Han hadde blitt finta før…

 

I ein av dei største klubbane i fylket, fekk tevlingsleiaren ei ganske snål tilkalling.

 

Speleførar spelte knekten frå handa opp mot E K fjerde i bordet. Nestemann tenkte vel og lenge før han la ein liten. Speleførar turde no ikkje anna enn å gå opp på esset!! Når dette synte seg å vere feil (dama sat hos han som hadde tenkt – sjokk, sjokk), tilkalte han tevlingsleiar og forlangte å få stikket tilbake.