Vanskeleg melding

 

Det er lagkamp. Motparten er i ugunstig sone og meldingane går slik:

 

Vest

Nord

Øst

Syd

2 spar (svake to)

Pass

Pass

???

 

 

 

 

 

Kva melder du?

 

-
E 9 7 6 5 4
E K kn 9 7 3
E

 

Sei gjerne litt om korleis du tenkjer deg meldingane vidare også.

 

Her er svara:

 

Dag Inge Torgersen og Espen Forberg er samde:

 

4 Ruter viser 5 ruter + 5 hjerter, og er sjølsagt utgongskrav.
Makker preffar eller cue'ar, 4 NT direkte er RKCB med ruter som trumf..
Med desse superkorta ville eg gått mot slem uansett kva makker måtte finne på..

 

Odd Egil Nygård står på:

 

Melder 5 spar, makker melder vel som forventet 6 kløver som eg korrigerer til 6 ruter.Dersom makker no ikkje korrigerer til 6 hjerter med meir hjerter enn ruter må eg berre bytte han ut med en som forstår kor vilt eg melder.

 

Knut Dag Stenevik:

 

2S        P        P        Dobling av syd

 

3 kløver kan forventes av nord. Med de to røde fargene blir det utgang og sleminteresse vibrasjonene ikke å stoppe.

Vi tar utg. punk i 3 kløver av nord, og neste melding av syd blir 3 hjerter som viser sterk hand med minst 5 korts hjerter. Nord får følgende alternativer:

Men det er vel noen trollskapskort som dukker opp i nord :-)

 

Jepp, det var nokre trollkort i nord. Eg trur neppe nord vil bruke mange sekund på å passe to spar dobla med møkkakorta han har og motparten i ugunstig sone. Slik var nord sine kort:

 

9 8 7 6 5
K D
3 2
D 9 8 7

 

Ruterdama sat dobbel bak, og hjerterfargen 3-2, så mindre enn 12 stikk var det heilt umogeleg å få. I 2 spar blei det 2 dobla beit, noko som monna lite mot 1010 på andre bordet. Eg trur moralen må vere å enten vere gal som Odd Egil J eller avtale med makker at 4 ruter betyr det som Dag Inge og Espen seier.