Frå bridgespalta i
Firda 24. mars 2000 – skrive av Dagfinn Lauritsen.
Ein viktig egenskap
ved bridgebordet vil alltid vere at du er i stand til å bruke dei
opplysningane
som motpartens meldingar gjev deg. Dette gjeld ikkje berre når spelinga
tek
til, men like mykje når du og din makker skal avgjere dykkar eiga
kontrakt, og
kva for ei hand kontrakta eventuelt bør vere på.
Vi skal sjå på eit
spel frå Førde bridgeklubb for nokre veker sidan der Arild Hoff – Jens
Sagevik
utnytta dette maksimalt og melde slem i ruter sjølv om ein hadde kun 19
poeng
til saman.
|
|
- |
|
|
E K 9 6 3 |
|
D kn 10 7 |
|
|
8 5 4 2 |
|
Vest åpna spelet i
første hand med 1 spar. Nord dobla som viste firekorts motsatt major. No
hoppa
øst til 3 kløver som skulle vere solid trumfstøtte til åpningshanda, men
elles
ei begrensa hand. Syd dobla for å halde åpent, samtidig som doblinga
benekta
hjertertilpass. Vest melde 3 spar og Jens Sagevik i nord melde no 4
ruter. Syd
kunne no sjå at nord var renons i spar og med singel hjerter melde syd 6
ruter
direkte. Dette var ein svært god slem som ikkje baud på nemneverdige
problem å
spele. Alt motparten fekk var eit kløverstikk etter at speleførar tok
dobbelfinessa
i fargen.