Sidan det vert etterlyst spel på nettsida til krinsen, kan eg bidra med dette, sjølv om det LANGT ifrå er noko pris-spel:
|
|
K D x x |
|
|
|
|
|
|
|
E |
|
Meldingane gjekk uforstyrra:
|
Nord |
Syd |
|
Pass |
1 kløver (presisjon 16+) |
|
1 hjerter |
2 ruter |
|
3 kløver |
4 NT (blackwood, kløver som trumf) |
|
5 ruter (0 eller 3 ess) |
6 kløver (faen ta 1430) |
I eit sporadisk makkerpar som i tillegg prøver ut presisjon kan det skje litt mystiske ting... Dette skjedde ein klubbkveld på Hafslo den 6.januar:
Underteikna sat sør, og tykte korta voks inn i himmelen etter 3 kl frå makker, så 4nt syns eg såg naturleg ut. Med 2 ess og kløverdame/lengde er vel 7 kl nedbrett. Sjølsagt hadde makker ingen av desse denne kvelden, og då var me allereie for høgt når me brukte 1430bw. Renonsar og slikt hadde ingen av oss tenkt på korleis me skulle melde...
Uansett; eg banna stilt og slengde 6kl i bordet utan særleg nøling.
Vest, ein eksordførar busett på Hafslo som skal få vera anonym, trudde naturleg (?) nok at eg hadde kontroll på kva som skjedde, og såg ingen grunn til å spela ut hjerteresset sitt. Spar kom ut, og til og med underteikna klarte då å spele heim slemmen utan særlege vanskar. At siste stikket kom på ruter 7 var jo heller ikkje å forakte :-)
Det var kun 2 par som "klarte" å melda denne slemmen. Det var dei to para som påropa seg å spela presisjon. Resultatet vart 12 stikk begge stader...