|
Sogn og Fjordane krins av NBF |
|
| 29.12.06 | Eg blir vekk til 2. januar. Godt nyttår! |
| 29.12.06 | Eg er litt usikker på om det fantes eit svar på juleoppgåva |
| 29.12.06 | Dobbelsiger til Gulen og Masfjorden i Åsane. |
| 28.12.06 | Frode Holen skriv om eit interessant spel frå Lerum cup. |
| 28.12.06 | Sivert Bakk og Bjørn Morten Halbjørhus vant Lerum Cup. |
| 22.12.06 | God jul! Tilbake 4. juledag. Meld dykk på juleturneringane så lenge. |
| 22.12.06 | No nærmar vi oss løysinga på juleoppgåva… Det måtte ein førdianar til |
| 20.12.06 | Innbyding til Gløggbridge i Skjolden fredag 29.12.06 |
| 20.12.06 | Eg hadde tenkt å seie at svara på juleoppgåva så langt fortel kven som er flittigast i baren, men når eg fekk siste svaret forsto eg at det må vere dei beste blant oss som blir mistenkte for å ha vore statist i Hotel Cæsar |
| 18.12.06 | Her er eit nytt svar og ein ny ledetråd i samband med juleoppgåva. |
| 18.12.06 | Siger til Harald Brekken og Øyvind Instefjord frå Gulen og Masfjorden i MP treffen på tysdag! |
| 18.12.06 | Førjulstid er KJEDELEG når ein verken baker eller
kjøper julegåver før i siste liten (=23.12). Sukk… Er det nokon som kan komme med ei oppmuntring? |
| 17.12.06 | Skal du ha deg ein utanlandstur i januar? Kva med denne? Spa & bridge i Tsjekkia. |
| 15.12.06 | Eg prøver å få tak i fleire resultat frå DFDS cup. Merkeleg nok hugsar eg berre trippelen på pokeren… |
| 15.12.06 | I januar blir det starta bridgelærarutdanning. |
| 15.12.06 | Delt 2. plass til Synnøve og Anders I Balevik i MP treffen på torsdag. |
| 13.12.06 | Sjekk denne her. Fy f…! |
| 13.12.06 | 2. plass til Kristian Vik og Arve Glomnes i MP treffen på mandag og 3. plass til Nils Sverre Fardal og Torstein Lomheim på tysdag. |
| 13.12.06 | Nokon har prøvd seg på juleoppgåva usett. Det er også ei lita endring i oppgåveteksten. |
| 12.12.06 | Innbyding til Lerum cup 27. desember. |
| 12.12.06 | Resultat frå hovudturneringa på englandsbåten. |
| 11.12.06 | 3. runde i NM lag er trekt. |
| 11.12.06 | Ei lita oppmuntring. Dei det gjeld forstår det nok. |
| 11.12.06 | Bra innsats av Sogn og Fjordane på Englandsbåten. |
| 06.12.06 | No reiser eg til Newcastle. Tilbake mandag. |
| 06.12.06 | Stryn 1 (Vik) slo Brattvåg og Søvik i 2. runde i NM lag. |
| 05.12.06 | Førde 3 (Sæterdal) slo Sogndal i 2. runde i NM lag. |
| 05.12.06 | Ei juleoppgåve. |
| 04.12.06 | I dette spelet frå BBO trur eg speleførar måtte bli ordentleg skuffa. |
| 04.12.06 | Oppdatert oversikt over dei klubbane som skal arrangere MP treff denne veka. |
| 04.12.06 | Sandaneturneringa blei dessverre avlyst. |
| 04.12.06 | Førde 2 (Gjertsen) slo Hafslo/Solvorn i 2. runde i NM lag. |
| 01.12.06 | Her er dei klubbane som eg veit skal arrangere MP treff neste veke. |
| 30.11.06 | Dale slo Førde 5 (Hegrenes) i 2. runde i NM lag. |
| 30.11.06 | Innbyding til nyttårsturnering i Aurland 29.12 og til Gildeturneringa 30.12. Påmelding. |
| 30.11.06 | Reidar Johnsen og Sigurd Evjen vant i Lærdal. |
| 29.11.06 | Førde 4 (Gjerde, Angedal, Ness og Hagen) slo Kyrkjebø i 2. runde i NM lag. |
| 27.11.06 | Fylkesmeisterskapen for par i klubbane er utsett til 22.-26. januar. Innbyding kjem. |
| 27.11.06 | Skjolden slo Aurland i 2. runde i NM lag. |
| 21.11.06 | Eg blir vekk til mandag. |
| 21.11.06 | Fylkesmeisterskapen i klubbane som skulle vore arrangert denne veka er utsett til over nyttår. |
| 20.11.06 | Niande plass til Kenneth Skov og Haldor Sunde i parturneringa i Nationals på Hawaii. |
| 20.11.06 | Resultat 3. divisjon, 4. divisjon i Førde og 4. divisjon i Sogn. |
| 16.11.06 | Oddmund Midtbø og Nina Lien har ei bra heimeside. |
| 16.11.06 | Slik ligg det an med lisensar i klubbane i Sogn og Fjordane. |
| 15.11.06 | …Og svaret på gåta var Dale – det hadde dei fleste klart! Slik ligg det an i dei andre klubbane. |
| 14.11.06 | Ei lita gåte på ein tysdag: 20% av medlemmane i Sogn og Fjordane har årslisens. I ein klubb har 100% av medlemmane lisens. Klarar du å tippe kva for ein? Send e-post: jonill@hotmail.com |
| 14.11.06 | Innbyding til hyggeturnering for ferske spelarar i Ålesund 25. november. |
| 14.11.06 | Innbyding til DFDS seaways bridgecup 7.-10. desember. Her er programmet. |
| 14.11.06 | Innbyding til Lærdalsturneringa 25. november. |
| 14.11.06 | Oppsett for 4. divisjon i Sogn. Det tiande laget er på plass! |
| 12.11.06 | Her er stort sett heile historia om fjordingane som har spelt i helga. |
| 12.11.06 | Nye tap for 2. divisjonslaga: Vinjevoll tapte 19-11 og Sæterdal 16-14 |
| 12.11.06 | Uavgjort ved halvtid for lag Sæterdal i helgas siste kamp. |
| 12.11.06 | Dessverre nytt 22-8 tap for lag Sæterdal. |
| 12.11.06 | 19-11 siger til Vinjevoll og co. over Midt-Trøndelag 5, Hornslien. |
| 12.11.06 | Her kan du sjå kva som skjedde med lokale heltar i 1. og 2. divisjon på fredag og i går. |
| 11.11.06 | Litt mindre tap for Helge og co.: 8-22. |
| 11.11.06 | Paul Henning og co. tapte 23-7 mot Oslo 2. Trøsta får vere at eksilførdianar Atle Sæterdal spelar på Oslo 2...No news from the north front.... |
| 11.11.06 | Møre/fjordanelaget ligg under med 9 imp etter første halvrunde mot Oslo 2. |
| 11.11.06 | 16-14 siger til Møre/fjordanelaget og tap 21-9 for Sæterdal-laget. |
| 11.11.06 | Møre/fjordanelaget leder med 7 imp etter 1. halvrunde mot Hordaland 3. |
| 11.11.06 | Møre/fjordanelaget tapte med eitt imp mot Rogaland 1. Ingen nyheter frå Tromsø enda. |
| 11.11.06 | Møre/fjordanelaget leder 30-3 etter 1. halvrunde mot Rogaland 1. |
| 10.11.06 | Dei fire dalane vant 16-14 i sin første kamp (mot Helgeland). |
| 10.11.06 | Møre/fjordanelaget i Trondheim vant 16-14 mot Nord-Trøndelag 2. |
| 10.11.06 | Møre/fjordanelaget i Trondheim leder 29-15 etter 1. halvrunde mot Nord-Trøndelag 2. |
| 10.11.06 | Litt informasjon om divisjonsspelinga som foregår denne helga. |
| 09.11.06 | Til helga er det 1. og 2. divisjon. Sogn og Fjordane har to lag i 2. divisjon. All info. her. |
| 09.11.06 | Oppsett for 4. divisjon i Førde og 3. divisjon i Førde/Ålesund. |
| 07.11.06 | Hjelp! |
| 07.11.06 | 2. runde i NM lag er trekt. |
| 07.11.06 | Førde 1, Hoff slo Florø i 1. runde i NM lag. |
| 06.11.06 | Mot oddsen eller teft? No med kommentar frå han med teften. |
| 06.11.06 | Slik er ståa når ein kamp gjenstår i fylket i 1. runde i NM lag |
| 05.11.06 | Måløy, Nygård (Odd Egil Nygård, Bjørn Yndestad,
Kenneth Skov og Haldor Sunde) vant KM lag. Førde, Yri (Lisbeth, Jonill, Paul Henning og Jørund) blei nr. 2 og Førde, Hoff (Arild, Jens, Geir Hj. og Ivar) nr. 3. Her er resultata. Håpar kortfila kjem seinare. |
| 02.11.06 | Mot oddsen eller teft? |
| 02.11.06 | Kyrkjebø slo Gulen og Masfjorden 2 i 1. runde i NM lag. |
| 01.11.06 | Førde 4 (Gjerde) og Aurland (Johnsen) er vidare i NM lag. |
| 01.11.06 | Her er kampoppsettet for 3. divisjon. |
| 31.10.06 | KM lag blir spelt i peisestova i Førdehuset 4.-5. november. |
| 30.10.06 | Førde 3 (Sæterdal) og Sogndal (Bøe) er vidare i NM lag. |
| 27.10.06 | På grunn av dårleg påmelding er Sandaneturneringa utsett til 3. desember. Påmeldingane står, så de må melde dykk av hvis det ikkje passar. |
| 26.10.06 | Slått ut av NM lag? Ikkje fortvil heilt endå. Nokre av dei tapande laga går vidare likevel. Du kan følge med her korleis laget ditt ligg an i kampen om dei ledige plassane. |
| 26.10.06 | Stryn x 2 slo Måløy x 2 i 1. runde i NM lag. Her er butler og spelestensilar frå kampane. |
| 26.10.06 | Førde 2 (Gjertsen) slo Skjolden (Bolstad) 64-48 i 1. runde i NM lag. |
| 26.10.06 | Leikanger (Pedersen) slo Førde 5 (Hegrenes) 79-68 i 1. runde i NM lag. |
| 24.10.06 | Skal du tidleg opp i morgon? |
| 24.10.06 | 13 lag i KM lag 4. og 5. november . Her er dei som er påmelde. Vil du melde deg på? |
| 23.10.06 | Sjur Bøe og Paul Henning Loen vant jubileumsturneringa på Kaupanger. Her er bilete. |
| 20.10.06 | Dale slo Balestrand i 1. runde i NM lag. |
| 18.10.06 | Fjord Line Cup 7.-10. desember har skifta namn til DFDS seaways bridgecup. |
| 16.10.06 | Vik slo Høyanger i 1. runde i NM lag. |
| 16.10.06 | Innbyding til Sandaneturneringa søndag 29. oktober. Her kan du melde deg på. |
| 16.10.06 | Dårleg Sogn og Fjordane innsats i Åsane. |
| 16.10.06 | God Sogn og Fjordane innsats i lagturneringa på Otta. |
| 12.10.06 | No må de melde dykk på til jubileumsturneringa 21. og 22. oktober. |
| 12.10.06 | Eg blir vekk til mandag. Skal til Åsane. |
| 12.10.06 | I dag begynner European champions cup. Vinnarane av 1. divisjon er med. |
| 11.10.06 | KM lag blir 4. og 5. november. Her er dei som er påmelde. Vil du melde deg på? |
| 11.10.06 | Nokon som har funne resultata frå lagturneringa på Otta? Send meg ein e-post. |
| 09.10.06 | Puljeoppsett for SM damer. Meld dykk på slik at vi får ei pulje i Førde. |
| 09.10.06 | Fjord Line cup 7.-10. desember er no blitt DFDS cup. Turneringa går som planlagt trass i at Fjord Line ikkje lenger har Englandsbåten. Det kjem meir informasjon i løpet av veka. |
| 09.10.06 | Lag Hubi (Haldor Sunde, Kjell Gaute Fyrun, Terje Lie og Espen Kvam) vant lagturneringa på Otta. Her er resultata frå parturneringa. Resultat frå lagturneringa kjem seinare. |
| 09.10.06 | Odd Egil Nygård og Leif Magne Hole vant rorbubridgen i Måløy. |
| 06.10.06 | Lykke til de som skal til Måløy i morgon (misunneleg). Eg er tilbake på mandag. |
| 06.10.06 | Her er trekninga for 1. runde i NM lag. |
| 05.10.06 | Jan Frode Bolstad ser lyst på helga. |
| 04.10.06 | Slik såg det ut i Førde bridgeklubb 26. september. |
| 04.10.06 | Ei god nyhet. |
| 04.10.06 | No er det to lag frå Sogn og Fjordane påmeldt til SM damer. Vi treng minst eitt til. Ta kontakt med nokon i krinsstyret snarast hvis du vil vere med. |
| 03.10.06 | Påmelde til NM lag frå Sogn og Fjordane. |
| 03.10.06 | Påmelde til SM. 4. divisjon i Sogn har no ni lag og Førde har åtte. |
| 03.10.06 | Berre eitt lag frå Sogn og Fjordane er påmeldt til SM damer. Kan vi gjere noko med det? |
| 03.10.06 | Påmelde til NM lag frå Sogn og Fjordane. |
| 02.10.06 | Lag Hubi (Espen Kvam, Terje Lie, Arnt Vaagsæther, Haldor Sunde og Kenneth Skov) vant BK Grand si haustturnering. |
| 02.10.06 | Her er ei flott side med masse system og anna bridgestoff. |
| 02.10.06 | Rygg startar oppatt spelinga 3. oktober kl 19 i Runnevang. |
| 02.10.06 | 4. divisjon er i boks. No er det åtte lag både i Sogn og i Førde. Eg antar det betyr at puljene er sikra og at det går an å melde seg på sjølv om fristen er ute. Påmelde til SM. |
| 29.09.06 | No hastar det med påmelding til divisjonsspelinga. 2. og 3. divisjon er fulltallige og 4. divisjon i Sogn har 7 lag, men 4. divisjon i Førde… Uff! No må de melde dykk på, ellers er eg redd vi mister pulja. Her er dei som er påmelde til no. |
| 27.09.06 | Eg har fått ein ide… skrekk og gru… |
| 27.09.06 | I kveld kl 19 startar det vidaregåande kurs på BBO. |
| 25.09.06 | Atle Rygg Årdal og Daniel Hilde blei nr. 18 i NM junior. |
| 21.09.06 | NM junior blir spelt i helga. Vi heier på Daniel Hilde - Atle Rygg Årdal frå Innvik og Sandane og Åsmund Lyslo Bøe – Magne Olav Reme frå Innvik. |
| 19.09.06 | Dagbladet gjeninnfører bridgespalten. |
| 16.09.06 | Hafslo/Solvorn startar spelinga tysdag 19. september kl 18 i kantina i Fellesbygget. |
| 13.09.06 | Kjeder du deg? Her er nokre avisartiklar om bridge. |
| 13.09.06 | Spelesugen? Det skal vere turnering på Haramsøya i helga. Det er ikkje så langt… |
| 11.09.06 | Geir Helgemo og Lars Blakset vant Hecht Cup. Her er resultat og bulletiner. |
| 10.09.06 | Eg spurte Kristian Vik kva han hadde balt med i forrige runde… 12 kort, sukka han. |
| 10.09.06 | Arild Hoff og Jonill Storøy vant Førdeturneringa. |
| 10.09.06 | Gaupne har bytta dag til torsdag. Spelestad som vanleg Pyramiden kl 1830. |
| 08.09.06 | Oppsettet for 1.-3. divisjon er klart. Sjekk at kaptein og kontaktinformasjon er rett. |
| 07.09.06 | Her kan du sjå tv-innslag frå bridgefestivalen. |
| 07.09.06 | Hecht cup startar i morgon. |
| 04.09.06 | Vik startar opp att torsdag 14. september på Dampen. |
| 04.09.06 | Sande startar opp att fredag 15. september kl 19 på Sande kro. |
| 02.09.06 | Innbyding til rorbubridge i Måløy laurdag 7. oktober. Påmelding. |
| 01.09.06 | Påmeldingsfristane til NM lag og divisjonsspelinga nærmer seg. Det er på tide å finne lagkameratar! Påmelding NM til NBF og divisjonen til krinsen. |
| 01.09.06 | Sogndal startar spelinga tysdag 12. september kl 18 i kulturhuskafeen. |
| 30.08.06 | Klubbane er i ferd med å starte spelinga igjen. Eid har begynt (torsdagar), Stryn begynner mandag… Kva med dykk andre? Send meg ein e post. |
| 30.08.06 | Innbyding til organisasjonsdagar 23. og 24. september. Nyttig for alle tillitsvalde. |
| 28.08.06 | Norge blei nr. 3 i open klasse i EM og er kvalifisert for VM i Kina neste år. Damene blei nr. 10. |
| 28.08.06 | God innsats av Sogn og Fjordane para i Ulsteinvik. Haldor Sunde og Kenneth Skov vant A-pulja og Hilmar Kråkenes og Einar Grønnevik vant B-pulja. |
| 24.08.06 | Ulsteinvik neste! Eg er tilbake mandag. |
| 24.08.06 | Bråk i den svenske landslagsleiren. |
| 22.08.06 | Årets trivlegaste bridgehelg, seier Jan Frode Bolstad. |
| 22.08.06 | Helge M. Erdal i Samnanger bridgeklubb fortel at dei har kjøpt bridgemate og har hatt spelanalyse i fleire år. |
| 22.08.06 | Det var sjølvsagt eg som tok feil, og ikkje Deep Finesse! |
| 20.08.06 | Men her tok Deep Finesse feil. |
| 18.08.06 | Sjekk resultatoppdateringane frå EM på den polske sida! Eg er stum av beundring :-) |
| 17.08.06 | Prisvinnande spel frå Lillehammer: Ricaprisen og beste spel i festivalen. |
| 16.08.06 | Dette ser kjempemorsomt ut: Bridge, fisketur og fest på Nordkapp og i Honningsvåg 15-17. sept. |
| 16.08.06 | NB!! Førdeturneringa blir laurdag 9. september på Angedalen skule. Innbyding. |
| 15.08.06 | Noko å sjå fram til: Fjord Line cup 7.-10. desember. |
| 15.08.06 | Førdeturneringa blir laurdag 9. september på Førde ungdomsskule. Innbyding. |
| 13.08.06 | Marianne Harding og Boye Brogeland kjem med daglege oppdateringar frå EM her. |
| 12.08.06 | I morgon startar EM i Warzawa med to norske lag (open og damer). BBO sender direkte. |
| 11.08.06 | Krinsen gir stønad til reise på rekrutteringsseminar i Ulsteinvik 25. august. |
| 10.08.06 | Lokale resultat i bridgefestivalen. |
| 09.08.06 | Synnøve Balevik gjorde reklame for bridgefestivalen på NRK. |
| 08.08.06 | Innbyding til bridgeweekend og rekrutteringsseminar i Ulstein 25.-27. august. Kanskje møter du ein forvirra romsdaling... |
| 07.08.06 | Skryt frå Nordfjord til Bergen. |
| 07.08.06 | Paul Henning Loen og Frode Holen blei nr. 2 i NM monrad lag saman med Lasse Holen (bror, ja) og Bjørn Buer. Gratulerer! Før siste runde var dei nr. 7, men 23 i siste kampen var nok til å kapre andreplassen med god margin. |
| 27.07.06 | No reiser eg til Lillehammer og blir vekk til neste mandag. Du kan følge med dei lokale heltane her eller live på BBO (NM mix, monrad par, NM par og monrad lag). |
| 27.07.06 | Førdeturneringa blir laurdag 9. september. |
| 26.07.06 | No kan du begynne å planlegge hausten. Her er terminlista for sesongen 2006-2007. |
| 21.07.06 | 13 par frå ni ulike klubbar i Måløy på tysdag. Rekord? |
| 14.07.06 | 40 sogningar og fjordingar er påmelde til NM veka på Lillehammer så langt. Her er dei. Berre tre personar har meldt seg på til tre turneringar. Kven blir førstemann som prøver seg på fire??? |
| 11.07.06 | Krinsen fyller 60 år i år og det blir feira med jubileumsturnering 21. og 22. oktober. |
| 09.07.06 | Svenske jenter på 17 og 24 år vant junior VM! Dei norske para blei nr. 7 og 8. |
| 28.06.06 | Til alle juniorar. |
| 28.06.06 | Er du like uinteressert i fotball som meg? Her kan du følge med på mixen i SIB. |
| 28.06.06 | Til alle juniorar. |
| 26.06.06 | Terje Lie og Kåre Kristiansen vant A-pulja i SIB. |
| 22.06.06 | Helgemo-Helness er verdensmeistrar i bridge! |
| 20.06.06 | Geir Hjelmeland og Ivar Lunde vant i Norevikane. No med fullstendig resultatliste. |
| 19.06.06 | I 1975 vant Arne Lothe og Kjell Sande frå Syver’n vestlandsmeisterskapen. Sjå kva BT skreiv. |
| 19.06.06 | Sognefjellsmeisterskapen 2006. |
| 16.06.06 | Landslaget er tatt ut. |
| 15.06.06 | Klassisk svindel. |
| 15.06.06 | Nokon av utvala er på plass. |
| 14.06.06 | Kjeder meg! Er det ikkje nokon som har noko morsomt å fortelje??? |
| 12.06.06 | Her er endeleg resultata frå Storefjell. |
| 12.06.06 | Frå hausten av blir det nokre endringar i NM lag. |
| 08.06.06 | I helga er det forbundsting. Her er dokumenta. |
| 08.06.06 | VM begynner i morgon. Du kan følge med på nettet. |
| 06.06.06 | Jubileumsturneringa i Florø er avlyst pga for lite påmelding. |
| 06.06.06 | Fullt oppstyr om landslaget. Les om det her og her. |
| 02.06.06 | Skal til Storefjell – tilbake på tysdag. |
| 31.05.06 | Eg har oppdatert nokre historieresultat igjen. Her er oppgåva til deg. |
| 30.05.06 | Golf og bridge – noko for deg? |
| 29.05.06 | Innbyding til Norevikturneringa laurdag 17. juni. |
| 29.05.06 | Innbyding til Sørlandets internasjonale bridgeuke 24.-29. juni. |
| 27.05.06 | Arnar Kvernevik og Leif Heggheim vant i Hennebygda. Legg merke til 4. plassen! |
| 26.05.06 | Ein og annan fjording har teke turen til Tromsø og Polarbridgen. |
| 26.05.06 | Sjå her. Stemmer det for klubben din? Send meg ein e-post hvis ikkje. |
| 24.05.06 | Innbyding til bridgeweekend i Ulstein 25.-27. august. På fredagen er det rekrutteringsseminar og lynbridge. |
| 23.05.06 | Fordelingskast kan av og til vere noko drit! |
| 20.05.06 | Tom Kenneth Kristiansen fortel om to plassar til der ein kan spele gratis på nettet. |
| 20.05.06 | Kontaktinformasjon på styret er oppdatert. |
| 18.05.06 | No er det ei veke til NM lag starter. |
| 13.05.06 | På grunn av ei omlegging hos NBF (eller einkvan) har ganske mange resultat blitt borte. Dataekspertane (les: Odd Egil) finn dei kanskje att. Finn du noko som manglar? Send meg ein e-post slik at vi veit kva vi skal leite etter... |
| 12.05.06 | Oversikt over sommerbridgen i landet. Sei frå til NBF om klubben din mangler. |
| 12.05.06 | Gunnar Kjørvik har gjort meg merksam på at resultata frå KM singel mangler i årsmeldinga. |
| 10.05.06 | Skal du arrangere turnering i sesongen 2006/2007? Fristen for søknad om forbundspoeng er 20. mai. Her er søknadsskjemaet som du fyller ut og sender til Sjur. |
| 09.05.06 | Her er årsmeldinga for 2004 og 2005 slik den vart godkjent av tinget. |
| 09.05.06 | NM junior er flytta frå NM veka til Trondheim 23.-24. september. |
| 09.05.06 | Her er endeleg løysinga på motspelsprøva. |
| 08.05.06 | Onsdag kan du spele bridge i Hornindal. |
| 08.05.06 | Sogn og Fjordane fekk ein plass på deltaking og har totalt fått tre plassar i NM par i år. |
| 08.05.06 | Referat frå krinstinget 2006. |
| 07.05.06 | Her er det nye styret i Sogn og Fjordane bridgekrins. |
| 07.05.06 | Synnøve Balevik og Arnstein Menes vant tingspelinga. |
| 04.05.06 | Innbyding til 60-års feiring i Florø BK. |
| 03.05.06 | Innbyding til blømingsbridge i Hennebygda 27. mai. |
| 02.05.06 | Set av helga 9.- 11 juni for då skal Florø bk feire sine første 50 år. Innbyding kjem straks... |
| 01.05.06 | Stig Rune Kjos og Jonny Gjerde blei nr. 5 i 1. mai turneringa på Skodje. |
| 30.04.06 | Sakspapira til krinstinget 2006. |
| 29.04.06 | No kan du melde deg på til NM. |
| 28.04.06 | Fosnavåg (Jørund Årdal, Haldor Sunde, Arthur Westbø og Oddbjørn Vinjevoll) tapte 38 - 106 for Bodø BK i 6. runde i NM lag etter å ha lege under 19 - 71 ved halvtid. |
| 27.04.06 | Manglar du lesestoff? Her kan du laste ned dei ti siste utgåvene av Dansk bridge. |
| 25.04.06 | Dette spelet frå bedriftsmeisterskapen var ganske sørgeleg. |
| 24.04.06 | 28 par i Briksdalen på fredag. Are Morten Sunde og Tor Arne Egge frå Stryn vant. |
| 24.04.06 | Sogningane markerte seg mest på bedriftsmesterskapen på Fagernes. |
| 24.04.06 | Førde tapte for Narvik i 6. runde i NM lag. |
| 19.04.06 | Innbyding og påmelding til 1. mai turnering på Skodje. |
| 15.04.06 | Bilete av nokon av premievinnarane i KM mix. |
| 13.04.06 | Arnstein Menes og Anders I. Balevik vant i Hafslo (takk til Odd Egil som fant resultata!). |
| 13.04.06 | Leif Heggheim og Arnar Kvernevik vant i Angedalen. |
| 07.04.06 | Innbyding til krinsting 7. mai. Etter tinget blir det som vanleg ei lita turnering. |
| 06.04.06 | Spennande NM lag finale i Kristiansand 25.-28. mai. |
| 05.04.06 | Ein motspelsprøve som du må løyse før påsketurneringane startar :-) |
| 02.04.06 | Toril Anita Espe og Helge Sæterdal vant KM mix. |
| 30.03.06 | Bridge i palmehelga? Kva med Olrud? |
| 29.03.06 | Stryn og Luster har kåra kommunale meistrar. Her er nokre bilete frå Stryn. |
| 28.03.06 | Fosnavåg fekk forsterkningar frå Nordfjord for å slå ut Bergen AK 1 i 5. runde i NM. Her er referat. |
| 27.03.06 | Ny tur til Nord-Norge for Førde i 6. runde. Det gjekk fint i fjor, så vi kryssar fingrane for reprise! |
| 26.03.06 | Førde, Hoff (Arild og Geir Hoff, Jens Sagevik og Geir Hjelmeland) slo BAk, Halvorsen 101-97 i 5. runde i NM lag. |
| 24.03.06 | Norge i semifinalen i stor juniorturnering i Nederland. |
| 23.03.06 | Endeleg nokon som bloggar om noko fornuftig! |
| 22.03.06 | Masse tenåringar på turnering i Ålesund. Kva kan vi gjere for å få til det same her? Balestrand har nokon svært unge juniorar, og her er litt informasjon om kva dei har gjort og vil gjere. |
| 22.03.06 | Kjedeleg søndag? Du kan sjå 5. runde kampen mellom Kristiansand og Gjøvik Vartdal på BBO. |
| 20.03.06 | 4. og 10. plass til Sogn og Fjordane i 1. divisjon for damer. |
| 20.03.06 | Det har vore bridgekurs både på Eid og i Hornindal i vinter. |
| 16.03.06 | Berre to NM plassar til fylket så langt. Eg reknar med vi får den tredje på deltaking. |
| 15.03.06 | 21. mars blir det starta nybegynnarkurs på BBO. |
| 15.03.06 | Her kan du melde deg på til påskebridge i Angedalen 11. april og i Hafslo 12. april. |
| 14.03.06 | Til helga er det 1. divisjon for damer med fem sogningar og ein sunnfjording i aksjon. |
| 14.03.06 | Spelestensilar frå KM par. |
| 12.03.06 | Arild Hoff og Jens Sagevik vant KM par. |
| 10.03.06 | Ein kar med fleire talent: I morgon skal Atle Rygg Årdal spele KM i bridge og seinare i år skal han vere med på OL i matematikk. |
| 08.03.06 | Oppsettet for divisjonsspelinga 2006/2007 er klart. Eitt andredivisjonslag og eitt tredjedivisjons-lag må på tur. Dei andre må spele her i fylket. 4. divisjonspuljene blir sett opp etter påmelding. |
| 08.03.06 | Innbyding til KM mix 2. april.Her kan du melde deg på. |
| 08.03.06 | Siste nytt om KM par til helga med tidsskjema og startliste. |
| 07.03.06 | Tidsskjema for KM par. Her er oppdatert oversikt over dei som skal spele. |
| 01.03.06 | Innbyding til bedriftsmeisterskapen 21.-23. april. Her kan du melde deg på. |
| 28.02.06 | Har klubben din fem medlemmer under 26 år? |
| 27.02.06 | Skal du bestille rom på Førde hotell til KM par finalen blir 11. og 12. mars? Les dette. |
| 27.02.06 | Meisterpoenga for 3. og 4. divisjon og fylkesmeisterskapen er registrert. |
| 22.02.06 | Synnøve Balevik og Kåre Knutsen tok en klar siger i den 44 par store Kieler-cup. Gratulerer! |
| 21.02.06 | Geir Hjelmeland og Geir Hoff vant Høyangerturneringa. |
| 21.02.06 | Berre eitt lag frå fylket igjen i NM lag etter at både Kyrkjebø og Førde, Sæterdal tapte for sterke Bergenslag. Førde, Hoff slo Førde, Gjertsen og skal møte Bergen AK 3, Halvorsen i 5. runde. |
| 15.02.06 | KM par finalen blir 11. og 12. mars i Førde. |
| 15.02.06 | Eg blir vekk til tysdag. |
| 15.02.06 | Ta ein pause frå OL-sjåinga på laurdag og meld deg på til Høyangerturneringa 18. februar. |
| 14.02.06 | Korleis er det å vere 11 år og spele i klubben for første gong? Gratulerer til Balestrand BK som har gjort ein imponerande jobb med rekrutteringa! |
| 12.02.06 | Siste helga i 1. divisjon frå Kristiansand BK sitt synspunkt. |
| 10.02.06 | Etter mykje styr: Her er runderesultat, sluttresultat og butler (for 2. helga) for 4. divisjon i Førde. Her er korta, men les dette først er du snill. |
| 10.02.06 | Butler for 2. helga i 4. divisjon på Leikanger. Her er butleren for 1. helga. |
| 07.02.06 | Her er resultatlista frå 4. divisjon. |
| 07.02.06 | Innbyding til juniorleir på Gjøvik 17.-19. mars. |
| 06.02.06 | Her er nokre bilete frå divisjonen i Førde. Eg håpar verkeleg resultata frå 4. div. kjem i morgon... |
| 05.02.06 | Lag Sæterdal (Helge Sæterdal, Jarle T. Årdal, Ludvig Langedal og Leif Kvamsdal) vant 3. divisjon i Førde. Her er alle resultat og butler frå 3. divisjon. Bilete frå Førde kjem i morgon. |
| 05.02.06 | Lag Balevik (Synnøve Balevik, Anders Balevik, Kåre Knutsen og Arnstein Menes) vann 4. divisjon i Sogn og Førde/Syver'n (Øystein Vasset, Rolf Myhren, Leif Arild Lothe og Arve Stig Damstuen) vant i Førde. Her er bilete av dei glade vinnarane på Leikanger. |
| 02.02.06 | 4. og 5. mars er det samling på Gardermoen for tillitsvalde i klubbar og krinsar. |
| 01.02.06 | To månadar til, så er det vår!!!!!!!!!!!! Her er bilete frå sona i Vadheim. |
| 31.01.06 | Skal du spele divisjon i helga og kjem tidleg til Førde på fredag? Det er speling på Sande kl 1900. |
| 31.01.06 | Sogn og Fjordane 24, Høyland blei nr. 2 i 4. divisjon i Bergen. |
| 29.01.06 | Ivar Engelstad og Knut Fammestad vant sona på Eid. |
| 29.01.06 | Asbjørn Nordgulen og Magnar Ulvatn vann sona i Vadheim. |
| 29.01.06 | Møre og Romsdal 2 (Årdal, Sunde, Skov, Vinjevoll) blei nr. 3 i 2. divisjon. |
| 28.01.06 | Fortsatt ikkje gode nyheiter frå 2. divisjon. |
| 28.01.06 | Ikkje gode nyheiter frå Bergen, dessverre... |
| 28.01.06 | Møre og Romsdal 3 ligg under med 15 imp i 1. halvrunde i 2. kampen i 2. divisjon. |
| 28.01.06 | Tap for Antix-laget og storsiger til Sunde/Årdal i 2. divisjon. Eg har resultat frå 4 kampar. |
| 27.01.06 | Resultat frå poenghøsten i Kyrkjebø/Høyanger. |
| 27.01.06 | I morgon startar 2. divisjon. Ingen lag frå fylket, men nokon spelarar har blitt med på andre lag. |
| 27.01.06 | Fantastisk påmelding til sona på Eid. Elendig i Vadheim. Påmeldingsfristen er ikkje ute, så dersom du har lyst til å spele kort er det ikkje for seint... |
| 25.01.06 | 4. og 5. februar er det 4. divisjon på Leikanger
og i Førde
og 3.
divisjon i Førde. Slik låg det an etter 1. helg: 3 divisjon, 4. divisjon i Førde og 4. divisjon på Leikanger. |
| 25.01.06 | Har du lyst til å sjå gamle BBO overføringar? Gratis, underhaldande og lærerikt. Kan det bli betre? |
| 24.01.06 | Rett skal vere rett - ein av kappane gjekk: Randi Nyheim gjorde eit godt kjøp i auksjonsturneringa! Ellers fekk Martin Ivar og Arve Henden premie i A. Mester derimot...huff! |
| 23.01.06 | Kappane gjekk ikkje for sogningar og fjordingar i Bergen i helga. |
| 17.01.06 | Nokre bilete frå sona i Hafslo. |
| 16.01.06 | Trekninga for 4. runde i NM lag er klar. |
| 15.01.06 | Anders Balevik og Arnstein Menes vant sona i Hafslo. |
| 15.01.06 | Geir Angedal og Jarle Ness vant sona i Florø. |
| 15.01.06 | Førde 4 (Helge Sæterdal, Ludvig Langedal, Jarle Årdal, Leif Kvamsdal) er i 4. runde i NM lag. |
| 14.01.06 | Skal du melde deg på sona i morgon? No må du ringe - ikkje send mail eller bruk NBF data. |
| 13.01.06 | Arnt Ola fekk skikkeleg dreisen på dette motspelet på BBO. |
| 11.01.06 | John-Eldar Pedersen har ei god bridgeside. Han er nylig blitt forbundsautorisert tevlingsleiar. |
| 10.01.06 | Førde 1 (Arild Hoff, Jens Sagevik, Geir Hjelmeland og Geir Hoff) slo Leikanger i 3. runde i NM lag. |
| 10.01.06 | 19. januar blir det arrangert fadderturnering i Bergen. Les meir her. |
| 09.01.06 | Fullstendig resultatliste og spelestensilar frå ferskingen. |
| 08.01.06 | Kyrkjebø (Trond Jentoftsen, Arild Høyvik, Odd Eriksen, Trond Berg) slo Måløy i 3. runde i NM lag. |
| 08.01.06 | 15 par i ferskingen. Eirik Trontveit og Geir Hoff frå Førde vant. |
| 05.01.06 | Førde 3 (Jan Gjertsen, Morten Søreide, Rolf Myren og Øystein Vasset) er i 4. runde i NM lag. |
| 05.01.06 | Denne irriterande situasjonen har vi alle vore i... Finst det ei løysing? |
| 04.01.06 | Juniorbridgen i Norge har fått eiga heimeside. |
| 04.01.06 | Hugs å melde deg på turneringane framover: ferskingturnering 7. januar i Førde. Her kan du melde deg på. Sona i Hafslo og Florø 15. januar eller Eid og Vadheim 29. januar. |
| 01.01.06 | Her er bilete frå Gildeturneringa. |