Valkomiteen har no komme med ei innstilling til nytt krinsstyre. Alle veit at det skal vera krinsting og har hatt moglegheit for å komma med forslag til aktuelle kandidatar. Det er difor veldig overraskande at det har komme så fåe forslag.

Les og høyrer at det blir oppmoda frå fleire hald om at folk skal stille på krinstinget, og dette er jo berre positivt. Det er og bra å få ein debatt rundt dei sakene som folk er opptekne av.

Det er da viktigt å merke seg at dei med stemmerett er:
* Krinsstyret sine medlemmer, eventuelt fungerande varamedlem(mer).
* Klubbleiarar.
* Valde representantar frå klubbar, som skal dokumenterast med fullmakt, etter følgjande
skala:
Inntil 24 medlemmer 1 representant
25 - 50 medlemmer 2 representantar
Over 50 - medlemmer 3 representantar

Så det er viktigt at alle klubbar som sender representantar syter for at desse har fullmakt til å stemme!
Ei av sakene som blir diskutert er plassering av KM-finalane.
Eg er og av den meining at både KM-par & KM-lag godt kan leggast til Skei, det ville nok ha ført til at fleire ville delteke. Dette gjeld jo da særskilt KM-lag, som har hatt ein veldig uheldig trend dei seinare åra. Det å auka deltakinga på denne MÅ vera eitt av hovedfokusa til det nye styret, og eg tvilar på at det let seg gjere så lenge me opprettheld den ordninga me har i dag. Den låge deltakinga er veldig uheldig, nivået på bridgen er i dag altfor lågt i Sogn og Fjordane og det einaste ein kan gjere for å betre dette er at fleire spelar meir. Skal ikkje gløyme at det har vore gjort fleire gode prestasjona av spelara frå fylket seinare år, men me kan bli betre. Og einaste vegen for å bli betre er jo ved å trena, og til betre nivå ein trenar på til betre blir ein sjølv! I tillegg er KM-lag ei god turnering for å få med nye spelara, og det er viktigt å få med unge spelara som vil satse. Desse vil på sikt kunne heve nivået i fylket.

Eg meinar me bør få til meir lagspeling generelt. Dette må vera ein utfordring for kvar sone og arrangere turneringar primært for klubbane i regionen, men sjølvsagt opne for alle andre og!
Ein variant for å få med nybegynnara er å kreve at kvart lag har med minst ein nybegynnar. På denne måten vil laga bli jevnare og alle vil vinne kampar.
Kan sikkert finne på andre former, men fokuset må vera på å få med nybegynnara!

Det er viktigt å skape ein debatt om dette, for så lenge det er ein debatt er det interesse. Og det visa at dette er viktigt for folk, men at dei samstundes ikkje er fornøyde med dagens situasjon. Difor må me bli einige og komma fram til ein løysning som gagnar alle!