Nyhende

07.05.13
Hafslo/Solvorn BK har fått seg facebookside
06.05.13
Ingen stor suksess for laga frå krinsen i bedriftsmeisterskapen på Fagernes. Best av våre vart Industrigutane Høyanger (Terje Høyvik - Sven Ove Råsberg - Jan Helge Stølen - Hroar Kleiven) med in 6.plass. I velkomstturneringa vart Gunn Magni Angelskår - Torbjørn Pedersen nr 2.
06.05.13
Fredag 14.06 kl 18.00 vert det sosial turnering på Heimlund i Innvik. Det vert skilting så de finn lokalet. Startkontingent kr 250,- inklusive mat og kaffe. Kontaktperson Per Morten Grøsvik tlf 41170712. Haldor Sunde er spelande turneringsleiar. Dei kan ta påmelding fram mot spelestart, men vil gjerne ha melding tidlegare, spesielt på grunn av serveringa.

Det er avtale med Viking Camping tlf 57874175 om de ønskjer overnatting.
28.04.13
Gratulerer til Mariusz Amerek som vann KM Singel. Les heile resultatlista og spelstensilane.
27.04.13
Vi er 9 bord til KM singel. Det vert oppstart kl 10.30 på Fosshaugane campus, og vi speler tre spel i runden til kl 19.00 eller 60 spel, alt etter kva som kjem først.
27.04.13
Forbundet har laga til ei liste over fordelar til medlemmane.
19.04.13
Det er kjekt at no er vi over minstegrensa for KM singel, så den vert arrangert. Og det er framleis god plass til fleire om du lurer på å melde deg på.
16.04.13
No har vi fått vedtak frå NBF, og vi får plass på grunn av stor deltaking. Ludvig Langedal - Magne Svardahl er kvalifisert for parfinale.
13.04.13
Det er stilt spørsmål om krinsen sin praksis med å spele sonemeisterskap som kvalivisering. Les forbundet sitt skriv, og les krinsstyret sitt svar. Vi får vente til måndag for å sjå kva resultatet vert.
11.04.13
KM singel vert spela på Fosshaugane Campus 2. etg - inngang hovedinngangen mot "gymnaset".
07.04.13
Det er lagt ut innbyding til KM singel som skal vere i Sogndal den 28. april. PÃ¥melding via nett, e-post eller SMS til 99 50 38 06.
06.04.13
KM Mix/KM Senior er avlyst på grunn av liten påmelding.
01.04.13
KM Mix/KM Senior vert på Hafstad vidaregående skule. Og det er framleis god plass til fleire.
28.03.13
Sjur Arne Bøe - Terje Garseg vann i Angedalen. Sjå heile resultatlista og spelstensilane.
Hans Herman Kalhagen - Stig Rune Kjos vann på Hafslo. Sjå heile resultatlista og spelstensilane.
27.03.12
Eg skal forøke å få live-oppdatering frå turneringa på Hafslo. Sjekk resultat på klubben si side under resultat
17.03.12
Vi skal i år prøve å arrangere KM Mix og KM Senior (alder 60 +) som ei turnering.

Det vert premiering til beste fjerdedel mix-par og beste fjerdedel seniorpar. Om eit par kan stille i begge klassane, kan dei og vinne premie i begge klassane. Om vi får minst 8 par i ein klasse, vil det vere ein ekstrapremie til beste paret som får refundert påmeldingsavgift i klassen i NM. Paret må då vere intakt.

Det vert speling i Førde den 7. april. Spelestart vert kl 10.30.

Meld dykk på på nett
, send meg ein e-post eller SMS til 99503806.
06.03.13
Påskebridgen i Angedalen vert 26. mars. Les innbyding og meld dykk på.
02.03.13
Det vert forbundspoeng på Hafsloturneringa i år. Dato vert 27. mars. Les innbyding og meld dykk på.
24.02.13
Gratulerer til Sjur Arne Bøe - Mariusz Amerek som vann KM par. Kvalifiserte til NM par er Leif Arild Lothe - Odd Egil Nygård og Robert Hæreid - Kåre Kvamsdal. Ludvig Langedal - Magne Svardahl må vente og sjå om vi får eit tredje par med i finalen.
23.02.13
Følg med KM par
22.02.13
Eg har fått nokre sjukdomsforfall i dag, og vi er nede i 22 par. Vi skal då spele 21 rundar a 5 spel, 37 minutt pr runde. Oppstart begge dagar vil vere 10.30, (med atterhald om at vi klarar å halde tidsplanen). Vi vert ferdig omlag kl 19.00 på laurdag og omlagkl 16.00 på søndag.
21.02.13
Førebels program for KM par til helga: Vi skal spele 25 rundar a 4 spel, 30 minutt pr runde.
Oppstart begge dagar kl 10.30. Slutt laurdag kl 19.00 og premieutdeling søndag kl 16.10. Det vert ein matpause på omlag 30 minutt kl 14.00 laurdag og 13.30 søndag.
16.02.13
No er ventelista tømt. Vi minner om at det er mogleg å stille med ein annan som har vore med på sonespeling om makker ikkje kan. Eg har høyrt om fleire som kan vere interessert. Gje meg melding (epost eller sms) om du finn makker.
11.02.13
Sjå lista over kvalifiserte til KM par (oppdatert pr 22.02) som skal vere på Skei hotell 23. og 24. februar. Om de ikkje kan stille, må de sende meg ein e-post eller ein SMS til 99503806
11.02.13
Sjur Arne Bøe - Mariusz Amerek hadde best score i sonespelinga. Sjå hele lista.
10.02.13
Sogndal - Mardal med Mardal, Barsnes, Rørstadbotten og Brandshaug vann 4.divisjon avd 14 på Leikanger.
10.02.13
Eg har laga til ny resultatliste for 4. divisjon på Leikanger.
05.02.13
4. divisjon på Leikanger vert halde etter same programmet som første helga med spelstart begge dagane kl 10.00. Einaste endringa vert at Vik får oversitt siste kampen på laurdag og Skjolden/Leikanger får oversitt siste kampen på søndag.
05.02.13
3. divisjon vart vunne av Møre og Romsdal 7. Beste laget frå krinsen vart Sogn og Fjordane 8 med Henden, Henden, Henden, Reksten, Loftesnes og Henden på tredje plass.
4. divisjon avd 13 vart vunne av Høyanger med Solheim, Solheim, Sæbø, Austrheim og Osen.
01.02.13
Følg med på 3. divisjon og 4. divisjon i Førde
01.02.13
Ein liten endring i tidsplanen for divisjonsspelinga i helga. Vi startar laurdag kl 10.00 og sødag kl 09.30. Vi vil spele fem halvrundar på laurdag og fire på søndag. Vi vil då vere ferig på laurdag omlag kl 18.30 og ha premieuteling på søndag kl 16.00
31.01.12
3. og 4. divisjon skal spele på Hafstad vidaregåande skule i helga. Oppstart begge dagar vert kl 10.00. Laurdag er vi ferdig omlag kl 20.00 og søndag omlag kl 15.00.
27.01.13
Sona på Nordfjordeid vart vunne av Arve Henden - Martin Ivar Henden. Les heile resultatlista og sjå spelstensilane.
25.01.13
KM par er flytta til helga 23. - 24. februar
25.01.13
Vi må desverre avlyse sonespelinga på Sande på grunn av for få påmeldte. Det vil framleis vere mogleg å melde seg på speling på Nordfjordeid fram til kl 16.00 i morgon laurdag.
24.01.13
Vi høyrer rykte om at Svein Høyland vil ha makker til Sande.
24.01.13
Det er ikkje for seint å melde seg på til sonespeling Nordfjordeid eller Sande. Frist er utsett til 25.01.
Spesielt for spelinga på Sande, må vi få fleire påmeldte.

De kan og kontakte Knut Skorpen (tlf 90 61 13 55) for Sande eller meg (tlf 99 50 38 06) for Nordfjordeid.
24.01.13
Sjur Arne Bøe - Mariusz Amerek vann sona på Hafslo. Les heile resultatlista og spelstensilane.
Leif Arild Lothe - Odd Egil Nygård vann sona i Florø. Les heile resultatlista og spelstensilane.
17.12.12
Det vart seks klubbar som deltok i FM par. Best vart Arild Hoff - Geir Hjelmeland, Førde med 62,1 %. Les heile resultatlista og spelstensilane.
17.12.12
Eg har fått melding om at Rygg BK melder seg ut av krins og forbund. Om nokon av medlemmane framleis ønsker å spele turnering, må de melde seg inn i ein annan klubb.
13.12.12
Og no har eg fått resultat frå Balestrand. Resultatliste med seks klubbar.
13.12.12
No har eg fått result frå Hafslo i FM par. Resultatliste med fem klubbar
13.12.12
No har eg og fått resultatet frå Florø i FM par. Resultatliste med fire klubbar
12.12.12
Det er lagt ut invitasjon til sonespeling 2013. Sonespeling er kvalifisering til KM / NM par
Meld dykk på Florø 13. januar
Meld dykk på Hafslo 13. januar
Meld dykk på Sande 27. januar
Meld dykk på Nordfjordeid 27. januar

Vi gjer merksam på at vi må ha minst 12 par påmeldt for å arrangere ein sone.
12.12.12
Invitasjon til romjulsbridge i Førde 29. desember, påmelding via nett.
Invitasjon til romjulsbridge i Sogndal 27. desember, påmelding via nett.
12.12.12
Då har eg fått resultatfil frå Leikanger, Førde og Måløy. De kan lese resultatlista med tre klubbar. (spelstensilane kjem seinare)
11.12.12
Av ein eller annan grunn vil ikkje web-serveren sende filer med etternamn bri eller dup. Eg har difor lagt alle tre kortfilene til fm inn i ei pakka fil.
29.11.12
FM par er utsett til veka 10.12 - 14.12. Nytt i år, er at det ikkje vert fasit, men vanleg parturneringsberekning for å lage samanlagtresultat. For å få til dette, er det eit krav at klubben nyttar Ruter til denne turneringa. Les innbyding og framgangsmåte. Last ned filer for dubleringsmaskin (BRI-formatDUP-format, DLM-format).
25.11.12
WT med Haldor Sunde, Jarle Torbjørn Årdal, Jonill Storøy og Odd Egil Nygård vann KM lag. Best på butleren vart Haldor og Jarle Torbjørn.
23.11.12
Oppsettet for KM lag er no klart. Vi er sju lag påmeldt, og startlista er satt opp med trekking. (Leikanger har fått oversitt første kamp då Knut vil ha hjelp med datateknisk i oppstarten). Vi skal forsøke oppdatering undervegs.
16.11.12
Det er få rom igjen på Skei hotell, så de må vere snar om de vil ha overnatting. Booking via internett er stengt. De må ringe 57728700 for å bestille.

Det er no 7 lag påmeldt, og då vert det turnering. Eg har opna for meir påmelding fram til og med torsdag.
11.11.12
Romerike 2 leiar 3. divisjon og Høyanger leiar 4. divisjon etter første helga.
09.11.12
No har eg laga til oppsett for 4. divisjon i Førde. Så langt har eg 9 lag, og då vert det oversitt.
09.11.12
Eg skal lage til liveoppdatering frå 3. og 4. divisjon i helga (om ikkje nettet på Hafstad vgs er nede).

Følg 3. divisjon  4. divisjon
07.11.12
Det er no gått ut invitasjon til KM lag som skal vere på Skei 24. og 25. november. Påmelding på web, eller på e-post til meg.
04.11.12 Ikkje så stor suksess for 2.divisjonslaget fyrste helga med ein 12. plass.
04.11.12 Sogndal - Mardal leiar etter fyrste helga i 4.divisjon på Leikanger og Tor Henning Mardal - Øyvind Barsnes er best på butleren.
03.11.12 Liveoppdatering frå 4. divisjon på Leikanger
01.11.12 Program for divisjonsspelinga er no klart:
4. divisjon Leikanger 3. - 4. november
3. divisjon Førde 10.-11- november, (kampoppsett på forbundet sine sider)
4. divisjon i Førde vil følge same tidsplan som 3. Det vert framleis arbeidd for at vi skal sleppe oversitt, så eg har ikkje laga til kampoppsett enno.

Det skal vere mogleg å følgje med resultata i 2. divisjon (lag Hoff) 2. - 4. november
04.10.12 Det er komen innbyding til Rorbubridgen den 27. oktober. Det er ny spelestad i år, Kvalheim grendahus, og Odd Egil skryt veldig av utsikta. I godt ver kan han nesten sjå heimekampane til Liverpool. Påmelding via nett.
04.10.12 Leif Arild Lothe - Odd Egil Nygård vann Førdeturneringa. Sjå heile resultatlista og spelstensilane.
07.09.12 Forbundet har lagt ut puljeoppsettet for 1. - 3. divisjon. Førdepulja i 3. divisjon får besøk av eit lag frå Møre og Romsdal og eit lag frå Romerike.
07.09.12 Det er no mogleg å melde seg på til 4. divisjon på Leikanger (3.-4. nov / 9.-10. feb) og til 4. divisjon i Førde (10.-11. nov / 2.-3. feb). Alternativt kan de melde dykk på epost til meg eller på sms til 99503806.
27.08.12 Det er komen innbyding til Førdeturneringa som skal vere 22. september. Påmelding.
27.08.12 Det vart desverre ikkje så gode resultat i NM par som eg har lagt ut. Beste frå krinsen vart Arild Hoff - Leif Kvamsdal med ein 30. plass.

Eg har og korrigert resultatsida med at eg har lagt till Kåre Knutsen - Tor Hildre, Balestrand BK som fekk 36. plass i NM Monrad par. Resultata frå kveldsturnering 7 er og komen til etter at eg publiserte første gong.

Takk til Per Christian Gjerde og Synnøve Balevik som har sagt i frå om feil.
11.08.12 Bridgefesivalen er no over. Av gledelege resultat har vi 13. plass i NM par til Arild Hoff - Leif Kvamsdal, og siger til Haldor Sunde i Patton. Eg har laga til ei side med alle resultata til medlemmane i krinsen. Gje meg melding om det er nokon eg har oversett eller om eg har satt opp feil plassering eller poeng. For komplette resultatlister kan de sjå fesivalsidene.
17.06.12 Styret har kome med forslag om ny terminliste. Vi tar gjerne inn kommentar på lista.
17.06.12 Det har vore ekstraordinært krinsting med val av ny leiar og omrokkering av verv i styret. Det nye styret er:
Leiar Knut Skorpen
Sekretær Åsbjørn Hegrenes
Kasserer Kai Lille-Homb
Organisasjonsansvarleg Jan Frode Bolstad
Rekrutteringsansvarleg/ungdomskontakt Herold Kråkenes
Turneringsansvarleg Torbjørn Pedersen

Vara 1 Edvard Tonning
Vara 2 Gunn Angelskår

Kva skjer

Dei neste fem frå terminlista


apr
28 KM singel
mai
3-5 Bedriftsmeisterskapen
9-13 Finale NM lag
aug
2-10 Bridgefestivalen

Webhotell for dette nettstedet levert av WebHostingProf.com. Vær så snill klikk her for å lære mer.