Logg 2011

30.12.11 Resultat frå juleturneringene:

Lerum cup vart vunne av Johnny Gjerde - Arve Bjørn Røneid (heile reultatlista og spelstensil)
Gløggbridgen vart vunne av Jo Ketil Hamrum - Sverre Kjos Wenjum (heile reultatlista og spelstensil)
Gildeturneringa vart vunne av Jonill Storøy - Leif Arild Lothe (heile reultatlista og spelstensil)

Desverre vart spesielt turneringa i Sogndal råka av storm og vegproblem med at ein tredel av dei påmelde ikkje kunne kome.

Også Gildeturneringa hadde problem med å få påmeldte. Her må spelarane vere flinkare til å melde seg på når det vert arrangert turneringer. Om ikkje, kan ein fort miste meir av turneringstilbodet. Det er mange nok turneringer som har blitt lagt ned.
20.12.11 Det vert Gløggbridge på Skjolden i år og på femtedagen klokka fem (altså 29.12 kl 17). Det er påmelding fram til spelestart, men ta gjerne kontakt med Jan Frode på tlf97540906 for å seie at de kjem.
16.12.11 De kan no melde dykk på til Sogndal BK si juleturnering som skal vere 27. desember.
16.12.11 Forbundet har lagt ut resultat frå MP-treff. Mandag vart beste par frå krinsen Arne Bøthun - Einar Austbø som deltok i Leikanger BL. Tysdag vart beste par frå krinsen Karl Ottar Rundereim - Roy Arne Landsverk som deltok i Måløy BK. Onsdag vart beste par frå krinsen Terje Stub - Dagfinn Giil som deltok i Florø BK. Torsdag vart beste par frå krinsen Inge Aasen - Leiv Reksten som deltok i Nordfjordeid BK.
16.12.11 FM par vart vunne av Bjørn Yndestad - Frode Sørdal. Les heile resultatlista og resultat frå Balestrand, Breim, Florø, Førde, Leikanger, Måløy, Nordfjordeid, Sogndal og Vik
07.12.11 Har du tenkt å kvalifisere deg til KM par i krinsen? No vert reglane for NM par (og all kvalifisering) endra slik at du MÅvere medlem av ein klubb i krinsen ved årsskiftet, så syt for at medlemskapet er i orden no.
04.12.11 Gratulerer til Haldor Sunde, Jonill Storøy, Odd Egil Nygård og Jørund Årdal som vann KM lag. Les heile resultatlista, butler og spelstensilane.

Det vart desverre ikkje løpande oppdatering på nett i dag på grunn av feil med bridgemate-systemet.
03.12.11 Vi skal forsøke med løpande oppdatering frå KM lag. Sjå resultat.
02.12.11 Vi har no sju lag påmeldt til KM lag, og det er fleire som vil spele, kan de sende meg ei melding i løpet av kvelden. Sjå kampoppsettet for når laget har oversitt. Det vert spela 14 spel pr kamp utan byte.
29.11.11 Vi har 6 påmelde lag til KM lag, og god plass til fleire.

Vi har fått reaksjonar på endringa i måten å kreva inn deltakaravgifta, og at vi -slik NBF også gjer det i dei høgare divisjonane- ville ha inn betaling ut frå talet på personar pr lag. Vi vil gjerne oppmoda til å danna fleire lag, men vi ynskjer ikkje å støyta frå oss bridgespelarar. Vi er ikkje fleire enn at vi treng alle.

Krinsstyret har derfor gjort om vedtaket, og avgiftene for å spela KM lag vert som følgjer:
1000 kr for laget, som kan bestå av 4-6 spelarar.
100 kr pr person  for kaffi/ te/ vatn i turneringa begge dagar.
Betalinga vert krevd inn like før turneringa startar.
25.11.11 No er det komen innbyding til Gildeturneringa 2011 som skal vere i Førde den 30. desember. Påmelding via NBFData.
24.11.11 Klubbar som skal spele FM:
Leikanger BL, måndag 28. kl 17.45 på fylkeshuset
Førde BK, tysdag 29. kl 19.00 på Førdehuset
Måløy BK, tysdag 29. kl 18.30 på ASVO Måløy
Sogndal BK, tysdag 29. kl 18.00 på kulturhuset
Florø BK, onsdag 30. kl 18.00 på Røde Kors bygget
Balestrand BK, torsdag 1. på rådhuset
Breim BK skal forsøke torsdag 1.
Vik BK, torsdag 1.

Er det fleire? Gje meg melding, så kjem de og på lista
24.11.11 No er vi nok påmeldte til at KM lag vert arrangert. Er det fleire som ønsker å spele,  kan de melde dykk på via nbfdataogså i neste veke. Spelestad er Skei hotell og oppstart er 10.30 laurdag 3. og søndag 4. desember. Det vert spela 96-112 spel i løpet av helga, alt etter kor mange lag som melder seg på.
22.11.11 Det er no sendt ut invitasjon til klubbane om å spele FM par (fasit) i neste veke. Kontakt meg om andre i klubben skulle hatt informasjonen.
13.11.11 Sogn og Fjordane 2 - Hoff leiar 3.divisjon ved halvtid. Sjå resultat, butler og spelstensil
Kyrkjebø - Høyvik leiar 4. divisjon. Sjå resultat, butler og spelstensil.

Det har vore nokre feilrekningar på listene i 4.divisjon, men resultata i sida over er korrekt om ein ser på oppnådde resultat på kvart spel.

Feildublettane som var nevnt under speling i 3. divisjon er teken omsyn til i resultatlista.
09.11.11 Det er no gått ut invitasjon til KM lag som skal vere på Skei 3. - 4. desember. Påmeldinga via NBFData eller til meg.
09.11.11 Eg har lagt ut ei fil med bruksanving for ruter slik vi har det i Leikanger. Sjå rutersida.
09.11.11 Opplysningar om Breim BK er oppdatert.
08.11.11 Speleplanen for divisjonen i Førde er no klar. Det vert speling på Hafstad vidaregåande skule med oppstart kl 10.00 begge dagane. Eg ber laga møte opp i god tid.

Både 3. og 4. vil følge same tidsplan med 24-spelskampar.
06.11.11 Det hadde vore kjempefint om vi kunne få eit eller to lag til 4.divisjon i Førde så vi lett kan spele same tidsplan som i 3. Eg har no opna opp att for påmelding fram til onsdag kveld.
06.11.11 Sogndal, Mardal er i tet etter første helg av 4.divisjon på Leikanger.
30.11.11 Rorbubridgen 2011 var vunne av Ove Andersbakken - Haldor Sunde. Les heile resultatlista og spelstensilane.
27.10.11 Knut Skorpen og eg skal sjå korleis ein køyrer Ruter med bruk av bridgemate i lagturneringer  fredag 28.11 på Måløy hotell. Er det flere som er interessert, kan de kome innom rundt kl 8 på kvelden.
23.10.11 Forbundet har gjort ein feil i oppsett av 3.divisjon. Høyanger skal delta i staden for Hafslo/Solvorn
23.10.11 Hafslo/Solvorn med Jo Ketil Hamrum, Torstein Lomheim, John Inge Fredheim og Nils Friis Fardal vann Sognemeisterskapen for lag.
23.10.11 Lærdal BL har og teke i bruk ny heimeside.
04.10.11 Måløy BK har og teke i bruk ny heimeside.
02.10.11 Eg har no laga klart til påmelding for Sognemeisterskapen for lag som skal vere den 23. oktober.
02.10.11 Eg har laga til ei side med tips om bruk av Ruter (sjå venstremenyen). Har du tips om bruk, eller er det ting du lurar på så gje meg melding.
02.10.11 I samband med innføring av Ruter, har fleire klubbar fått ny heimeside. Eg har førebels fått melding om at sida vert teken i bruk av Gulen og Masfjorden bridgeklubb, Leikanger Bridgelag og Vik bridgeklubb. Gje meg melding om det er fleire som nyttar dei nye heimesidene.

Eg vil og minne klubbane på at dei må melde frå om kontaktperson vert endra. Det er ein del meldingar som går til klubbane på e-post, og krinsstyret ønskjer ikkje å sende til feil person.
02.10.11 Rett dato for Rorbubridgen skal vere 29. oktober (før sto det feil dato på desse sidene). Påmeldingsfrist som er 28. oktober.
22.09.11 Det er no mogleg å melde seg på Rorbubridge i Måløy som vert den 29. oktober.
22.09.11 Førdeturneringa vart vunne av Leif Arild Lothe - Rolf Helge Myren. Les heile resultatlista og spelstensilane
21.09.11 Endring i terminlista: Nordfjordmeisterskap, Sunnfjordmeisterskap og Sognemeisterskap for lag er utsett ei veke til 23. oktober. På opprinneleg datoer det turnering i Ålesund
20.09.11 Meld dykk på til 4. divisjon: Leikanger-pulja 5.-6. november eller Førde-pulja 12.-13. november.
17.09.11 Det er komen invitasjon til Åsane cup den 24. september. Påmeldingsfrist er tysdag 20. september. Merk at de har eigen pulje for spelarar med maks ruternål.
15.09.11 Førdeturneringa har framleis plass til fleire. Vis at de ønsker eit turneringstilbod og meld dykk på!
12.09.11 Invitasjon og påmelding til Førdeturneringa den 17.09.
12.09.11 Invitasjon til Askrova open den 01.10 (NY DATO!)
12.09.11 BK Grand freistar å få til ei storturnering i Ålesund 14.10-16.10
12.09.11 Klar for nytt bridgeår. Gode nyhende sidan sist: Jonill Storøy og Arild Hoff vann NM Mixlag. Dei spelte på lag med Reidar Johnsen og Liv Bugge. Også god innstas i NM par av Geir Hjelmeland - Geir Hoff som med 14. plass sikra ein ekstra plass til krinsen. Alle resultat av spelarar i krinsen i festivalen kjem.
16.07.11 Det er endringar i turneringsreglementet frå og med 01.07.11.

Det skal vere obligatorisk tenkepause før blindemannen spelar på til stikk 1 (10-15 sekund).

Makker til den som opnar i 1 NT, 2 kl, 2 ru, 2 hj eller 2 sp skal forklare kva meldinga betyr med det same medlinga vert lagt på bordet.
22.06.11 Terminlista for 2011/2012 er klar.
06.06.11 Krinsen har inntil fem stipend opptil 1400,- til deltakarar på juniorleir eller bridgelærarutdanninga til forbundet. Er du interessert, så kontakt krinsleiar Gunn Angelskår innan 20. juni. 
08.05.11 Sommarbridge i krinsen:
Leikanger / Sogndal tysdagar på fylkeshuset på Leikanger kl 18.00
Måløy tysdagar på ASVO Måløy kl 18.30
Førde tysdagar på Førdehuset kl 19.00
Gaupne torsdagar på barneskulen kl 18.30
Breim fredagar på Gordon hotell kl 19.30

29.05.11 Forbundet lagar til nybegynnerfestival 28. juli til 30. juli på Lillehammer. Det vert speling, kurs og sosiale samankomster. Festivalen er open for alle som kan litt bridge, men som ikkje har vore med på så mykje tyrneringer.
29.05.11 Det vert bridgelærarurdanning på Lillehammer 28. og 29. juli. Les meir og meld dykk på.
08.05.11 Hoff og Knutsen transport / Nistad transport med Arild Hoff, Jonill Storøy, Geir Hjelmeland og Geir Hoff vart beste lag frå Sogn og Fjordane i bedriftsmeisterskapen med ein fin tredjeplass. Les heile resultatlista og spelstensilar på NBFData.
30.04.11 Det er ikkje så mange som er meldt på til bedriftsmeisterskapen. Er det fleire som ønskjer å spele, kan de melde dykk på fram til 5. mai.
21.04.11 Geir Hjelmeland - Geir Hoff vann i Angedalen. Sjå heile resultatlista og spelstensil på NBFData.
20.04.11 Hans Herman Kalhagen - Stig Rune Kjos vann Hafsloturneringa i år. Sjå heile resultatlista med spelstensil. Eg har og fått lagt ut kva som skal vere mogleg å oppnå, om ein kjenner alle korta, i spelstensilen. Her er og oversyn over kva kvart par har funne på (opnast med par 1. klikk på ditt parnummer for å få di liste)
12.04.11 Styret skal no starte arbeidet med terminlista for neste år. Vi tek gjerne i mot kommentarar og ønskje. Kva har fungert godt, og kva bør vi gjere betre? Gode idear tek vi i mot med takk.
12.04.11 Det er ein kommentar til km-par/kvalifisering til NM par på Kristiansand BK sine sider.

Jonill Storøy har kommentert innlegget på Kristiansand sine sider. Les og krinsleiaren sitt svar til kommentaren.
10.04.11 Gratulerer til Nils Jakob Juklestad som vann KM singel. Les heile resultatlista og spelstensil på NBFData.
10.04.11 Då er det klart at vi fekk med eit par til NM par finale på deltaking. Då har krinsen desse deltakarane i par-finalen:
Kåre Kvamsdal - Leif Kvamsdal
Geir Hjelmeland - Geir Hoff
Arild Hoff - Jens Sagevik
Hans Herman Kalhagen - Stig Rune Kjos

Lykke til på Lillehammer
08.04.11 Då håper eg at vi har ei endeleg deltagarliste i KM singel. Vi snakkast på Hafstad vgs søndag kl 10.30. 
06.04.11 Då er vi nede i 8 bord til singelfinalen. Og har berre ein igjen på reserveliste. Eg fekk no i kveld avbod frå heile Sogndal, og det meiner eg er lovleg seint!
06.04.11 Det er no mogleg å melde seg på til påsketurneringa på Hafslo de 20. april.
06.04.11 No er det store endringar i lista til singel-finalen til helga. Kontroller om du er med!
05.04.11 Det er komen innbyding til påsketurnering i Angedalen 19. april. No kan de melde dykk på via NBFData. 
05.04.11 Har de tenkt å arrangere sommarbridge? Gje meg ei melding, så skal vi få det opp på krinssidene og til forbundet.
27.03.11 Det er no mogleg å sende e-post til alle i styret via eit skjema på heimesida. Du når skjemaet via menypunktet Kontakt under Styret.
26.03.11 Førde BK 1 tapte mot Topbridge med 81 mot 123 i femte runde i NM lag
23.03.11 Sjå lista over kvalifiserte til finalen i KM singel (oppdatert 26.03). Om du er på lista, men ikkje kan spele, må eg få melding. Les og om opplegget for finalen
23.03.11 No har eg alle resultata frå FM singel. Vinnar vart Jarle Tonheim som spelte i Måløy BK med 1812 poeng. Les heile resultatlista, resultat frå Måløy og Balestrand.
20.03.11 Gratulerer til Jonill Storøy og Arild Hoff som vann KM mix på Breim. Les heile resultatlista. Det er ikkje mogleg å sjå korta, men de kan sjå kva de sjølv og andre har meldt og spela.
19.03.11 No er ikkje lenger Fjaler Vest medlem i krinsen.
19.03.11 Det er no mogleg å melde seg på til bedriftsmeisterskapen som skal vere på Fagernes 06.05 til  08.05
19.03.11 Resultat frå FM singel: Førde, Leikanger, Sogndal. Eg manglar enno to resultatlister for endeleg samanlagt.
19.03.11 Det er no mogleg å melde seg på til bridgefestivalen. Det er turneringer frå og med fredag 29.07 til og med laurdag 06.08.
18.03.11 No er det 14 par påmeldt til KM Mix. Dette er ein fin auke frå kva som har vore dei seinare åra! Vi sjåast i Breimshallen på søndag.
12.03.11 Det vert arrangert Pangstart i Balestrand. Vi satsar på godt sosialt samver og kortspeling i den 3. april. Det er litt spesielle reglar for kven som kan spele med kvarandre (så ikkje proffane berre spelar med ein annan proff).  Les invitasjonen og meld dykk på via NBFData.
12.03.11 Det er no åtte par som har meldt seg på KM mix, og vi har høyrt rykte om at fleire tenkjer på å delta. No synes vi at de skal bestemme dykk og melde dykk på! Siste frist er fredag morgon kl 08.30.
12.03.11 Finalen i KM singel vert i år arrangert i Førde 10. april. Meir detaljar om arrangementet kjem seinare.
06.03.11 Skjolden tapte mot Otta i 4. runde med 51 mot 93. Så no er Førde 1 einaste lag frå krinsen som framleis er med.
04.03.11 5. runde i NM er no trekt. Førde 1 har fått heimekamp mot TopBridge 9. Om Skjolden slår Otta på laurdag, vert det bortekamp mot Tøffelklubben 1.
02.03.11 Vi treng arrangørar til Pangstarten i alle sonane. Pangstarten er ei turnering mest for dei som ikkje har spela så mange turneringar. Les reglementet på invatasjonen som vart sendt ut i haust. Turneringsdag skal vere 3. april. Kontakt megom de er interessert i at klubben skal arrangere.
02.03.11 Mea culpa. Mix-finalen skal sjølvsagt vere på Breim, ikkje på Skei.
28.02.11 Desse skal spele FM singel:
14.03 Leikanger BL, Fylkeshuset kl 17.45
15.03 Førde BK, Førdehuset kl 18.00
28.02.11 No er det komen innbyding til KM mix på Breim den 20. mars. Finn dykk makker og meld dykk på via NBFData
28.02.11 Balestrand klarte ikkje å få spela mot Bergen Akademiske og tapte på walk over i fjerde runde NM lag.
25.02.11 Vi har ingen arrangør til singelfinalen, så vi lyser arrangementet ut mellom klubbane som ynskjer å spela singel. Tidlegare har Sogndal, Førde og Leikanger vore spelestad, så om andre klubbar ynskjer arrangementet til sin heimstad, vil dei bli prioritert om dei kan stilla med tilfredsstillande lokale og stab under spelinga. Dei tre nemnde klubbane kan også søkja. Krinsen samordnar resultatlistene, registrerer poeng etterpå, og avtalar arbeidsfordeling elles med dei som vil vera arrangørar. Kontakt Torbjørn Pedersen eller Gunn Angelskår for nærare info.
25.02.11 Innbyding til FM singel i klubbane. Kontakt meg for oversending av filer som er naudsynt for turneringa.
24.02.11 No meiner eg at resultatlista for 3.divisjon er rett. Det er no endra i runde 5 kamp 3 SFJ 9 har vunne 18 12 over SFJ 5. Det er og endra i runde 6, ein feildublett i kampen mellom SFJ 8 og Hordaland 7. Buttler og resultatliste finn de på NBFData.
21.02.11 Premiane til FM par er no levert til alle unnateke Vik og Balestrand. Premiar for desse puljane vert levert ut under KM mix, eller de kan kontakte Gunn for å få dei.
20.02.11 Gratulerer til Leif og Kåre Kvamsdal som vann KM par. Les heile resultatlista og spelstensilen på Leikanger sine heimesider.
18.02.11 Oppdatert program for KM par. Vi er no 38 par, og då spelar vi alle mot alle.
Laurdag:
10.30 - 14.00: 9 rundar a 3 spel (vi må kanskje sjå litt på kva hotellet vil når det gjeld tid for lunch)
14.30 - 19.10: 12 rundar a 3 spel
Søndag:
10.00-14.00: 10 rundar a 3 spel
14.30-16.50: 6 rundar a 3 spel
Premieutdeling ca kl 17.00
17.02.11 Førebels program for KM par:
Oppstart laurdag kl 10.30, lunchpause omlag kl 13.30 og ferdig for kvelden omlag kl 18.00
Oppstart søndag kl 10.30, lunchpause omlag kl 13.30 og premieutdeling omlag kl 16.45

Vi er såpass mange deltakarar at det vert spela monrad. Alle mot alle vil anten gje særs få spel (78) eller særs mange (117). Avbrutt turnering er ikkje eit lovleg alternativ. For at ei monradturnering skal kunne telje som kvalifisering, kan vi ha maksimum 16 rundar. Eit passe speltal vil då vere 6 spel i runden, totalt  96 spel.

Om eit (eller fleire) par fell bort pga sjukdom eller liknande, vil vi spele alle mot alle. Tidspunkta over vert då justert.
17.02.11 Førde BK1 har vunne over Førde BK 3 i 4. runde i NM lag med 100 mot 89.
14.02.11 Butler for 3. divisjon er no på NBFData. Resultatlista frå BK2000 er ikkje korrekt (eg veit ikkje kva grunnen er, runderesultata er rett men den har ikkje summert når eg har korrigert) men korrekt resultatliste ligg her. De kan og lese alle listene frå 3.divisjon (relativt stor nedlasting, 90 sider skanna PDF, ca 2,5 MB). Den første resultatlista var korrekt etter resultata som vart ført på listene, men det var ein del uregelmessigheter som gjorde det naudsynt å korrigere (feildublettar og reknefeil frå spelarane).
14.02.11 Forbundet har gjeve råd om at det bør vere fri påmelding til KM par etter litt kaotisk kvalifisering i Florø. Krinsstyret føljer dette rådet, og vi opnar for fri påmelding fram til fredag morgon kl. 08.00. Vi reknar med at dei som står på kvalifisert-lista skal vere med, og vi har ført dei inn på påmeldt-lista. Gje meg melding om de likevel ikkje kan spele.

Alle andre som er medlemar i krinsen kan melde seg på via NBFData, via epost til meg eller på telefon 99503806 (helst sms - eg er relativt oppteke i jobbsamanheng dei næraste dagane)
01.02.11 Samla resultatliste frå sonane. Dei 36 første er kvalifisert til finalen. Om de ikkje kan spele 19. og 20. februar, MÅ de sende meg ei melding om dette. Dette gjeld og dei som er på reserveplass. No er lista oppdatert pr 13.02.11.
13.02.11 KM mix vert arrangert på Breim den 20. mars (meir detaljar og formell invittasjon kjem seinare). No bør de starte med å finne dykk makker og meld dykk på via NBFData
13.02.11 Ferie i mai? Kva med ein bridgetur til Kreta?
07.02.11 Les hotelltilbodet frå Skei hotell til KMpar-finalen. Hugs å vise til avtalen om de vil overnatte.
07.02.11 Breim 1 med Knut Fammestad, Ivar Engelstad, Arnar Kvernevik og Leif Heggheim vann 4. divisjon i Førde. Les full resultatliste og kampresultat. Sjå bilder av glade vinnarar i Førde og stemningsbilde frå salen på no.fotoalbum.eu
07.02.11 Sogn og Fjordane 3 med Øystein Vasset, Geir Angedal, Leif Arild Lothe og Rolf Helge Myren vann 3. divisjon i Førde. Les full resultatliste og kampresultat. Spelstensil og butler kjem seinare.
07.02.11 Det er komen innbyding til påskebridge på Olrud. Det er og komen tilbod om bridgereise til Thailand til hausten med Finn Brandsnes.
06.02.11 Leikanger/Skjolden med Lena Stai Bolstad, Jan Frode Bolstad, Gunn Angelskår og Torbjørn Pedersen vann 4. divisjon på Leikanger. Sjå resultatliste, butler og spelstensil på NBFData
31.01.11 Kyrkjebø bridgeklubb er på nytt medlem i krinsen.
31.01.11 Sona på Eid vart vunne av Odd Egil Nygård - Bjørn Yndestad. Full resultatliste og spelstensil på NBFData
30.01.11 Sona på Sande vart vunne av Arild Hoff - Jens Sagevik. Full resultatliste og spelstensil på Leikanger sine sider
27.01.11 Fjerde runde i NM lag er trekt. Balestrand har fått bortekamp i Bergen, Førdelaga skal møtas seg i mellom og Skjolden får besøk av Otta.
27.01.11 Sonemeisterskapen som skulle vore på Vadheim er flytta til Sande kro og hotell.
24.01.11 Sonemeisterskapen på Eid vert spela på Eid bryggen hotell.
23.01.11 Flott fjerdeplass til Stine Holmøy - Haldor Sunde i meisterpulja i RagnSells internasjonale storturnering i Bergen. I a-pulja vart Jens Sagevik - Geir Hjelmeland nr 7. Arve Henden - Martin Ivar Henden vart nr 4 i åpningsturneringa.
23.01.11 Ikkje alt har vore korrekt i sonemeisterskapa i Florø og Hafslo. Styret klandrar ikkje arrangørane,
men krinsstyret har vedteke at resultata står, men dei som ønskar, kan prøve på nytt på Vadheim eller Eid. Då vert andre forsøk teljande.
23.01.11 Skjolden har vunne over Leikanger med 94 mot 70 i tredje runde i NM lag
18.01.11 NBF har fordelt plassar til NM parfinalen. Krinsen har tre plassar med god sjanse om ein fjerde på deltaking.
18.01.11 Balestrand har vunne over Gaupne med 109-98 og Førde 1 har vunne over Dale med 84-66 i tredje runde i NM lag.
18.01.11 Hans Herman Kalhagen - Stig Rune Kjos vann sona på Hafslo. Resultat og spelstensil på Sogndal sine sider
18.01.11 Geir Hoff - Geir Hjemeland vann sona i Florø. Resultatliste og spelstensil på NBFData
07.01.11 Det er framleis mogleg å melde seg på til sonemeisterskapa i helga i Florø og Hafslo. Kontakt hhv Knut Skorpen eller Kai Lille-Homb.
03.01.11 Gildeturneringa vart vunne av Rolf Helge Myren - Leif Arild Lothe. Full resultatliste og spelstensil på NBFData.

Kva skjer

Dei neste fem frå terminlista

apr
28 KM singel
mai
3-5 Bedriftsmeisterskapen
9-13 Finale NM lag
aug
2-10 Bridgefestivalen