Turneringar på BBO for K-medlemer

Etter nyttår startar Ronny Korsmo turneringar på BBO for K-medlemer. Første turneringa blir onsdag 7. januar kl 2030 og deretter kvar onsdag utover året.

Det han treng er namn og brukarnamn og klubb på alle K-medlemmer i klubben din som vil vere med. Han treng også ein person som kan vere med å rettleie pr. bord. Dvs at dersom du har fire k-medlemmer i klubben din, må du ordne ein person som kan vere med og hjelpe til på turneringane. Send opplysningane på e-post til Ronny Korsmo: rk73@online.no. På BBO heiter han STRIK3R.

Dersom det er vanskeleg å finne nokon som kan hjelpe til på BBO, send meg ein e-post: jonill@hotmail.com. Nokon klubbar har sikkert mindre enn fire k-medlemmer og då må vi kunne få det til slik at dei kan dele på rettleiingsjobben med ein annan klubb. Sei frå dersom du har lyst til å hjelpe til også. Nokre timar ein onsdag i ny og ne klarar alle å avsjå.