Litt flaks skal ein ha....
Spelet er frå ei av sonene i år, men aktørane skal få vere anonyme...
| Nord Ingen |
9 5 4 E kn 2 K 9 5 4 9 8 6 |
|
| E kn 7 2 9 8 5 kn 2 E K 7 2 |
10 8 3 10 7 6 E 8 6 D 10 5 3 |
|
| K D 6 K D 4 3 D 10 7 3 kn 4 |
Nord og øst passa og syd skulle finne på ei opning i 3. hand. Etter systemet skulle han opne i 1 ruter, men han var i det kreative hjørnet og bestemte seg for å opne i 1 hjerter i staden (betre farge). Det var berre det at på grunn av tyggis i meldeboksen, låg plutseleg 1 spar på bordet. Nord løfta til to spar, og syd kunne ikkje akkurat starte nokon redningsaksjon no, så han passa også.
Vest spelte glad og fornøgd ut ruter knekt som fekk gå rundt til speleførar si dame. I stikk to spelte oppfinnaren i syd ruter til kongen og esset i øst. Han tenkte det var på tide å prøve kløveren, så no kom det tre rundar kløver som speleførar stal på handa og spelte ein ruter mot nieren i bordet. Vest stolte på makker og kasta ein kløver, men øst var dårleg makker og klarte ikkje å ta seg av ruter ni. Speleførar skunda seg å ta tre gonger hjerter før nokon kom på at dei skulle kaste den fargen. Han var inne i bordet tredje gongen, og spelte spar til dama og esset i vest. Vest hadde stort sett berre spar igjen, og blei nødt til å returnere fargen.I bordet låg ni-fem i spar og speleførar hadde singel konge. Øst var ganske lei dette spelet, og tok det kortet som sto nærmast tommelen: Spar ti. Stillinga er no:
| Nord Ingen |
9 - 5 - |
|
| kn 7 - - - |
8 - - 10 |
|
| - 4 10 - |
Syd spelar no enten hjerter eller kløver. Uansett kva vest gjer vil syd få eit stikk for spar ni i bordet og vinne kontrakta..
Ein ivrig kar kom bort og lurte på kva dei hadde spelt. "To spar med åtte", var svaret. "Å, fekk du heim den? Eg sleit fælt, men måtte gå ei beit"...Andre vegen!