Krinsen

Sogn og Fjordane krins av NBF

NBF-logo

Logg eldre

2005 2004 2003

31.12.05 Paul Henning Loen og Frode Holen vant Gildeturneringa.
31.12.05 Gunn Angelskår og Torbjørn Pedersen vant nyttårsturneringa i Aurland.
27.12.05 Einar Austbø og Gunnstein Fjellheim frå Vik vant Lerum Cup.
26.12.05 Lyst til å vere med på ferskingturnering 7. januar i Førde, men føler at du ikkje heilt fyller krava? Vi er ikkje vanskelege :-) Gjekk du på kurs i 2003 - meld deg på. Ikkje det heller? Ring og spør. Her kan du melde deg på og finne telefonnummer og e-post.
22.12.05 God jul alle saman! Er tilbake 2. juledag. Meld deg på juleturneringane så lenge...
22.12.05 Heldigvis er det nokon som har tid til å tenkje på meldeprøvar i desse juletider.
22.12.05 Hugs å melde deg på juleturneringane: Innbyding og påmelding til Gildeturneringa i Førde 30. desember. Innbyding til nyttårsturnering i Aurland 30. desember. Innbyding til Romjulstreff i Åsane 27. desember. Påmelding. Innbyding til Lerum cup i Sogndal 27. desember.Påmelding.
21.12.05 Til tillitsvalde i klubbar og krinsar .
20.12.05 ... Og slik gjekk det med dei lokale heltane i MP treffen.
18.12.05 Gunn M. Angelskår og Torbjørn Pedersen vant fylkesmeisterskapen for par 2005. Ta kontakt om du finn feil. Her er resultata pr. klubb.
18.12.05 Innbyding til ferskingturnering 7. januar i Førde. Her kan du melde deg på.
18.12.05 Resultata frå MP treffen er klar. Eg håpar på meir lesbare resultatlister.
16.12.05 Her kan du melde deg på til sona i Hafslo og Florø 15. januar eller Eid og Vadheim 29. januar.
15.12.05 Innbyding og påmelding til Gildeturneringa i Førde 30. desember. Innbyding til nyttårsturnering i Aurland 30. desember. Innbyding til Romjulstreff i Åsane 27. desember. Påmelding.
15.12.05 Resultat frå torsdagsturneringa på englandsbåten.
14.12.05 Ein liten meldeprøve for dei som har tid til å drive med slikt...
13.12.05 Stor suksess for sogningar og fjordingar på Englandsbåten! Aud Marit Hage - Signe Nystrand vant første turneringa søndag og Trond Austrheim - Oddvar Ølmheim vant impen.Hovudturneringa.
13.12.05 3. runde i NM lag er trekt.
06.12.05 Stig Rune Kjos og Jonny Gjerde vant Gaupne si 50-års jubileumsturnering. Her er bilete.
05.12.05 Leikanger (Pedersen) slo Hafslo/Solvorn 67-57 i 2. runde i NM lag.
05.12.05 Her kan du melde deg på til Gildeturneringa i Førde 30. desember.
05.12.05 Beklager manglande oppdateringar. Fekk den DUMME influensaen som også gjorde at Balemixen blei avlyst. Håpar de prøver igjen!
30.11.05 Førde 3 (Jan Gjertsen, Morten Søreide, Rolf Myhren og Øystein Vasset) slo Høyanger i NM lag.
30.11.05 Innbyding til Romjulstreff i Åsane 27. desember. Påmelding.
29.11.05 Kjempesuksess med ferskingturnering i Ålesund. Yngste deltakar var ni år!
29.11.05 120 påmelde til Fjord Line Cup 8-11 desember. Program. Skal/vil du sjå Newcastle - Arsenal?
27.11.05 Stemningsrapport frå Denver .Meir informasjon her.
27.11.05 Kenneth har hatt ein og annan ok makker i Denver.
27.11.05 Resultat frå Lærdal.
25.11.05 Brev frå valkomiteen i NBF.
23.11.05 Kyrkjebø er vidare til 3. runde i NM lag etter å ha slått ut Førde 2.
23.11.05 Mange nordmenn i sving i nationals i Denver. Kenneth Skov som spelte KM lag i Sogn og Fjordane gjer det bra med ein 15. plass iLife Master Pairs. Følg med her.
23.11.05 Vil du dublere spela til fylkesmeisterskapen for par neste veke på dubleringsmaskin? Send meg ein e-post, så får du filene.
21.11.05 4. divisjonspulja i Førde blir leda av Damstuen (Arve Stig Damstuen, Leif Arild Lothe, Øystein Vasset og Rolf Myhren). I 4. divisjonspulja på Leikanger er det Hamrum som leder (Jo Ketil Hamrum, Nils Friis Fardal, Nils Sverre Fardal, Torstein Lomheim, John Inge Fredheim og Sverre Kjos-Wenjum)
21.11.05 Brede (Nils Jakob Juklestad, Olav Brede, Skjalg Skrede, Jan Gjertsen og Morten Søreide) leder 3. divisjon i Førde eit vinnarpoeng framfor Sæterdal. Hartvigsen er på 3. plass.
18.11.05 Gaupne bridgeklubb fyller 50 år og feirer med turnering fredag 2. desember.
18.11.05 Førde 4 slo Dale så vidt i 2. runde i NM lag.
16.11.05 Kenneth Skov hadde ei ganske traumatisk oppleving på poenghøsten i Måløy forrige tysdag.
Trist for han, rasande festleg for oss :-)
16.11.05 Måløy har også fått ny heimeside.
14.11.05 Leikanger og Sogndal har fått nye heimesider.
13.11.05 Og slik gjekk det til i 1. og 2. divisjon første helga.
13.11.05 Ny siger til Vinjevoll, medan Haram tapte 5-25.
13.11.05 Møre og Romsdal 1 vant 4. kampen 24-6 og leder 1. divisjon etter første helga.
13.11.05 Antix var ferdig med feiringa og kan fortelje at dei vant 18 12 mot Rogaland 1.
13.11.05 Vinjevoll vant 20-10 i 5. kampen og dei trur at Haram vant sin kamp også. Det oppnås for tiden ikke kontakt med mobilabbonnenten :-)
13.11.05 Begge mørelaga i 2. divisjon tapte 4. kampen, medan 1. divisjonslaget gjer det kjempebra!
13.11.05 Leif Heggheim og Jonny Skinlo vant Nigardsturneringa.
12.11.05 Eg får dessverre truleg ikkje oppdatert fleire resultat i kveld (skal spele bridge sjølv!), men Hordaland har oppdatert dei to første kampane i 2. divisjon, så følg med der...
12.11.05 Innbyrdes oppgjer mellom dei to mørelaga i 3. kamp. Sjå korleis det gjekk her.
12.11.05 Begge dei to mørelaga i 2. divisjon vant 2. kampen .
11.11.05 Møre og Romsdal 3 (Arnt Ola) spelte uavgjort i første kampen i 2. div. Møre og Romsdal 2
(Jørund, Kenneth, Haldor og Oddbjørn) tapte 20-10. Litt utur, men moralen er god, seier Kenneth.
11.11.05 Sogndal slo Vik i 2. runde i NM lag.
11.11.05 1. og 2. divisjon blir spelt denne helga. Sogn og Fjordane har ingen lag med, men her er nokon tips hvis du vil ha nokon å heie på. Eg oppdaterer hvis eg får greie på noko :-)
11.11.05 Resultat frå poenghøsten i Balestrand.
10.11.05 Ein ledig plass i 4. div. i Førde. Ring snarast hvis du vil ha den. Her er all informasjon om 4. divisjonspulja i Førde,4. divisjonspulja på Leikanger og 3. divisjon i Førde.
09.11.05 Innbyding til Lærdalsturneringa 26. november og Balemix 3. desember.
09.11.05 Resultat frå poenghøsten i Måløy i går.
09.11.05 Åtte lag på Leikanger og 12 i Førde i 4. divisjon! Her er dei som er påmelde til divisjonsspelinga så langt og her er meir informasjon. Oppdatert hotellinfo: Informasjon om 3. og 4. divisjon i Førde. Oppsett for 3. divisjon i Førde.
08.11.05 26. november er det turnering for dei med maks. ruternål i Ålesund. Les meir her.
08.11.05 Det åttande laget på Leikanger er under arbeid. Heia Vik! Her er dei som er påmelde til divisjonsspelinga så langt og her er meir informasjon. Oppdatert hotellinfo: Informasjon om 3. og 4. divisjon i Førde. Oppsett for 3. divisjon i Førde.
07.11.05 Fylkesmeisterskapen for par i klubbane blir arrangert 28.11 02.12.05.
07.11.05 2. runde i NM lag er trekt.
06.11.05 Terje Lie og Asbjørn Kindsbekken vant på Dombås.
06.11.05 Svein Høyland og Terje Høyvik vant på Sande. Er det ikkje nokon som har spel til meg?
04.11.05 Over 100 påmelde til Fjord Line Cup 8-11 desember. Det hastar hvis du vil vere med! Program.
02.11.05 Balestrand BK jobbar svært godt. No har dei start nytt kurs med mange unge.
02.11.05 I morgon arrangerer Eid BK poenghøsten.
02.11.05 Semifinalane i Bermuda Bowl og Venice Cup er halvspelte.
31.10.05 Lag Balevik - Synnøve Balevik, Jorunn Tennefoss, Randi Aven og Kristin Ouren vant 2. divisjon for damer i Sogn og Fjordane og skal spele 1. divisjon i mars.
31.10.05 Florø og Førde 4 er dei siste laga i fylket som er klar for 2. runde i NM lag.
26.10.05 Informasjon om 3. og 4. divisjon i Førde . Oppsett for 3. divisjon i Førde.
26.10.05 Informasjon om 2. divisjon for damer.
25.10.05 Innbyding til Sandeturneringa 5. november. Her kan du melde deg på.
24.10.05 Bilete av dei som kom på pallen i KM lag.
24.10.05 Foreløpig program for Fjord Line Cup 8-11 desember.
24.10.05 Sandaneturneringa er avlyst.
23.10.05 Førde, Sæterdal - Helge Sæterdal, Jarle T. Årdal, Ludvig Langedal og Leif Kvamsdal - vant KM lag.
Lag Pus blei nr. 2, Måløy nr. 3 og Førde, Hoff nr. 4. Alle resultat, butler og bilete kjem seinare.
23.10.05 Førde 1 - Torveig Botnen, Harald Eithun, Eirik Trontveit og Jarle Øygard vant C pulja i KM lag.
23.10.05 Måløy slo Stryn i 1. runde i NM lag.
19.10.05 8. november arrangerer Måløy poenghøsten. Alle er hjerteleg velkomne!
18.10.05 Vik slo Balestrand med minst mogleg margin i 1. runde i NM lag.
18.10.05 Innbyding til Sandaneturneringa 30. oktober og til Sandeturneringa 5. november.
18.10.05 Nordfjordeid BK har fått ny heimeside. Du kan blant anna sjå bilete frå siste spelekveld.
17.10.05 Oppsett for 3. divisjon i Førde .
16.10.05 Sjur Arne Bøe og Espen Forberg blei nr. 4 i Åsane. Magne Eide og Sven Olai Høyland vant.
12.10.05 Sogndal BK har arrangert poenghøsten.
09.10.05 Bra innsats av noverande og tidlegare fjordingar på Otta.
06.10.05 1. runde i NM klubblag er trekt.
05.10.05 Lyst på litt fleire krinspoeng? Klubben kan arrangere poenghøsten i oktober/november.
03.10.05 Eplet fell ikkje så veldig langt frå stammen .
02.10.05 17 lag frå Sogn og Fjordane er påmelde til NM klubblag 2005/2006. I fjor var det 19 lag med.
01.10.05 Odd Raad og Leif Heggheim vant med ei mil i Måløy.
30.09.05 26. november blir det ferskingturnering i Ålesund. Sogningar og fjordingar er hjarteleg velkomne!
29.09.05 Ein dårleg tapar beskuldar to av dei norske para i Hecht cup for å drive med uetiske variantar.
28.09.05 Treng du meldetrening før alle lagkampane? (Kort danskkurs: Hold = lag :-))
27.09.05 Var du ikkje i Ålesund? Ikkje fortvil - les heller denne morsomme  og lærerike artikkelen som Arve Gravdal har skrive. Og hugs at det er nye sjansar til å spele bridge på rorbubridge i Måløy laurdag 1. oktober.
27.09.05 Bra påmelding til SM lag i Førde, dårlegare i Sogn. Meld dykk på - gjer du det innan fredag går det greit. Her er dei som er påmelde for øyeblikket... Og kva med KM lag? Her kan du melde deg på.
26.09.05 Silla og Boye vant Hecht cup.
26.09.05 Bra innsats av fjordingane i Ålesund.
22.09.05 Innbyding til NM klubblag. Her er påmelde lag frå Sogn og Fjordane.
20.09.05 Damer! Er de interesserte i å behalde damedivisjonen? Her kan du melde deg på.
15.09.05 Innbyding til KM lag. Her kan du melde deg på.
14.09.05 Her er innbyding til 2. divisjon for damer og her kan du også melde deg på.
13.09.05 Innbyding til SM lag og NM klubblag.
12.09.05 Arve Gravdal har skrive ein underhaldande artikkel frå Ulsteinvik.
11.09.05 Tredje og fjerdeplass til Sogn og Fjordane i Modalstreffen.
11.09.05 Terje Hildremyr - Svein Jarle Bjerkevoll vant på Haramsøya.
09.09.05 Ny adresse til Førde bk sine sider: http://home.combitel.no/fordebk/
Merkeleg variant av Telenor å flytte sidene utan å gi beskjed, men det løyste påloggingsproblemet mitt så no kan eg oppdatere igjen :-)
08.09.05 Førde og Balestrand har fått stønad frå Frifond fordi dei har minst fem medlemmer under 26 år.
08.09.05 Laurdag var 11 personar på vidaregåande kurs i Førde.
07.09.05 Bilete frå Lillehammer.
07.09.05 Innbyding til Rorbubridge i Måløy 1. oktober.
07.09.05 Resultat frå Førde bridgeklubb 06.09.05.
07.09.05 Her er bilete av dei tre para på pallen i Førdeturneringa.
06.09.05 Sven Olai og Svein Høyland vant Førdeturneringa.
05.09.05 Trass i at reparatøren hadde datamaskina i fleire dagar og tok betaling for å fikse den, kan eg ikkje sjå at det har skjedd noko som helst med påloggingsproblemet. Hvis du lurer på kor du IKKJE skal fikse datamaskina di, så spør meg. No veit eg ikkje kva eg skal gjere...
29.08.05 Terje Lie og Espen Kvam vant i Ulsteinvik.
23.08.05 Kaos koblar av med bridge.
23.08.05 Ei gladmelding frå Måløy bridgeklubb - og ei utfordring...
22.08.05 Innbyding til vidaregåande kurs i Førde 3. september og til Førdeturneringa 4. september.
22.08.05 Innbyding til 2. divisjon for damer og NM klubblag.
19.08.05 No er det berre seks ledige plassar i A-pulja i Ulsteinvik...
17.08.05 Kva skjer på bridgefronten framover?
17.08.05 Innbyding til bridgeweekend i Ulsteinvik 26.-28. august. Syns du klubben din bør ha bridgekurs i haust? Meld deg på rekrutteringsseminaret fredag kveld i Ulsteinvik og få kunnskap og inspirasjon. Ta gjerne kontakt dersom du lurer på om dette er noko for deg eller har andre spørsmål.
17.08.05 Laurdag 3. september blir det vidaregåande kurs i Førde.
15.08.05 Her er ei bra heimeside.
15.08.05 Firda har bridge på framsida. Her er artikkelen.
12.08.05 Innbyding til Førdeturneringa 4. september.
10.08.05 ...og slik gjekk det med dei lokale heltane i NM.
08.08.05 Randi Nyheim frå Førde BK vant NM mix lag og Lisbeth Yri og Haldor Sunde blei nr. 4 i NM mix.
24.07.05 Innbyding til Fjord Line Cup 8-11 desember. No med god gammal avgangstid på torsdagen!
20.07.05 I dag anbefaler eg alle å kjøpe Firda.
18.07.05 Neste år blir begge 3. divisjonshelgane i Førde.
14.07.05 To juniorar frå fylket har meldt seg på til juniorleiren. Krinsen betaler gjerne påmeldingsavgifta for fleire! Oversikt over lokale heltar som er påmelde til NM. Her kan du melde deg på.
11.07.05 Desse minorslemmane (og nesten ein majorslem)...
07.07.05 Alle dei tre norske laga (dame, junior og open) vant sin første kamp i nordisk.
06.07.05 Det er dårleg med lokal bridge for tida, men kanskje dette kan vere noko: Trude Raad skal til U18 VM i friidrett 13.-17. juli. Vi heiar på henne som sikkert mange har kjøpt kaffi av på turneringar på Breim! (Og til dei nysjerrige: Ja, faren til Trude heiter Odd :-) og trenaren heiter Jørund Årdal!)
04.07.05 Tre norske gull i EM, og snart begynner Nordisk.
30.06.05 Haldor Sunde og Kenneth Skov klarte dessverre ikkje å kvalifisere seg til finalen i EM par.
27.06.05 Ingen stor suksess for fjordingen i EM enno, men i morgon er det nye sjansar.
24.06.05 Norsk suksess i EM og i morgon begynner Haldor Sunde å spele også (lag).
19.06.05 Innbyding til bridgeweekend i Ulsteinvik 26.-28. august.
18.06.05 Geir Angedal og Jarle Ness vant i Norevikane.
17.06.05 Ei utfordring til Måløy, Eid, Førde, Gaupne, Leikanger og Balestrand.
16.06.05 I helga startar ope EM på Tenerife, og sjølvsagt er det fjordingar med!
12.06.05 Løseth - Leirpoll vant i Utvik.
09.06.05 Terminlista for sesongen 2005/2006 er klar.
09.06.05 Til alle juniorar - har du lyst til å vere med på juniorleiren før bridgefestivalen? Krinsen dekker påmeldingsavgifta på kr 750,- som også dekkar opphald og mat.
03.06.05 "Det visste seg tidlig i kampen at dette var eit godt lag...". Les om Førde sin kamp mot Sortland i NM lag og alle dei andre kampane til NM vinnarane med spel og kommentarar. Bra!
02.06.05 I Balestrand spelar dei så lenge det kjem folk - torsdag kl 18 i kantina på Balestrand rådhus.
01.06.05 No skjer det ingenting... Eg kjedar meg! Er det ikkje nokon som har noko å melde???
30.05.05 Innbyding til turnering på Vestnes 11. juni.
29.05.05 Innbyding til Norevikturneringa laurdag 18. juni.
25.05.05 Det sat ikkje akkurat vondt i dette spelet frå Storefjell.
20.05.05 Innbyding til sommarbridge i Utvik fredag 10. juni.
19.05.05 Oversikt over sommarbridge i Sogn og Fjordane, Hordaland og i Møre og Romsdal.
18.05.05 Verdensrekord?
17.05.05 Oversikt over lokale heltar som er påmelde til NM. Her kan du melde deg på.
16.05.05 Jon Aabye og Øyvind Saur vant på Storefjell.
13.05.05 Neste oppdatering blir ikkje før om kvelden 16. mai.
13.05.05 Til dykk som kjenner ein junior - tips dei om dette.
12.05.05 Odd og Gunnar i draget på OK bridge.
12.05.05 Endeleg nokon som arrangerer sommarbridge ein annan dag enn tysdag! Torsdagane er redda.
09.05.05 Kai Lille-Homb blei nr. 3 på butleren i bedriftsmeisterskapen. Beste lag frå fylket blei Hydro Høyanger 1 på sjetteplass.
07.05.05 Sortland vant NM lag. Førde blei nr. 6.
02.05.05 Innbyding til blømingsbridge i Hennebygda 4. juni.
27.04.05 Det går an å melde seg på til turneringane i Norsk bridgefestival. Mange har allereie gjort det...
25.04.05 Sogn og Fjordane fekk fem par i NM par: Hans H. Kalhagen - Nils Sverre Fardal og Arild Hoff - Jens Sagevik er no klar i tillegg til dei tre para vi var sikre på. I tillegg er Per-Christian Gjerde og Jonill Storøy kvalifiserte i Hordaland.
25.04.05 Her er spelestensilar frå KM singel.
24.04.05 Gunnstein Fjellheim blei Sogn og Fjordane sin første krinsmeister i singel. Gratulerer!
21.04.05 Hugs Autoforumprisen. Det nærmar seg fristen for å rapportere inn spel.
18.04.05 Speleførar blei rundlurt i dette spelet av Arve Gravdal.
14.04.05 7. mai blir det arrangert ferskingturnering i Ålesund.
14.04.05 Innbyding til 1. mai turnering på Skodje.
13.04.05 Forbundet si terminliste for sesongen 2005/2006 er klar. Har du innspel til krinsen si?
13.04.05 Systemet til singelen . Ingen grunn til å pugge - det kjem til å ligge på bordet også!
11.04.05 No hastar det med å melde seg på til singelen. Her er innbyding og påmelding.
09.04.05 Førde 3 - Arild Hoff, Jens Sagevik, Geir Hoff og Geir Hjelmeland er i finalen i NM lag etter å ha slått Sørreisa 116-70 i dag!!!!!!!!!!!!!!!!!! Gratulerer!
06.04.05 Har klubben din arrangert poenghøsten i vår, eller kunne du tenke deg nokre fleire krinspoeng?
04.04.05 System til singelturneringa blir lagt ut ein av dei første dagane. Innbyding til KM singel 23.-24. april. Her kan du melde deg på.
03.04.05 Per-Christian Gjerde og Jonill Storøy vant KM mix. Her er bilete.
30.03.05 Kor spelar du bridge gratis på nettet? Del det med andre, så får du fleire makkere!
29.03.05 Referat frå KRU konferansen.
29.03.05 21 par i mixen til no... Det er plass til mange fleire! Her kan du melde deg på. Innbyding.
28.03.05 - Bridge blir hipt og kult og fett, heiter det i den nye Brann sangen.
26.03.05 Robert Hæreid og Kåre Kvamsdal vant påskebridgen på Hafslo.
26.03.05 Sjur Bøe og Gullstein Rørstadbotten vant påskebridgen i Angedalen.
20.03.05 Ikkje den store suksessen for dei lokale heltane i parturneringa på Olrud. Haldor og Kenneth blei nr. 17 i mesterpulja.
19.03.05 Etter første dag i parturneringa på Olrud er Haldor Sunde og Kenneth Skov nr. 12 i mesterpulja.
17.03.05 Hans H. Kalhagen fortel om ei meget god speleføring av Leif Arild Lothe.
17.03.05 Hugs å melde deg på til påsketurneringane: Angedalen 22. mars og Hafslo 23. mars.
16.03.05 Sogn og Fjordane er den 6. største krinsen i landet.
16.03.05 Syns du ski er avskyelege saker og hytter på fjellet sterkt oppskrytt? Her er redninga!
15.03.05 Innbyding til KM singel 23.-24. april. Her kan du melde deg på.
15.03.05 Her er bilete av dei fem para som vi håpar kjem til NM par (dei tre første er heilt sikre).
15.03.05 Jørund Årdal fortel om eit spel der krinsmeistrane tok alle poenga frå han.
14.03.05 Førde Hotell seier dei vaska 800 kaffikoppar på laurdag!
14.03.05 Førde 3 trekte Sørreisa borte i 6. runde i NM lag.
14.03.05 Eg ventar på spel frå KM...
13.03.05 Gratulerer til Ludvig Langedal og Magne Svardahl som blei krinsmeistrar for par.
10.03.05 Innbyding til KM mix. Her kan du melde deg på.
10.03.05 Frode Holen skriv om ein interessant 3 NT frå 5. rundekampen mot Sunndalsøra.
08.03.05 Eit spel som kunne svinga 26 imp i kampen mellom Sandane og Sunndalsøra.
06.03.05 Sandane tapte mot Sunndalsøra i 5. runde i NM lag.
05.03.05 I morgon kl 1400 startar Sandane kampen for å komme til 6. runde.
05.03.05 Førde 3 er i 6. runde i NM lag etter å ha slått Stavanger 4 i dag!
04.03.05 Her kan du melde deg på til KM mix.
03.03.05 Bergens Tidende har stadig artiklar om bridge.
03.03.05 Forbundet må ha ei oversikt over klubbar med minst fem medlemmer under 26 år. Er det nokon som er så heldige? Eg må ha beskjed veldig fort.
03.03.05 Innbyding til påsketurnering i Angedalen 22. mars og påskecup i Hafslo 23. mars.
02.03.05 Oppdatert liste over kvalifiserte par til KM par. Innbyding.
02.03.05 Ein brukbar slem som få par fant i Høyanger. No med kommentar frå Hans Herman Kalhagen.
27.02.05 Begge dei to 5. runde kampane i NM lag er avtalte.
27.02.05 Kenneth Skov og Margareth frå England blei krinsmeistrar i Møre og Romsdal. Eit par frå Sunndalsøra blei nr. to og Terje Lie - Hallgeir Hartvigsen fekk siste NM plassen.
25.02.05 Oppdatert liste over kvalifiserte par til KM par. Innbyding.
24.02.05 Planlegge påska?
23.02.05 ENDELEG kortfiler frå Høyanger. Eg håpar nokon hugsar spel og sender til meg.
22.02.05 Nokre bilete frå Høyangerturneringa.
22.02.05 Strynenytt held seg oppdatert på bridgefronten.
22.02.05 Sandane spelar 5. runde i NM lag mot Sunndalsøra søndag 6. mars, så dersom du tilfeldigvis skulle vere på nordmøre må du møte opp og heie.
21.02.05 Trekninga for 5. runde i NM lag.
20.02.05 Vi har fått 3 NM plassar basert på medlemstal og krinsen sine faste plassar. NM plassane som er basert på deltaking blir fordelt om nokre månadar. Eg tippar vi får to til.
20.02.05 Oppdatert liste over kvalifiserte par til KM par. Innbyding.  Hugs betalingsfristen i dag.
20.02.05 Haldor Sunde og Kenneth Skov vant i Høyanger. Kortfiler og bilete kjem om få dagar.
18.02.05 Førde 3 (Hoff) slo Bergen AK 2 (Høyland) i 4. runde i NM lag.
17.02.05 Kva er forskjellen?
16.02.05 Hugs å melde deg på til Høyangerturneringa. Skal du gjere det på nettet (her) er torsdag siste frist. Skal du melde deg på fredag, må du ringe!
16.02.05 Førde 3 (Hoff) spelar 4. runde i NM lag mot Høyland i Bergen på fredag.
16.02.05 Til dykk som er reservar til KM par: I løpet av neste veke reknar vi med å ha ei oversikt over kven som får vere med. Dersom det hastar med å få beskjed, er det lov å mase! Innbyding til KM par og oppdatert liste over kvalifiserte par.
14.02.05 Frode Holen har skrive om eit interessant spel frå Sandane sin 4. rundekamp.
12.02.05 Sandane slo Bergen AK 5, og er klar for 5. runde i NM lag.
11.02.05 Hordaland bridgekrets har fått ny adresse.
10.02.05 Parring...
09.02.05 Høyanger turneringa blir 19. februar på Øren Hotell. Start kl 1030. Her kan du melde deg på.
09.02.05 Kjeder deg? Sur? På jakt etter ein bagatell å henge deg opp i? Her er noko som irriterte meg.
08.02.05 Heimesida til Norsk bridgefestival 2005 er klar. På tide å planlegge sommaren?
06.02.05 Innbyding til KM par og oppdatert liste over kvalifiserte par.
06.02.05 Møre og Romsdal 2 (Vinjevoll, Sunde, Årdal og Loen) redda plassen i 2. divisjon trass tap 18-12 i siste kampen.
06.02.05 Haldor & co. vant 16-14 mot laget som ligg rett framfor dei på lista... Dette blir spennande...
05.02.05 Haldor, Jørund og Paul Henning vann 3. kampen 16-14. Dei fire dårlegaste rykker ned og det er to kampar att.
05.02.05 Nordfjordingane i 2. divisjon vant første kampen 23-7 (Jørund leder butleren etter den kampen!) og tapte andre kampen 8-22. Her er resultat (trykk for eksempel på R7).
04.02.05 1. divisjon blir avslutta denne helga. Du kan følge med live på BBO og lese systemkorta deira.
04.02.05 Tre nordfjordingar (Jørund, Paul Henning og Haldor) er i Trondheim og spelar 2. divisjon på eit mørelag. Eg håpar eg kan halde dykk oppdatert om korleis det går.
04.02.05 Referat frå styremøte 2. februar.
03.02.05 Rekrutteringsutvalet har gjennomført ei undersøking blant nybegynnarane om kurset og tida etterpå. Her er resultatet.
02.02.05 Innbyding til Påskecup i Hafslo 23. mars.
01.02.05 Resultata frå 4. divisjon i Sogn er retta. Ei feilregistrering gjorde at 3. og 4. plassen blei ombytt.
01.02.05 Å gjere det godt i ei turnering - del II - av Kenneth Skov .
30.01.05 Spelestensilar og butler frå 4. divisjon i Førde - puncha av eine butlerkongen frå Måløy!
30.01.05 I Ålesund blei Hoff nr. 5 og Obrestad nr. 8 i 3. divisjon. Frå Hordaland seier ubekrefta rykte at alle laga frå fylket berga plassen. Resultata kjem sikkert snart.
30.01.05 Lag Vikesland vant 4. divisjon i Sogn og Storøy vant i Førde.
28.01.05 Å gjere det godt i ei turnering...
27.01.05 Tidlegare fjordingar og sogningar gjorde det godt i Ibsenturneringa i Skien med 1.,2. og 4. plass!
27.01.05 2. helg av 3. og 4. divisjon blir 29.-30. januar. 4. divisjon blir arrangert i Førde(start i Førde
kl 1000 på laurdag)
og på Leikanger. Dei som skal spele 3. divisjon i Ålesund finn informasjon her, og dei som skal til Bergen her.
26.01.05 NBF organisasjonsdagar 2005.
26.01.05 Resultatliste frå auksjonsturneringa i Bergen. Det veldig anonyme paret som blei nr. 9 er Lisbeth og Haldor :-) Dei måtte overta for nokon som tok med den dei hadde kjøpt på hotellet!
25.01.05 Liste over para som er kvalifiserte til KM par og reservar .
25.01.05 Her er bilete av Haldor når han spelar mot Jørgensen - Mæsel, og her er Zia mot vinnarane.
25.01.05 Resultatliste frå A pulja i Bergen med ein god del lokale heltar på startstreken. Martin Ivar og Arve Henden gjorde det best med ein 10. plass.
24.01.05 Haldor Sunde og Kenneth Skov blei nr. 4 i mesterpulja i Bergen Akademiske Storturnering.
24.01.05 Jarle Ness og Geir Angedal vant sona i Florø og Geir Hoff og Paul Henning Loen vant på Eid.
16.01.05 Haldor Sunde og Jørund Årdal vant sona i Vadheim. Resultat og spelestensilar kjem i morgon. Takk til alle som var der for stor tålmodighet og god hjelp, og særleg til Desiree som tilfeldigvis stakk innom og blei ein reddande engel.
16.01.05 Nils Friis Fardal og John Inge Fredheim frå Hafslo/Solvorn vant sona på Hafslo.
13.01.05 21. januar kan du spele med Zia. Sjå her. Foreløbig er det ein eksilfjording som har tilslaget.
13.01.05 Det kjem seg med påmeldingar til sonene i Hafslo og Vadheim, men det er god plass til fleire. Meld deg på då vel! Dei som skal spele i Florø og på Eid har litt lenger tid, men det er ikkje nødvendig å vente til siste dagen med å melde seg på :-)
11.01.05 Bilete frå ferskingturneringa.
10.01.05 Innbyding til sonemeisterskapen. Her kan du melde deg på og sjå kven som er påmelde: Hafslo 16. januar, Vadheim 16. januar, Florø 23. januar og Nordfjordeid 23. januar.
10.01.05 2. helg av 3. og 4. divisjon blir 29.-30. januar. 4. divisjon blir arrangert i Førde og på Leikanger. Dei som skal spele 3. divisjon i Ålesund finn informasjon her, og dei som skal til Bergen her.
09.01.05 Sandane slo Sogndal i 3. runde i NM lag.
09.01.05 Hilde Skaaheim og Jarle Ness vann ferskingturneringa. Spelestensilar kjem snart.
07.01.05 Krinspoenga for Norevikturneringa, KM lag, poenghøsten og fylkesmeisterskapen for par er sendt NBF for registrering.
06.01.05 Haldor Sunde har slått Zia i lagkamp. 21. januar kan du spele med Zia. Finn ut korleis her.
06.01.05 Endeleg resultatliste for fylkesmeisterskapen for par i klubbane. Resultata pr. klubb. Spela.
05.01.05 Jan Frode Bolstad har laga eit morsomt referat frå Gløggbridgen på Skjolden.
05.01.05 Kanonstart på sesongen i Måløy med 20 par på første spelekvelden etter nyttår.
04.01.05 Kandidat nr. 3 til Autoforumprisen .
04.01.05 Sugen på å spele kort med Zia? Det kan du fredag 21. januar i Bergen. Du må berre bla opp nok penger... Det fins sikkert ein god makker til dei med mindre lommebok også. Følg med her (gå inn på auksjonsturnering. Der kan du sjekke utvalget.).
01.01.05 Inge Moberg i Sogndal bridgeklubb oppfordrar klubbane i Sogn og Fjordane til å gje inntektene frå første spelekvelden i 2005 til flodbølgeofra i søraust Asia.
01.01.05 Innbyding til turnering for alle som har gått kurs i år og i fjor. Her ser du kven som er påmeldt.
01.01.05 Odd Egil Nygård og Arve Gravdal vann Gildeturneringa.

2004

29.12.04 Reidar Johnsen blei utsett for ein kandidat til Autoforumprisen i Lerum cup.
27.12.04 Sjur Bøe og Magne Eri vann Lerum cup.
26.12.04 Innbyding til Gildeturneringa 30. desember. Her kan du melde deg på - kvifor ikkje gjere det no?
26.12.04 14 premiar til Sogn og Fjordane i MP-treffen.
21.12.04 Hordaland bridgekrets har fått ny heimeside.
21.12.04 Var klubben din med på fylkesmeisterskapen for par? Er resultata levert? Vi manglar fortsatt nokre resultat, men håpar å få dei snart slik at vi kan få ut ei midlertidig resultatliste før jul. 
20.12.04 Kandidat nr. 1 til Autoforumprisen . Spelet er frå Fjord Line.
18.12.04 Innbyding til sonemeisterskapen . Her kan du melde deg på og sjå kven som er påmelde: Hafslo 16. januar, Vadheim 16. januar, Florø 23. januar og Nordfjordeid 23. januar.
18.12.04 Innbyding til turnering for alle som har gått kurs i år og i fjor.
18.12.04 Spela frå klubbmeisterskapen for par i klubbane . Send inn gode spel og ver med i kampen om Autoforumprisen.
16.12.04 Sandane slo Dale 99-52 i andre runde i NM lag.
15.12.04 Den utsette 2. rundekampen mellom Sandane og Dale blir spelt på campingplassen på Sandane i morgon. Start kl 1715... Så hvis du kjeder deg veit du kva du kan gjere!
15.12.04 Innbyding til Lerum cup på Kaupanger 27. desember.
14.12.04 Trekninga for 3. runde i NM lag er klar. Tøffe tak for Høyanger som har fått heimekamp mot Bergen Akademiske BK 2 (Høyland)
14.12.04 Sjur Arne Bøe og Finn Fyllingslid vant hovudturneringa på Fjord Line Cup! Gratulerer!
Her finn du resultata frå dei andre turneringane ombord.
07.12.04 Resultat frå MP treffen i Stryn 06.12.04.
07.12.04 Innbyding til Gildeturneringa 30. desember. Her kan du melde deg på. Innbyding til Os Bridgeklubb 30.12, Aurland BK 01.01.2005 og Aukra 02.01.05.
05.12.04 Skal du nordover i nyttårshelga? Då kan kanskje dette vere noko?
05.12.04 Eit pent motspel av Jon Aabye i Reisinger .
02.12.04 Neste veke blir MP-treffen arrangert. Her er ei oversikt over kva klubbar i Sogn og Fjordane som skal arrangere turneringa. Har du gløymt å melde på klubben din?
01.12.04 Innbyding til Gildeturneringa 30. desember. Her kan du melde deg på.
01.12.04 Førde 4 og Kyrkjebø er vidare til 3. runde i NM lag.
29.11.04 Klubbmeisterskapen i Sogn og Fjordane blir arrangert 13.-17. desember.
28.11.04 2. runde i NM lag: Hafslo/Solvorn 2 er vidare til 3. runde.
28.11.04 Laget til Haldor Sunde er som eitt av 14 lag kvalifisert til finalen i Reisinger i Fall 2004 NABC. BBO vil ha live overføring frå finalen frå kl 1800 i kveld.
27.11.04 Ørjan Lindesteg og Willy Brown vant Lærdalsturneringa.
27.11.04 Laget til Haldor Sunde spelar no semifinalen i Reisinger i Fall 2004 NABC.
25.11.04 Etter 1. sesjon i finalen i Blue ribbon er stillinga for dei norske para slik (120 par totalt): Røren-Aabye nr. 5, Helgemo nr. 34, Haldor nr. 38, Helness nr. 60 og Tøsse nr. 88. Turneringa er ferdig ein gong på morgonkvisten (norsk tid).
25.11.04 2. runde i NM lag: Høyanger 1 er vidare etter å ha slått Gaupne BL.
25.11.04 Haldor og Arve kvalifiserte seg i går til finalen i Blue ribbon pairs. Det gjorde også 3,5 andre norske par: Jon Aabye - Tormod Røren, Rune Hauge - Tor Helness, Ole Johnny Tøsse - Martin Andresen og Geir Helgemo -Zeckhauser. Zia rauk ut :-). Les meir her: Fall 2004 NABC.
25.11.04 Både mannen i verdens navle som punsjer 3. div butler og eg som punsjer butler for 4. div. i Hordaland, har ein smule dataproblem... Vi ber om orsak og håper på betre tider snart!
24.11.04 I Fall 2004 NABC spelar Haldor Sunde og Arve Farstad andre dag av Blue Ribbon pairs. Bortsett frå at dei blei slakta av Zia har dei fått ein god start.
22.11.04 Resultata frå 3. divisjon i Førde/Bergenspulja.
22.11.04 Butler frå 4. divisjon i Førde.
21.11.04 Resultat frå 4. divisjon i Førde og Sogn. Resultat frå 3. divisjon i Bergen og Ålesund.
14.11.04 Innbyding til Lærdalsturneringa laurdag 27. november.
14.11.04 Det blei tap 17-13 for stryningane i siste kampen denne helga.
14.11.04 Haldor og Paul Henning tapte 5. kampen 16-14.
13.11.04 Stryningane tapte 4. kampen 17-13. Resultatet i 3. kampen blir avgjort i morgon.
13.11.04 Haldor & co. vant 2. halvrunde i 3. kampen 51-23...I første halvrunde sat det eine paret feil veg, så ingen veit heilt korleis kampen enda...
13.11.04 SSS (Stryns Store Sønn) spelte uavgjort mot laget til Espen Kvam i andre kampen i 2. divisjon.
12.11.04 Dårleg start for Haldor og Paul Henning i 2. divisjon. Dei tapte første kampen 4-25.
12.11.04 4. divisjon spelar også 20.-21. Ei pulje på Førde ungdomsskule og ei på fylkeshuset på Leikanger. Meir informasjon om 4. divisjon kjem om nokre dagar. Tidene blir omtrent som 3. divisjon.
12.11.04 Divisjonsspelinga: 3 divisjon spelar på Førde ungdomsskule 20.-21. november. Oppsett for 1. helg i Førde. Laga i Førde/Bergenspulja og tidsoppsett for første helg. Oppsett for Bergenspulja finn du her, og Møre pulja (gjeld Hoff og Obrestad) finn du her.
11.11.04 I morgon startar 1. og 2. divisjon. 1. divisjon kan du følge direkte på BBO. To fjordingar - Haldor Sunde og Paul Henning Loen skal spele 2. divisjon i Trondheim (på eit Møre-lag). Dei har lovd å halde oss oppdatert. Følg med...
11.11.04 Sjå under klubber... Veit du kor og når dei spelar? Eg blir veldig glad om du sender meg ein e-post med informasjon der det manglar.
22.10.04 I dag kan du lese om bridge i Aftenposten.
22.10.04 Florø vant 1. runde i NM lag mot Førde 5.
21.10.04 SM damer blir arrangert laurdag 30. oktober på Førde Hotell. Meir informasjon kjem seinare. Det er ikkje for seint å melde seg på - ta kontakt med meg eller Aud Marit.
20.10.04 Jeff og Lalo vant poenghausten i Stryn.
20.10.04 I desse kurstider....
04.10.04 Innbyding til Sandaneturneringa søndag 31. oktober.
03.10.04 Kenneth Skov og Frode Sørdal vant rorbubridgen i Måløy.
01.10.04 Forferdeleg dårleg påmelding til KM lag , men skryt til tre klubbar: Førde som med god hjelp utanfrå stiller med 7 lag, Sogndal som stiller med 2 lag og Måløy BK som sponsar startkontigent og overnatting for nybegynnarane sine. Bra! Vi utset fristen til mandag, og håpar fleire vil melde seg på slik at det går an å få både A og B pulje. Her er litt meir informasjon og oversikt over kven som er påmeldt.
01.10.04 Til kvinner som treng ein latter, og til menn som ikkje vil tru på det vi kvinner alltid har sagt!!!!
30.09.04 Vil du spele om krinspoeng i staden for klubbpoeng? I oktober kan alle klubbar arrangere ein kveld der det blir delt ut krinspoeng i staden for klubbpoeng. Inntektene går til internasjonal representasjon. Her er meir informasjon. Eg legg gjerne ut informasjon om når slike spelekveldar blir arrangert. Berre send meg ein e-post om tid og stad.
27.09.04 Påmelde til divisjonsspelinga. Har du gløymt å melde deg på? Ta kontakt fort!
22.08.04 Martin Ivar og Anders Egil Henden vant A-pulja på Stranda og Olav Føleide - Bjarne Halderaker vant B-pulja..
19.08.04 Referat frå styremøte i krinsen 16.08.04 .
18.08.04 Det er på tide å begynne å tenkje på kurs. Startar du no, kan klubben vere dobbelt så stor til jul! Ta kontakt med Ole Jonny Grøneng som er rekrutteringsansvarleg i krinsen for råd og hjelp eller berre for å seie frå at du skal ha kurs.
18.08.04 Terminlista for 2004-2005 er klar .
18.08.04 Oppdatert budsjett og vedtekter er lagt ut.
18.08.04 Innbyding til Askrova 28. august og Førdeturneringa 5. september.
05.08.04 Set av laurdag 28. august til ei annaleis bridgeturnering i spesielle omgjevnader. Innbydinga til Askrova kjem snart.
05.08.04 Innbyding til Stranda bridgeweekend 21.-22. august. Det er 10 000,- i førstepremie i A-pulja og 1/3 premiering i B-pulja, så kvifor har du ikkje meldt deg på enno???
04.08.04 Her er bilete av Sogn og Fjordane para i aksjon i parfinalen.
04.08.04 Adresselista på klubbane er oppdatert. Eg set stor pris på tilbakemeldingar om feil og manglar.
04.08.04 Innbyding til Bergen Akademiske Storturnering 22.-23. januar.
03.08.04 Norge leder ungdoms EM.
03.08.04 Divisjonsstrukturen er endra og 5. divisjon tatt vekk. No er det fri påmelding til 4. divisjon og i tillegg er det snakk om ein rekrutteringsdivisjon utan opp og nedrykk. Her kan du sjå kva lag som skal spele 3. divisjon til hausten, og her er forslaget som no er vedteke.
02.08.04 Spenning i dei siste rundane i parfinalen.
01.08.04 Fire premiar til Sogn og Fjordane i NM veka - her er oversikta over lokale plasseringar (har eg oversett nokon ber eg mykje om unnskyldning). Gratulerer til Synnøve Balevik - Leiv Jørgen Løseth og til Haldor Sunde - Oddveig Lyshol som fekk premie i NM mix og til Paul Henning Loen - Geir Engebretsen og Helge Sæterdal - Jarle T. Årdal som fekk premie i NM monrad.
21.07.04 Det blir ikkje nye oppdateringar før søndag 1. august. No er det bridgefestival!
21.07.04 Kva speleplan gir best odds? No med fasit.
21.07.04 Her er oversikta over registrerte lokale heltar i Trondheim. Hugs å sende meg spel etterpå! Og til dykk som ikkje fekk reise denne gongen: Her kan du følge med.
15.07.04 Kan du teorien? Kva speleplan gir best odds?
12.07.04 Martin Andresen og Jon Aabye blei nr. 9 i Life Master Pairs framfor ei drøss med storheiter. No er Spingold K.O. Teams starta med endå fleire nordmenn i aksjon - mellom anna Arve Farstad, Geir Helgemo og Tor Helness. Her finn du bulletiner og resultat.
08.07.04 Neste oppdatering blir mandag kveld.
08.07.04 Hjeeelp! No er det skikkeleg kjedeleg på bridgefronten... Veit du om ei god side på internett, eller har du noko anna du vil dele med andre? Send meg ein e post .
05.07.04 Det er heilt klart plass til fleire sogningar og fjordingar på bridgefestivalen. Her kan du sjå kven som er påmelde, og her kan du melde deg på.
27.06.04 Martin Ivar og Arve Henden vant Vikaneturneringa.
24.06.04 Protokoll frå bridgetinget.
24.06.04 Her er det mykje bridgestoff.
20.06.04 Referat frå bridgetinget 2004 (skrive av representantar frå NBF Salten).
17.06.04 Planlegge hausten? Innbyding til Stranda bridgeweekend 21.-22. august og Åsane cup 15.-16. oktober.
16.06.04 NBF er på jakt etter folk som vil vere med i rekrutteringsutvalet.
15.06.04 Heimesida Landslagene i bridge vil ha daglege oppdateringar frå EM i bridge som startar til helga. Du kan også finne intervju med kapteinane og konkurransar der. Der er også linkar til andre plassar du kan følge med på EM live.
15.06.04 Det er starta kronerulling for å sende eit damelag til OL.
13.06.04 Heimesiger i Norevikane: Jan Sæbø og Hroar Kleiven vann.
08.06.04 Synnøve Balevik har laga eit lite referat frå 1. divisjon for damer.
06.06.04 Hordaland (Sølvi Remen, Kristine Breivik, Siv Thoresen og Jonill Storøy) vann 1. divisjon for damer. Sogn og Fjordane blei nr. 9.
06.06.04 Lag Broge vann OL kvalifiseringa.
06.06.04 Haldor Sunde og Oddveig Lyshol vann blømingsbridgen i Hennebygda.
03.06.04 Det blir ingen nye oppdateringar før søndag kveld.
03.06.04 Innbyding til Vikaneturneringa laurdag 26. juni.
02.06.04 Innbyding til Norevikaneturneringa laurdag 12. juni.
01.06.04 I helga kan du spele blømingsbridge i Hennebygda 5. juni eller følge med på 1. divisjon for damer eller OL kvalifiseringa. Den 6. juni kan du sjå finalen i sistnemde direkte på BBO.
01.06.04 Resultata frå Storefjell finn du på Hordaland sine sider.
24.05.04 Innbyding til blømingsbridge i Hennebygda 5. juni.
21.05.04 Bridge7 finn du øvingar, programvare og leksjonar (alt på engelsk (eller tyrkisk, dersom det passar betre :-)).
20.05.04 Sognefjellsmeisterskapen 2004 blei arrangert i dag.
19.05.04 I morgon startar lagfinalen. Du kan følge med på resultata her. Fem av kampane blir overført live på Bridge Base. Her finn du tidsskjema for overføringane og link til sida der du kan laste ned programvaren.
18.05.04 Kjeder du deg i drittveret? Gå inn på Danmarks bridgeforbund sine sider og trykk på Månedens opgaver - der er det masse å lure på av forskjellig vanskelegheitsgrad.
17.05.04 Torsdag startar NM lag finalen. Du kan følge med på resultata her. Det går også rykter om at ramakampane vil bli overført på Bridge Base. Skal prøve å finne ut om det stemmer. Meir info kjem.
15.05.04 Ottar Frode Austnes - Ole Tokerud frå Haramsøya vant på Skodje.
13.05.04 Innbyding til turnering på Vestnes 5. juni.
12.05.04 Hydro 2 blei beste lag frå Sogn og Fjordane i bedriftsmeisterskapen med ein 11. plass.
10.05.04 Hadde du funne på å melde slik?
08.05.04 Her kan du spele bridge i sommar. Send meg ein e-post dersom nokon manglar.
07.05.04 Per-Christian Gjerde - Øystein Vasset vant sommarbridgen på Sandane.
03.05.04 Det er masse turneringar framover dersom du er villig til å reise eit stykke.
02.05.04 Ann Mari Mirkovic og Bjørn Olav Ekren vann Førde BK si jubileumsturnering. Bilete og spel vil bli lagt ut på Førde si heimeside.
29.04.04 Eg reknar ikkje med at det blir nye oppdateringar for søndag kveld.
29.04.04 NBF meinar at bridgen kan ha noko å hente av spelemidlane... Klarar du å finne eit smutthol, så sei i frå!!! (Det ser ut for meg som eit av krava er at minst ein tredjedel av medlemmane må vere under 26 år. Vi slit vel ein smule der?)
27.04.04 Sogn og Fjordane fekk 5 plassar i NM par, så no er også Hroar Kleiven og Jens Sjøthun kvalifisert. Gratulerer!
27.04.04 Opptatt av rekruttering? Sjekk forbundet sin nye rekrutteringsportal.
26.04.04 Her kan du sjå bilete frå 6. runde kampen mellom Sortland og Bergen Akademiske. Og her kan du finne ut kva lag som skal spele lagfinalen i år.
24.04.04 BK Grand 2 (Hartvigsen, Remvik, Lie, Kvam og Engebretsen) er klar for lagfinalen etter at dei slo Farsund BK 1 på bortebane i dag.
22.04.04 Havbridgen i Måløy er avlyst. Dei vil prøve å arrangere turneringa seinare på sommaren.
20.04.04 Uoffisielt referat frå krinstinget 2004 .
20.04.04 Sandane BK arrangerer sommarbridge fredag 7. og 21. mai. Spelinga startar kl 1900 på Gloppen Camping. Startkontigent kr 100,- pr. person. Premiar til dei tre beste para.
19.04.04 Grand eller trumf? Stikke eller dukke? Mange valg i dette spelet frå tingspelinga.
18.04.04 Odd Raad - Kai Lille-Homb vann spelinga etter krinstinget.
17.04.04 32 par i Briksdalen! Jan Egil Flo - Kristian Vik frå Stryn vann. Det blir lagt ut bilete i morgon.
16.04.04 No er det på tide å ta ansvar!
14.04.04 Eit par opplysningar til dei som måtte lure: Namnet på påsketurneringane er blitt bytta om når forbundspoenga er registrert. Forbundet er klar over det, og det blir retta fredag.
Og til dykk som leiter etter resultata frå Olrud: Det finst ikkje på nettet.
11.04.04 nnbyding til krinsting i Førde 18. april. Her finn du sakspapira.
10.04.04 Hadde du fått heim denne kontrakta?
09.04.04 Sakspapira til bridgetinget 2004 på Lillehammer er klar. Legg spesielt merke til innstillinga frå valgkomiteen - berre to personar frå det noverande styret står på gjenvalg...
09.04.04 Innbyding til bedriftsmeisterskapen på Fagernes 7.-9. mai. Det er stor sjanse for å treffe kjentfolk - 4 av 15 påmelde lag er frå Sogn og Fjordane!
09.04.04 Eid bridgeklubb har fått ny heimeside.
08.04.04 Innbyding til havbridge i Måløy 24. april.
08.04.04 Olav Fimreite og Gunnstein Fjellheim vann påskebridgen i Hafslo.
08.04.04 Ola Heggdal og Jan Gjertsen vann påskebridgen i Angedalen. Det blir lagt ut bilete på Førdesida.
08.04.04 Jørund Årdal er blitt stormeister. Gratulerer!
01.04.04 No tek eg påskeferie. Neste oppdatering blir skjærtorsdag. God påske alle saman!
01.04.04 I morgon må du høyre på NRK Sogn og Fjordane mellom kl 1100 og 1200. Jo Ketil Hamrum reklamerer for turneringane i påska og bridge generelt.
31.03.04 Lag Balevik er klar for 1. divisjon for damer. På grunn av dårleg deltaking i turneringa får vinnarane av alle puljer med 4-8 lag direkte opprykk (dei slepp stikk-kamp). Gratulerer!
31.03.04 Her er litt å tenkje på medan du ventar på påska...
31.03.04 Har du hugsa å melde deg på til påsketurneringane? Det er på høg tid!
24.03.04 Syd fekk hakeslepp i denne kontrakta frå KM par i Møre og Romsdal.
23.03.04 Les referatet frå KRU konferansen (rekruttering) som gjekk på Gardermoen i helga.
21.03.04 Firda vil gjerne ha resultat frå klubbkveldar og turneringar i heile fylket. Send det til sporten@firda.no.
21.03.04 Synnøve Balevik, Jorunn Tennefoss, Randi Aven og Kristin Ouren vann 2. divisjon for damer.
21.03.04 Førde 3 tapte for Rubbestadneset i 5. runde i NM lag.
18.03.04 2. divisjon for damer blir spelt på AMO-senteret i Førde på laurdag. Start kl 1000.
17.03.04 Arve-Stig Damstuen skriv om eit spel som var vanskeleg å melde i KM par.
16.03.04 Dersom du ikkje skal på skitur i påska, ser det ut til at Bergen er ein god plass å vere...
15.03.04 Innbyding til Førde BK si jubileumsturnering. Du kan melde deg på til både singelen og parturneringa direkte på nettet. Ta kontakt med Jan eller Per-Christian om du skal ha hotellrom.
14.03.04 Kai Lille-Homb og Sjur Arne Bøe vant KM for par. Gratulerer!! Dei andre NM plassane gjekk til Odd Egil Nygård - Anders Egil Henden, Bjørn G. Frichsen - Leif M. Bach og Ola Heggdal - Jan Gjertsen.
12.03.04 Neste oppdatering kjem søndag kveld.
11.03.04 Innbyding til Påskebridge i Angedalen 6. april.
10.03.04 No er alle som vil med i KM par....
08.03.04 Nokre synspunkt på bruken av stopp.
07.03.04 Her er oppdatert startliste til KM par finalen. Står du på lista og veit at du ikkje skal spele? Det er mange som ventar på plass, så gje beskjed til Asbjørn Feten snarast!
07.03.04 Mange lokale turneringar i helga: Leif Heggheim - Anders Bjørkelo vant Gloppenmeisterskapen, Jarle Ness - Egil Hagen vann klubbmeisterskapen i Førde og Per Muri - Kristian Vik vann kommunemeisterskapen i Stryn.
05.03.04 Innbyding til krinsting i Førde 18. april.
04.03.04 Har du synspunkt på bruken av stopp?
03.03.04 Kjempedeltaking i Måløy bridgeklubb - i det siste har dei hatt 19 og 20 par på klubbkveldane!
01.03.04 Dale tapte for Bergen Akademiske 2 i 5. runde i NM lag.
29.02.04 Per-Christian Gjerde og Jonill Storøy vann KM mix.
27.02.04 Påmelde til KM mix.
26.02.04 Det er dårleg påmelding til KM mix i helga... Finn deg ein makker og meld deg på!
25.02.04 Prøv deg på eit par meldeproblem frå 1. divisjon.
23.02.04 2. divisjon for damer er flytta fram til 20.-21. mars. Foreløbig er det påmeldt 4 lag - det er god plass til fleire.. Ta kontakt!
23.02.04 Trekninga for 5. runde i NM lag er klar.
22.02.04 Førde 4 tapte mot Grand 1 i NM lag.
22.02.04 Ove Gåsdal og Robert Veland frå Samnanger/Lindås vant Høyangerturneringa.
21.02.04 Resultata frå Høyangerturneringa (28 par) kjem dessverre ikkje før i morgon.
21.02.04 NM lag : Førde 3 slo Grand 3 og er i 5. runde. Førde 4 spelar mot Grand 1 22. februar på Skei.
20.02.04 No skal forbundspoenga for 4. divisjon vere rette.
19.02.04 Her kan du sjå kven som fekk premie i klubbmeisterskapen for par.
19.02.04 Innbyding Høyangerturneringa 21. februar og KM mix 29. februar.
18.02.04 Resultata frå 5. divisjon i Førde og Leikanger er endeleg ferdige.
18.02.04 Ein liten korreksjon på resultatlista frå 4. divisjon pga ein feildublett i kampen mellom Måløy og Førde, Storøy. Den utgjer ingen endringar for andre lag.
15.02.04 Høyanger, Aaland vant 5. divisjon i Førde. Resultatlista er ikkje komplett - kan nokon sende meg resultata frå siste kampen og resultata frå 5. divisjon i Leikanger?
15.02.04 3. divisjon: Sogn & Fj., Gjerde og Sogn & Fj., Obrestad heldt plassen medan Hafslo/Solvorn rykka ned. Haldor Sunde sitt lag (Møre & Romsdal) enda på delt førsteplass, og det må finrekning til for å finne ut kven som rykker opp i 2. divisjon. Resultata kjem nok snart på Hordaland si side.
15.02.04 Førde, Hoff (Arild Hoff, Geir Hoff, Jens Sagevik og Geir Hjelmeland) vann 4. divisjon og får spele 3. neste år!
10.02.04 Dale er vidare til 5. runde i NM lag! Gratulerer.
08.02.04 Damer! Påmeldingsfristen til 2. divisjon for damer er 15. februar!! Hugs også KM mix 29. februar.
08.02.04 4. og 5. divisjon i Førde blir spelt i peisestova i Førdehuset 14.-15. februar. Starttidspunkt laurdag er kl 1015. 5. divisjon på Leikanger vert spelt på Fylkeshuset. Starttidspunkt der er kl 1000.
08.02.04 Sogn og Fjordane sitt 2. divisjonslag hamna på 8. plass, og rykker ned. Terje Lie spelte på Malinowski i 1. divisjon, og dei ser ut til å hamne på 2. plass (appell). Les meir her.
08.02.04 KM par finalen blir spelt i Førde 13.-14. mars. Her er liste over dei som er kvalifisert og reservar. Dersom du ikkje skal spele - gje beskjed no, slik at andre får ein sjanse. Oversikt over kretspoenga på sonemeisterskapen.
07.02.04 Kampresultata til 2. divisjonslaget vårt blir oppdatert på Førdesida. Her kan du følge med på 1. divisjon.
05.02.04 Oddmund Midtbø har puncha butleren for KM lag... Det er litt av ein jobb. Tusen takk! Spel 89-110 mangler dessverre, men dei kjem kanskje seinare.
04.03.04 Sogn og Fjordane har fått 4 plassar i NM par.. Vi kan få ein plass til på deltaking i kvalifiseringa.
03.02.04 Eit motspel frå KM lag.
01.02.04 Resultat frå Storturneringa i Bergen ligg under Turneringar - resultat.
01.02.04 Sogndal, Pedersen vant KM lag. Gratulerer til Torbjørn Pedersen, Gunn Angelskår, Magne Hillestad og Magnar Molland.
30.01.04 Oppsett for finalen i KM lag. Neste oppdatering kjem søndag kveld.
29.01.04 Dersom du kjedar deg i helga, ser det ut til at du kan følge Storturneringa i Bergen runde for runde!
27.01.04 Har du avtalt denne situasjonen med makkeren din?
26.01.04 Bridge frå den store verden. New York Times har bridgespalte og diskusjonsgruppe om bridge (med masse innlegg!). Det er mogeleg du må registrere deg - så vidt eg veit er det gratis og farefritt på alle måtar..
25.01.04 Systemkort til nybegynnarar? Sjekk dette som ligg på Heimdal sine sider.
22.01.04 Kretsstrukturen skal evaluerast. Les meir her.
22.01.04 Innbyding til KM lag finalen.
21.01.04 Ein klassisk stamp.
20.01.04 Terminlista er endra, det gjeld blant anna datoane for NM lag, bedriftsmeisterskapen og SM damer.
18.01.04 Frode Holen og Paul Henning Loen vant sona på Breim.
17.01.04 Arnt Ola Fidjestøl og Terje Lie vann Ålesundscupen.
17.01.04 Oppdaterte påmeldingar til sonene på Breim og i Vadheim.
16.01.04 Har du planlagt sommarferien? Her er eit godt tips! Og dersom du skal ha ferie til våren, så sjå på denne..
15.01.04 Har du planlagt sommarferien? Her er eit godt tips!
14.01.04 Her kan du sjå kven som er påmelde til sona på Breim og i Vadheim. Merk starttidspunktet på Breim. Det er ikkje for seint å melde seg på - her er innbydinga til sonemeisterskapen.
13.01.04 Ingen interne oppgjer i 4. runde av NM lag. Førdelaga møter Ålesundlag og Dale må til Bergen.
11.01.04 Ludvig Langedal - Magne Svardahl vant sona i Florø og Torbjørn Pedersen - Gunn Angelskår vant i Hafslo. Til dykk som ikkje har spelt denne helga: Det er ikkje for seint å melde seg på til Breim eller Vadheim neste helg!
11.01.04 Dale slo Sandane i 3. runde i NM lag.
10.04.04 Påmelde til sonene i Florø og Hafslo.
10.01.04 Førde 3 slo Jølster i 3. runde i NM lag. Siste kampen mellom Dale og Sandane blir spelt søndag.
07.01.04 Innbyding til Ålesundcupen 17. januar.
05.01.04 Balestrand BK tapte for Bergen Akademiske BK 4 i 3. runde i NM lag.
05.01.04 Ille plaga av svake to i spar..
04.01.04 Harald Osdal og Jonill Storøy vann ferskingtreffen.
02.01.04 Innbyding til sonemeisterskapen.

2003

28.12.03 Sven Olai Høyland og Jim Høyland vann Gildecupen i Førde. Resten av resultata kjem i morgon.
28.12.03 Terje Lie og Oddbjørn Gravanes vann juleturneringa i Ålesund framfor Geir Engebretsen - Reidun Solheim og Halvor Vågene - Odd Egil Skodje.
28.12.03 Atle og Helge Sæterdal vant Lerum Cup.
22.12.03 Ein god stamp.
20.12.03 Resultata frå MP treffen begynner å bli ferdige. Så langt er beste par frå Sogn og Fjordane Arild Hoff og Jens Sagevik med ein 8. plass på tysdag og Steinar og Ole Johnny Grøneng med ein 8. plass torsdag.
18.12.03 Resultata i fylkesmeisterskapen er korrigerte. Sluttresultat og resultat i klubbane.
17.12.03 Resultatet for fylkesmeisterskapen for par er ferdig. Sluttresultat og resultat i klubbane. Med atterhald om feil. Ser du noko gale, ta kontakt med Asbjørn Feten snarast!
17.12.03 Sogndal BK har fått ny heimeside.
16.12.03 Veit du kva ein pølseoppvekst er for noko? Les og lær!
16.12.03 Trekninga for 3. runde i NM lag er klar. Hugs å sende meg resultata frå kampane.
15.12.03 Bra innsats av fjogningane som var på tur med Fjord Line til Newcastle. Best blei Jarle og Kåre Ness med ein fjerdeplass i hovudturneringa. Resten av resultata kjem innan eit par dagar.
15.12.03 Innbyding til Lerum Cup på Kaupanger 27. desember 2003.
15.12.03 Resultat og spelestensilar frå Sykkylven finn du under Turneringar - resultat.
10.12.03 I morgon reiser eg og 160 andre vestlendingar på bridgetur med MS Jupiter. Er tilbake på nett på mandag!
10.12.03 Resultat frå FM for par i Måløy og Førde BK.
09.12.03 Sandane slo Førde 2 i 2. runde i NM lag, og dermed er alle kampane i 2 runde spelt i fylket.
09.12.03 Resultat frå fylkesmeisterskapen i Stryn BK - her ser du kva du må slå :-)
09.12.03 Dale slo Gulen og Masfjorden 85-65 i 2. runde i NM lag.
08.12.03 Hugs at loddbøker og oppgjer skal sendast Kai Lille Homb (Dalaker, 6854 Kaupanger) innan 18. desember.
08.12.03 Jølster BK slo Førde 1 81-72 i 2. runde i NM lag.
07.12.03 Innbyding til ferskingtreff i Førde 3. januar.
06.12.03 Balestrand slo Gaupne i 2. runde i NM lag.
06.12.03 Terje Lie og Espen Kvam frå Grand vant i Sykkylven.
05.12.03 Innbyding til Gildeturneringa i Førde 28. desember 2003.
05.12.03 Ting skjer i fylket!
05.12.03 Sjekk dette spelet av Odd Egil Nygård!
05.12.03 Kyrkjebø slo Hafslo/Solvorn i 2. runde i NM lag. Etter 32 spel var stilinga 15-15, men Kyrkjebø vann med 9770 - 9540 i totalscore.
03.12.03 Resultat frå MP treffet tysdag i Måløy og Førde.
02.12.03 Førde 4 er også vidare til 3. runde etter å ha slått Sogndal 106-52.
01.12.03 Førde 3 slo Stryn i 2. runde i NM lag.
30.11.03 I morgon kjem det eit spel frå 3. divisjon i Sogn og Fjordane i Bergens Tidende.
29.11.03 Grete Nilsen og Lilly Klingenberg frå Årdalstangen vant Lærdalsturneringa.
27.11.03 Well done opps.. Arve Gravdal blei offer for eit fantastisk motspel!
24.11.03 Små detaljar kan velte store kontrakter..
24.11.03 Hugs å sende meg resultata frå NM kampane! Dersom de gir beskjed om tid og stad for kampen litt på førehand, kan det hende det blir tilskodarar også..
20.11.03 Snart må du betale spelarlisens for 2004. Den koster 300 kroner, og du får automatisk tilsendt giro dersom du har lisens for 2003. Her finn du meir informasjon om lisensen.
20.11.03 Innbyding til Lærdalsturneringa 29.11.2003. Laurdagen etter kan du reise til Sykkylven og vinne deg ein stressless!!
20.11.03 Møre og Romsdal 4 med Haldor Sunde og Jørund Årdal på laget leiar 3. divisjon. Førde, Hoff ligg best an i 4. divisjon og Høyanger, Aaland og Sogndal, Vikesland leiar 5. divisjonspuljene i Førde og Leikanger. Du finn alle resultata her.
07.11.03 Eg blir utan forbindelse nokre dagar. Håpar å vere attende i god tid før 3.,4. og 5. divisjon neste helg.
07.11.03 Gaupne slo Hafslo og Solvorn 2 16-14 i 1. runde i NM lag, og dermed er alle kampane i første runde i Sogn og Fjordane ferdigspelte.
06.11.03 Stryn slo Sandane 2 i første runde i NM lag. Det er fint om de sender meg ein mail med resultata etter kampane.
04.11.03 Førde 4 slo Førde 5 i første runde i NM lag.
04.11.03 Heile resultatlista frå Sandane.
02.11.03 Balestrand slo Gulen og Masfjorden 2 99-45 i første runde i NM lag.
01.11.03 Bergen Storturnering blir samtidig med KM lag finalen...
30.10.03 Innbyding til Sandaneturneringa 2. november 2003. Det er fortsatt ledige plassar..Meld deg på!
30.10.03 Jørund Årdal har skrive om eit spel frå KM lag kvalifiseringa i Førde.
29.10.03 Butler frå KM lag pulja i Førde.
27.10.03 VM blir arrangert i Monacco 2.-15. november. Følg med her. Her blir det ramaoverføring.
26.10.03 Butler frå KM lag pulja på Eid.
26.10.03 Så er 1. helg av 1. og 2. divisjon slutt og Sogn og Fjordane 1. ligg på 4. plass i 2. divisjonspulja si. Dei ligg under med 40 imp i hengekampen som blir avslutta på samlinga i februar. Østfold og Follo 1 med Terje Lie ligg på 2. plass i 1. divisjon. Meir resultat frå 1. divisjon finn du her.
26.10.03 Resultat frå Nigarturneringa i Innvik.
26.10.03 Sogn og Fjordane 1 tapte 4 kampen 10-20.
25.10.03 Sogn og Fjordane 1 - Dagfinn Lauritsen, Helge Sæterdal, Ludvig Langedal og Jarle T. Årdal vann sin 3. kamp i 2. divisjon mot Møre og Romsdal 2 23-7!!
25.10.03 Sogn og Fjordane 1 tapte andre kampen i 2. divisjon. Østfold og Follo 1 med bl.a. Terje Lie vann 25-2. 1. divisjon kan du følge med på her.
24.10.03 Kyrkjebø slo Vik 25-3 i første runde i NM lag. Odd Eriksen har skrive om eit spel frå kampen.
19.10.03 Resultat frå KM lag sona i Førde og på Eid.
15.10.03 Informasjon om KM lag. Første spelehelg er 18.-19. oktober.
12.10.03 Resultata frå Post NM i Sogndal i helga finn du på Leikanger BL si heimeside.
12.10.03 Lars Loen blei nr. 4 i Åsaneturneringa med makker Finn Fyllingslid.
12.10.03 Haldor Sunde og Terje Lie blei nr. 5 og Frode Holen og Paul Henning Loen nr. 6 i parturneringa i Rondanecupen. Dei spelte også lagturneringa der dei blei nr. 5.
08.10.03 Trekninga for første runde i NM lag er klar.
08.10.03 11.-12. oktober arrangerer Posten Postmesterskap i bridge 2003 i Sogndal. Du må nok jobbe i posten for å delta, men tilskodarar er alltid velkomne.
06.10.03 Påmelde til SM lag og KM lag i 2003. Hvis du har lyst til å spele, men ikkje har meldt deg på, så ta kontakt med Asbjørn Feten. Han tek gjerne i mot fleire påmeldingar!
05.10.03 Bjørn Yndestad og Jonill Storøy vann krabbebridgen i Måløy.
02.10.03 19 lag frå Sogn og Fjordane er påmeldt til NM lag så langt, men fristen er utsett til 8. oktober, så det er enno tid for dei som har gløymt å melde seg på.
29.09.03 Innbyding til Sandaneturneringa 2. november 2003.
24.09.03 Storeslem.
22.09.03 Referat frå kretssamling i Førde 6. september.
22.09.03 Innbyding til bridge og krabbe i Måløy 4. oktober.
19.09.03 Her er litt informasjon om KM-lag. Påmeldingsfristen (til kretsen) er 1. oktober.
19.09.03 Referat frå styremøte i kretsen 30.01 og 01.09.
18.09.03 Krabbebridgen i Måløy er utsett til 4. oktober. Innbyding kjem sikkert snart.
17.09.03 Kjeder du deg? Her kan du slå i hel nokre minutt..
11.09.03 Ein artig skvis frå Stranda bridgeweekend.
09.09.03 Sande bridgeklubb startar sesongen fredag 12. september kl 1900 på Sande Kro.
08.09.03 Paul Henning Loen - Frode Holen, Sandane vann Førdeturneringa.
08.09.03 Johnny Hansen - Halvor Vågene (Grand/Skodje) vann kretsen/NBF sin lynbridge laurdag kveld.
05.09.03 I morgon kjem president Jan Åsen og Halvor Karlberg til Førde for å møte representantar frå klubbane. Krinsen si innbyding, agenda og NBF si innbyding. Det er påmeldt ca. 15 personar til no. Bruk denne sjansen til å få snakke med dei som bestemmer - ta kontakt med Asbjørn Feten for å melde deg på.
04.09.03 Har du meldt deg på samlinga på laurdag og Førdeturneringa søndag? Samlinga på laurdag blir avslutta med lynbridge på Førde Hotell. Du kan spele sjølv om du ikkje var på møtet...
01.09.03 Lisbeth Yri og Per-Christian Gjerde vant på Askrova i helga.
29.08.03 Resultat og spelestensiler frå B-pulja på Stranda er lagt ut på Møre og Romsdal sine sider.
25.08.03 Hugs å melde deg på turneringane framover. Laurdag er det Askrova Open og neste søndag Førdeturneringa. 10.-11. oktober kan du ta ein tur til Bergen og Åsane Cup.
24.08.03 Fjordanedominans på Stranda bridgeweekend: Jens Sagevik og Arild Hoff vann og Paul Henning Loen og Geir Engebretsen blei nr. 2. Resultata kjem snart på Møre og Romsdal sine sider.
21.08.03 Kretsen har sendt ut e-post til klubbane der dei ber om hjelp til innsamling av Fjordane bridgekrins si historie. Dei ber også om at klubbane sender inn årsmeldinga. Breva ligg under menyen Styre.
19.08.03 Laurdag 6. september kjem representantar for Norsk Bridgeforbund til Førde for å møte deg! Samlinga skal først og fremst handle om rekruttering, men det vil også bli høve til å ta opp andre ting. Krinsen ynskjer at alle klubbane stiller med minst ein representant. Krinsen si innbyding, agenda og NBF si innbyding.
17.08.03 Hjelp oss: Kven vant KM par i 1974, 1975, 1976 og 1977? Vi manglar også 1981, 1982 og 1983. Her kan du sjå kva som manglar. Send meg ein e-post jonill@hotmail.com  
14.08.03 Terminlista er oppdatert. Turneringane i krinsen skal no vere med.
14.08.03 Mandag startar VM for junior. Det kan du følge med på her.
10.08.03 Ingen store endringar...
08.08.03 Stavanger Aftenblad skriv om bridgefestivalen, og Haugsunds Avis om NM for klubblag.
07.08.03 Oddmund Midtbø har skrive om eit spel frå NM med makker Nina Lien i hovudrolla.
06.08.03 Eit spel frå bulletinen i Stavanger med fjordingar i hovudrolla..
04.08.03 Paul Henning Loen og Frode Holen blei nr. 19 i NM par og har truleg skaffa kretsen ein ekstra NM plass til neste år. Gratulerer!
25.07.03 Det blir ikkje nye oppdateringar før søndag 3. august.
25.07.03 Her kan du lese om nestleiaren i KrF - Einar Steensnæs - si største last. Det er ganske sjokkerande..
23.07.03 Snart reiser mange sogningar og fjordingar til Stavanger og Norsk bridgefestival. Her kan du sjå kven som reiser: Lokale heltar som skal på tur.... De som er heime kan fylgje med på resultata frå laurdag 26. juli her. Og til dykk som skal spele: Eg vil gjerne ha spel. Skriv ned dårlege spel, gode spel og morsomme spel og gje dei til meg. På førehand takk!
 
18.07.03 Ivar Engelstad og Knut Fammestad måtte diverre trekke seg frå NM-par, så no får Odd Egil Nygård og Anders Egil Henden frå Måløy og Hennebygda reise. Lykke til!
17.07.03 Rykta seier at president Jan Aasen skal på turne. Han kjem til Førde 6. september.
15.07.03 No kan du kjøpe Tor Helness!
14.07.03 To sogningar har nettopp spelt VM i bridge...
10.07.03 Innbyding til Askrova Open 30. august.
09.07.03 Stavanger Aftenblad har nokre artiklar om bridge som du sikkert kan lese medan du ventar på betre ver :-)
07.07.03 No er det på tide å melde seg på til bridgefestivalen. Fristen er 15. juli (kan tøyast for enkelte turneringar).
04.07.03 Norges Idrettsforbund har laga eit rekneskapskurs som kan gjennomgåast på nettet. Noko for nyvalde kasserarar i klubbane?
03.07.03 Det har vore kretsledermøte i Bodø. Hordaland sendte ein representant. Les referatet hennar her.Det kjem truleg forslag om nye endringar i krinsstrukturane, og NBF ynskjer at det skal vere ei årleg samling for leiarane i klubbane i krinsen...
02.07.03 Utspel og oppspel frå konge-knekt femte.
30.06.03 Jonill Storøy og Terje Lie blei nr. 2 i mixen i Kristiansand.
23.06.03 Eit spel frå Storefjell
22.06.03 Arild Hoff og Terje Lie vann Vikaneturneringa.
19.06.03 Lokale heltar som skal på tur....
16.06.03 Lagt ut terminliste for sesongen 2003 - 2004. Den vil bli oppdatert med turneringane i fylket så snart terminlista for NBF Sogn og Fjordane er klar.
16.06.03 Redd makker!
15.06.03 Geir Hjelmeland og Ivar Lunde vann i Norevikane!
13.06.03 Innbyding til bridgeweekend på Stranda 22.-24. august (tidlegare Geirangerturneringa).
03.06.03 Geirangerturneringa har blitt til Strandaturneringa. Les meir her.
01.06.03 Odd Egil Nygård og Roy Landsverk vann i Hennebygda. Spelestensilar.
26.05.03 Haldor Sunde har laga eit kjempebra bridgekurs. Word dokument og PDF.
17.05.03 Nokre bilete frå Loenfestivalen
14.05.03 Innbyding til Blømingsbridge i Hennebygda 31. mai.
11.05.03 Bjørn Amundsen - Ola Brynhildsvoll vann hovudturneringa i Loen.
11.05.03 Lisbeth Yri og Odd Egil Nygård vann mixen og Odd Raad - Leif Heggheim vann velkomstturneringa i Loen.
07.05.03 Litt flaks skal ein ha...
05.05.03 4 lag frå Sogn og Fjordane med i bedriftsmeisterskapen. Finn resultata her.
01.05.03 Paul Henning Loen og Per-Christian Gjerde blei nr. 4 i 1. mai turneringa på Skodje.
17.04.03 Sverre K. Wenjum - Jo Ketil Hamrum vant Luster Invest AS Cup i Hafslo
17.04.03 Paul Henning Loen og Frode Holen vant påskebridgen i Angedalen.