Denne sida vil ha nokre tips om bruk av Ruter. Gje meg ei melding om du har funne ut ting du ikkje trur at andre har, eller om det er ting du lurar på.
Det er nokre enkle brukarrettleingar på norsk på forbundet sine sider
Det er komplette brukarrettleingar på svensk på Svensk bridge sine sider
Det er komplette brukarrettleiingar på engelsk på Thomas Brenning sine sider
Sidene til Svensk bridge og Thomas Brenning har ikkje god rekkefølgje på tema.
Ein kan lage til faste makker-par i Ruter. Då er berre naudsynt å leggje inn den eine i paret i startlista, og den andre kjem automatisk.
Dette gjer ein ved å klikke på knappen "Søk spiller" (tilgjengeleg i fleire vindu). Søk fram spelar, anten på medlemsnummer eller på formatet etternamn, (eit komma-teikn) førnamn. Klubben sine spelarar kjem først i lista over treff, så det er ikkje naudsynt å skrive mange teikn i søkjet. Vel spelaren og klikk Rediger. Det kjem då opp ein dialogboks der ein mellom anna kan registrere normal makker.
For at ein skal kunne få til automatisk registrering av klubbpoeng, må ein, i startlista, søkje fram spelarane frå det innebygde spelarregisteret. Dette gjer ein ved anten å skrive inn medlemsnummer i NBF eller å skrive inn namnet til spelaren på forma etternamn, (eit komma-teikn) førnamn. Ein kan forkorte etternamnet og/eller førnamnet. Til dømes kan ein søkje opp Gunn Angelskår med å skriv inn ang, g (ein finn då og t.d. Geir Angedal). Klubben sine medlemmar er alltid lista opp først i treff-lista.
Når klubb-kvelden er over, vel ein Rapportere turnering under Turneringsmenyen og klikkar OK. Ein må passe på at det haka av for Mesterpoeng og ranking.
Denne fila brukar eg i Leikangar som bruksanvisning for oppstart og gjennomføring av klubbkvelden. NB! Leikanger speler med dublerte kort (alle borda speler dei same spella i same runden) og utan bridgemate. Om ein spelar howel-turnering eller brukar bridgemate, er litt forskjellig. Eg hadde tenkt å legge inn meir i fila, men dette er så langt eg er komen og til vanleg nok for å gjennomføre kvelden.
Eg har ikkje sett at det er mogleg å rapportere inn forbunds- eller krinspoeng automatisk (enno?).
Ein vel Rapportere turnering under Turneringsmenyen. Det er ikkje naudsynt å endre opplysningar i dialogen som kjem opp, berre klikke OK. Då vert resultata publisert på klubben sine sider hos forbundet. Adressa til denne sida er http://bridge.no/"klubbnr" (for Leikanger BL vert dette http://bridge.no/1556). Klubben sin leiar (webansvarleg) må ha merka av at ein ønskjer å nytte heimeside via forbundet på klubben sine administrasjonssider.
Om ein har eigen plass for klubben sine heimesider, kan ein ta vekk haka for "send via FTP". Det vert då laga til ei side (htm-fil) i mappa "Ruter - utboks" og ein kan laste denne opp på klubben sitt område.
Dei neste fem frå terminlista
apr | |
---|---|
28 | KM singel |
mai | |
3-5 | Bedriftsmeisterskapen |
9-13 | Finale NM lag |
aug | |
2-10 | Bridgefestivalen |