Autoforumprisen?
Av Gunnar Kjørvik
Gjeld den
etter
speling på OK bridge, og etter grisemelding?
Nok om det. Odd Raad og eg hadde ei av
fleire
økter på OK bridge. Vi hadde fått kollosalt med imp, og det påverka
vel
meldingane. Motparten var brukbare spelarar, men vi sat litt i draget.
| |
D 10 4
E D 8
kn 6 5 3
K 8 2 |
|
E 8 3
7 5
D 9 8 7 4
6 4 3 |
|
K kn 9 6
9 4 3 2
E K
E D 7 |
| |
7 5 2
K kn 10 6
10 2
kn 10 9 5 |
|
| Vest (Odd) |
Nord (Ediesysem) |
Aust (Gunnar) |
Syd (Berynger) |
| |
|
|
Pass |
| Pass |
1 ruter |
X |
Pass |
| 1 spar |
Pass |
4 spar |
Pass |
| Pass |
Pass |
|
|
Odden rekna med at eg hadde 4-3 i major,
så han
tok sjansen på 1 spar. Eg dobla i staden for å melde 1 NT, og etter at
Odden
tilsynelatande hadde synt firekorts spar, tykte eg at med 4-4 i spar
og rette
korta måtte 4 spar vere gode greier. At Odden berre hadde 3 spar
var litt
uventa :-)
Nord spelte ut ruter 3 som gjekk til
bordet sitt
ess. Odden spelte ny høg ruter og fortsette med liten trumf til esset.
Kløver
3 frå handa gjekk til dama, og så fridde han seg med liten hjerter.
Inne på
dama spelte nord ruter 6. Odden kasta liten kløver i bordetog
syd stal
med spar 5 og spelte spar 2 oppatt som gjekk til 10 og knekt. Odden
fridde seg
med ny hjerter som gjekk til åttaren i nord. Nord spelte no ruter
knekt som
gjekk til dama på hand Syd saka hjerter knekt. Odden fortsette med
ruter til
spar dame i nord og spar konge i bordet. Hjerter 9 gjekk til spar 8 og
kløver
4 til esset. Det tiande stikket fekk han på trumf ni.
Kanskje ikkje så spektakulert, men veldig
artig
når det sit rett, og til hyggelege +9,48 i imps :-)
Mens Odden spelte hadde eg skrive ei
lengre
utgreiing om kva eg tykte han burde meldt, men sjølve speleføringa tok
berre
nokre sekund, og før eg fekk sukk for meg var spelet over, så eg berre
sletta
meldinga!