorprisen.Tid: leir i 2010.
*Forslag;
Vi lagar rekrutterings-fane på krinsen sine heimesider, legg inn linkar
til
nedlasting av materiell frå forbundet.
*Forslag
frå Torveig: Bruk av Facebook? Torveig opprettar sida (administrator),
Geir
sender info? Alle kan spela inn. Facebooksida skal ikkje erstatta
krinsen si
heimeside, men vera eit forsøk på supplement.
*Rekrutteringsutvalg:
supplere Geir med medhjelparar frå Nordfjord og Sogn. Forslag Haldor
Sunde og
Jan Frode Bolstad. Leiar sjekkar om dei er villige.
Ymse
Krinsen
bør sjå på ulike typar turneringsformer for å prøva å få revitalisering –
i
tillegg til rekrutteringsarbeidet.
Krinsen
sine heimesider er ikkje alltid oppdatert, GMA sender kopiar av info om
styret.
Leiar føl
opp kontakten med heimesideredaktøren.