Så leit...

Eg har ei t-skjorte som det står "Norges fotballhaterforbund" på.  Likevel syns eg det var kjempeleit at Sogndal tapte så mykje mot Ålesund i dag. Kvifor? Fordi ein bridgespelar frå Brattvåg hadde lovd å springe naken gjennom Ålesund sentrum ein laurdagskveld dersom Sogndal slo Ålesund over to kampar... No set eg min lit til at Sogndal vinn 5-1 i Ålesund. Dersom dei gjer det, vil eg gjerne ha beskjed. Alle andre fotballresultat er framleis fullstendig uinteressante.