Trumfen 2-2, ein kutt, dobbel eliminasjon og innspel

Av Jan Frode Bolstad

Eit spel frå Gaupne forrige torsdag. Du har fått utlevert:

AJ
Axx
K10xx
xxxx

og opnar 1 rut som er beste minor. Makker går i boks, og etter ein kjapp Blackwood er du kommen i 6 ruter. ”Eg gjekk tom for meldinger” sa makker, og la ned:

Qxx
Kx
ADxxx
AJx

 Jodå! Eg håpa att andre hadde gått to beit i 6 NT, for eg kan greie meg med ei i 6 ruter.

Men det var jo artig om det sat fint og då….

Liten hjerter i utspel som eg stakk i bordet og la ned ned to store trumf for å gardere mot 4-0 sits. Sparkutt, og eliminasjon av begge majorfargane, før ein liten kløver mot bordet.

Er ikkje lett for han med Qx i kløver å legge dama no, for det er einaste beitemulegheit, bortsett frå å spele ho ut. Han slapp inn på dama etter eg tok for kløver ess, og måtte spele til dobbeltrenons!

 Jo den stod den på trumfen 2-2, ein kutt, dobbel eliminasjon og innspel!!

Var nesten slik eg spelte, bortsett frå at eg vart inne på feil hand, og gjekk ei beit, men salen gjekk to i 6 NT.