Logg 2012

27.08.12 Det er komen innbyding til Førdeturneringa som skal vere 22. september. Påmelding.
27.08.12 Det vart desverre ikkje så gode resultat i NM par som eg har lagt ut. Beste frå krinsen vart Arild Hoff - Leif Kvamsdal med ein 30. plass.

Eg har og korrigert resultatsida med at eg har lagt till Kåre Knutsen - Tor Hildre, Balestrand BK som fekk 36. plass i NM Monrad par. Resultata frå kveldsturnering 7 er og komen til etter at eg publiserte første gong.

Takk til Per Christian Gjerde og Synnøve Balevik som har sagt i frå om feil.
11.08.12 Bridgefesivalen er no over. Av gledelege resultat har vi 13. plass i NM par til Arild Hoff - Leif Kvamsdal, og siger til Haldor Sunde i Patton. Eg har laga til ei side med alle resultata til medlemmane i krinsen. Gje meg melding om det er nokon eg har oversett eller om eg har satt opp feil plassering eller poeng. For komplette resultatlister kan de sjå fesivalsidene.
17.06.12 Styret har kome med forslag om ny terminliste. Vi tar gjerne inn kommentar på lista.
17.06.12 Det har vore ekstraordinært krinsting med val av ny leiar og omrokkering av verv i styret. Det nye styret er:
Leiar Knut Skorpen
Sekretær Åsbjørn Hegrenes
Kasserer Kai Lille-Homb
Organisasjonsansvarleg Jan Frode Bolstad
Rekrutteringsansvarleg/ungdomskontakt Herold Kråkenes
Turneringsansvarleg Torbjørn Pedersen

Vara 1 Edvard Tonning
Vara 2 Gunn Angelskår
10.05.12 Eg har desverre ikkje klart å lage til for KM Singel til helga. Om det er ein klubb som kan ta på seg arrangementet seinare i vår så kontakt meg.
10.04.12 Km Senior vert desverre ikkje arrangert på grunn av kapasitetsproblem
10.04.12 Sjur Arne Bøe - Terje Garseg tok storeslem og vann både påskebridgen i Angedalen og på Hafslo.
03.03.12 Om eg får nett-tilgang på Hafslo, skal eg få ut live-oppdatering av turneringa i morgon. No er det ei førebels startliste der.
25.03.12 Referat frå krinstinget. (no mogleg å opne)
23.03.12 Vi har berre 8 par påmeldt til KM mix, og må då desverre avlyse turneringa som skulle vore på søndag.
22.03.12 Vi må ha fleire deltakarar til KM mix. Påmeldingsfristen går ut i morgon.
22.03.12 Valkomiteen slit med å finne personar til nytt styre. Mange gode personar er spurde om å ta vervet som leiar, men ingen har takka ja. Vi bed om hjelp frå dykk alle: klarar de å motivera ein person til å ta på seg vervet? Måløy, Førde, Eid: de har mange gode spelarar, kan de stilla nokon til å ta dette ansvaret? Kontakt avtroppande leiar eller den i valkomiteen som er i landet om de kan stille sjølv eller har gode forslag på villige personar.
22.03.12 Kva med ein bridgeferie til Kreta tidleg i juni?
14.03.12 Det er krinsting på Skei laurdag 24. mars kl 12. Les innkalling, årsmelding og sak om vedtektsendring.
14.03.12 Det er komen innbyding til Hafsloturneringa 4. april. Påmelding via NBFdata.
09.03.12 Det er komen innbyding til Angedalsturneringa 3. april. Påmelding via NBFdata
09.03.12 Det vert KM mix på Breim den 25. mars. Få tak i ein makker som har eit anna kjøn enn deg, og meld dykk på.
27.02.12 Gratulerer til Robert Hæreid - Kåre Kvamsdal som krinsmeistarar. Les heile resultatlista og spelstensilane.
24.02.12 Vi skal forsøke å få til oppdatering under KM. Sjekk her (vi legger ut frå turneringa startar i morgon)
24.02.12 Eg har fått eit sjukdomsforfall og vi er tilbake på 30 par. Så då er vi tilbake på programmet under.
23.02.12 Korrigert: 31 par. 31 rundar. Klarer nokon av dei som har trekt seg å finne seg ein annan makker som har  vor med på kvalifiseringa? Ring eller SMS til 99503806 så har vi ein ledig plass.

KM par vert arrangert med 30 par. 29 rundar a 3 spel. 

Vi startar begge dagar kl 10.00.  Programmet vert 17 rundar på laurdag og 12 rundar på søndag. Vi vert då ferdig litt før kl 18.00 på laurdag og litt etter kl 16.00 på søndag. Det vert premieutdeling omlag 10 minutt etter speleslutt.
21.02.12 Det er endring i lista over kvalifiserte par. Eg må ha melding dersom de må trekke dykk frå turneringa.

Om makker må trekke seg frå turneringa, er det høve til å spele med ein annan som ville vore kvalifisert. Om nokon ønskjer å spele, kan de sende meg ein e-post. Og kan eg formidle kontakt.
21.02.12 Programmet for KM par vert:
Oppstart begge dagar kl 10.00. Laurdag vert det spela 18 rundar a 3 spel, ferdig omlag kl 18.00.
Søndag vert det spela 17 rundar a 3 spel. Ferdig omlag 17.30 og premieutdeling kl 17.45.
18.02.12 Vi har fått tilbod frå Skei hotell. På laurdag skal det vere konsert med Deja vu - ein kveld med musikken til Crosby, Stills, Nash & Young, og vi har sjøvsagt tilbod der og. Om de ønker å ta med ledsagar, så kjem desse med på same gode vilkår bridgespelarane får.

Hugs å seie at de spelar bridge når de bestiller. Hotellet har telefon 57 72 78 00
18.02.12 Endring i kvalifiserte til KM par. Eg må ha melding dersom de må trekke dykk frå turneringa.
Det vart og endring i totallista etter ein oppdatering frå Florø.
03.02.12 Divisjonsspelinga i Førde er flytta til Førde ungdomsskule.
31.01.12 Desse er kvalifisert til KM par som skal vere på Skei 25. og 26. februar. Eg må ha melding dersom de må trekke dykk frå turneringa. 
31.01.12 I alt var det med 67 par i sonespelinga. 55 er med på kvalifisering til KM par og 54 er med på kvalifisering til NM par. Knut Dag Stenevik - Ludvig Langedal hadde høgste prosentscoren. Sjå heile lista
31.01.12 Det vert 4. divisjon på Leikanger 11. og 12. februar. Spelestart begge dagane vert kl 10. Eg har sendt e-post til dei same som i haust om kva tid de har oversitt. Sjå stillinga etter første helg.
31.01.12 Det er 3. og 4. divisjon på Hafstad vidaregåande skule i Førde 4. og 5. februar. Programmet for 3. divisjon vert som første helga med spelestart kl 10.00 begge dagane. For 4. divisjone vert det berre speling på laurdag, også her med spelestart kl 10.00.

Sjå stillinga i 3. divisjon (det er ein korreksjon som ikkje er medrekna enno)
Sjå stillinga i 4. divisjon
31.01.12 Sona på Nordfjordeid vart vunne av Leif Heggheim - Arnar Kvernevik. Sjå heile resultatlista og spelstensilane.
Sona på Sande vart vunne av Knut Dag Stenevik - Ludvig Langedal. Sjå heile resultatlista og spelstensilane.
28.01.12 Eg skal forsøke å få til live-oppdatering frå sona på Sande. Fram til spelestart vil de berre sjå startlista her.
28.01.12 Om det er fleire som vil spele på Sande kan de kontakte meg i løpet av dagen på tlf 99503806. Det er og ein plass ledig på Nordfjordeid. Kontakt Knut Skorpen om de ønsker å spele der. Spelestart begge plassar er 10.30.
15.01.12 Sona i Florø vart vunne av Helge Sæterdal - Ludvig Langedal. Sjå heile resultatlista og spelstensilane.
Sona på Hafslo vart vunne av Gunn Angelskår - Torbjørn Pedersen. Sjå heile resultatlista og spelstensilane.
14.01.12 Eg skal forsøke å få til live-oppdatering av sona på Hafslo. Fram til spelestart, vil de berre sjå startlista der.
08.01.12 Ved ein feil vart ikkje invitasjonen til sone par publisert i romjula, men her kan du lese den. De kan melde dykk på til Florø (15. januar), Hafslo (15. januar), Sande (29. januar) eller Nordfjordeid (29. januar):

Kva skjer

Dei neste fem frå terminlista

apr
28 KM singel
mai
3-5 Bedriftsmeisterskapen
9-13 Finale NM lag
aug
2-10 Bridgefestivalen