28.12.10 | Lerum Cup vart vunne av Leif Kvamsdal - Kåre Kvamsdal. Full resultatliste og spelstensil på Sogndal BK sine sider. |
25.12.10 | Trekninga for tredje runde i NM lag er komen |
25.12.10 | Resultat frå MP-treff er komen: Mandag, best frå krinsen vart Finn Sundby - Ivar Ness, Leikanger med 62. plass Tirsdag, best frå krinsen vart Torstein Lomheim - Nils Sverre Fardal, Hafslo med 3. plass. Onsdag, best frå krinsen vart Odd Nes - Knut Skorpen, Florø med 5. plass Torsdag, best frå krinsen vart Ole Bjørn Førde - Jostein Myklebust, Davik med 13. plass Det kan kome endringar i resultata frå tirsdag og torsdag då forbundet manglar resultat frå ein klubb. |
21.12.10 | Aurland BK har vunne over Vik BK i NM lag med 88 mot 60 |
13.12.10 | Invitasjon til sonemeisterskapa og kvalifisering til KM par. Påmelding via NBFData til Florø 09.01, Hafslo 09.01, Eid 30.01, Vadheim 30.01 |
13.12.10 | No kan de melde dykk på til Lerum cup den 27. desember |
12.12.10 | Balestrand BK har vunne over Jølster BK i NM lag med 106 mot 37 |
04.12.10 | No har eg puncha butler frå listene. Sjå og komplett spelstensil. Av ein eller annan grunn, får eg ikkje publisert frå BK2000, så eg legg ut PDF-utskrifter. Oppdatert 06.12 - No har eg fått til publiseringa, og de finn resultat, butler og spelstensil på NBFData |
04.12.10 | Pangstarten i Nordfjord er avlyst |
02.12.10 | No er Hornindal BK offisielt teken opp som medlem i forbund og krins. Er det andre klubbar som tenker seg å verte medlem, kan de kontakte krinsleiar for oversyn om kva det kostar og kva de får igjen. |
28.11.10 | Måløy BK med Haldor Sunde, Kenneth Skov, Odd Egil Nygård og Bjørgvin Viglundsson vann KM lag. Full resultatliste og spelstensil på NBFData. Butler er ikkje heilt korrekt enno, men eg skal sjå om eg ikkje får den til i løpet av veka. |
28.11.10 | Førde BK 3 vann over Måløy BK 2 med 82 mot 64 i NM lag |
26.11.10 | Invitasjon til Gildeturneringa i Førde 30.desember. Påmelding på NBFData eller til Ivar Apelseth |
23.11.10 | Det er framleis plass til fleir i KM lag. No er frist for påmelding endra til torsdag. Påmelding via NBFData eller til meg. |
23.11.10 | Sjekk "ukas spill" hos BiN frå rundekampen mellom Skjolden og Sogndal 1. Jan Frode rapporterar om hardmeldt (og dobla) slem med heimgang. |
23.11.10 | Sogndal 2 har slått Hafslo/Solvorn 1 med 95-49 og Leikanger har slått Lærdal med 85-64 i NM lag |
22.11.10 | Resultatliste frå FM par er klar. Enkeltresultat frå: Balestrand, Davik, Førde, Gaupne, Leikanger, Måløy, Nordfjordeid, Sogndal, Stryn, Vik |
18.11.10 | Skolden har slått Sogndal 1 med 97-48 i NM lag |
18.11.10 | Velkomen til Hornindal BK. Det har vore styremøte pr epost, og styret har einstemmig vedteke at krinsen ønskjer Hornindal Bridgeklubb velkomen som ny klubb. Saka er no vidaresendt til forbundet, og formelt vedtak derfrå kjem om ei stund. Hornindal BK spelar tysdagar kl 18.00 på "Huset vårt" på Grodås |
18.11.10 | Desse vil arrangere MP-treff: 6.12.10: Leikanger BL - Fylkeshuset kl 17.45 6.12.10: Stryn BK - Isehaug kafeteria kl 19.00 7.12.10: Sogndal BK - Kulturhuset kl 18.00 7.12.10: Førde BK - Førdehuset kl 18.00 7.12.10: Måløy BK - ASVO Måløy AS kl 18.30 9.12.10: Davik BK - Dampen i Davik kl 18.00 9.12.10: Balestrand BK |
17.11.10 | Forbundet inviterer til MP-treff 6. - 9. desmber. Eg legger gjerne ut kven som skal arrangere, men då må eg få ei melding. |
16.11.10 | Breim 1 leiar 4. divisjon i Førde. Resultatliste, butler og spelstensil på NBFData. |
15.11.10 | Sogn og Fjordane 3, Vasset leiar 3. divisjon. Resultatliste, butler og spelstensil på NBFData |
14.11.10 | Leikanger/Skjolden leder 4. divisjon på Leikanger etter 1. helg. Resultatliste, butler og spelstensil på NBFData |
13.11.10 | Resultat og butler 4. div Leikanger etter 1. dag |
12.11.10 | Eg har lagt til ein RSS-kilde for nyhendesida. Det er no mogleg å få nyhende utan å måtte opne heimesida. Les om rss på wikipedia. |
11.11.10 | Lag og kampoppsett for 4. divisjon i Førde er klar. |
11.11.10 | Sjå tilbod på overnatting på hotell i Førde i samband med KM lag. Det er og eit godt tilbod frå Peppes på mat inkludert ein drikke. |
10.11.10 | No er trekninga til andre runde i NM lag komen.Frist for speling er 19. desember |
10.11.10 | No er endeleg invitasjonen til KM lag komen. Legg merke til at vi skal prøve å få til reisefordeling i år. Det vert speling på Hafstad vidaregåande skule 27. og 28. november. Påmelding via NBF-data eller til meg pr epost eller tlf 99503806. |
10.11.10 | Litt info om 4.divisjon i Førde. Det vert 9 lag og same tidsplan som 3.divisjon |
08.11.10 | Førebels tidsplan og kampliste for 4.divisjon i Leikanger. Spelestad vert som vanleg fylkeshuset med oppstart begge dagane kl 10.00. |
08.11.10 | Desse har gjeve melding om dei skal spele FM-par: 15.11.10: Leikanger BL - Fylkeshuset kl 17.45 15.11.10: Stryn BK - Isehaug kafeteria kl 19.00 16.11.10: Førde BK - Førdehuset kl 18.00 16.11.10: Sogndal BK - Kulturhuset kl 18.00 16.11.10: Måløy BK - ASVO Måløy AS kl 18.30 18.11.10: Davik BK - Dampen i Davik kl 18.00 18.11.10: Vik BK 18.11.10: Gaupne BL 18.11.10: Balestrand BK Er det fleire som skal spele så send meg ei melding, og eg skal få dykk på lista her. |
08.11.10 | No er alle krinsen sine lag i NM lag ferdig med sine kampar. Desverre er fire lag utslått. |
08.11.10 | Ein liten korreksjon i tidsplanen for 3.divisjon |
07.11.10 | Oppsett for 3.divisjon i Førde er klart. Det vert speling på Førde hotell kl 10. både laurdag 13. og søndag 14. Les tidsplan, kampoppsett og lagnamn |
01.11.10 | Det er gått ut invitasjon til FM par som vert spela i tidsrommet 15.-19. november |
31.10.10 | Det er no påmeldt 8 lag til 4.divisjon i Førde og 8 lag til 4.divisjon i Leikanger. Det er framleis mogleg for fleire å få spele, men då må de kontakte meg. |
28.10.10 | Skjolden snudde kampen i NM lag mot Hafslo/Solvorn 2 og vann 90-64 etter å ha vore under med 19-42. |
24.10.10 | Knut Vinsrygg - Torbjørn Pedersen vann Pangstarten på Leikanger. Resultatliste 1. sesjon, 2. sesjon og full resultatliste og spelstensil på sidene til Leikangar BL. |
22.10.10 | Florø har bestemt seg for å avlyse Pangstartpulja der. På Leikanger vert den arrangert, og om det er nokon fleire som ønsker å delta, kan dei kontakte meg. |
18.10.10 | Flott innsats i Ålesund. Dobbeltsiger til Førde-spelarar med Geir Hjelmeland - Jens Sagevik foran Jonill Storøy - Per Christian Gjerde. Sjekk ut resultatlista for par og resultatlista for lag |
16.10.10 | Sidene til krinsen er endra. Det er ny grafisk profil, og alle sider ein kan nå frå menyen til venstre har fått nytt namn. Om ein går til ein av de gamle sidene, skal ein automatisk bli sendt vidare til den nye. Gje meg melding om det vert feil i vidaresendinga. |
16.10.10 | Sogndal BK fekk med eit lag til i NM lag. Dei har fått bortekamp mot Fagernes 1 i første runde. |
10.10.10 | Sjur A. Bø vart beste frå krinsen i Rondanecupen med ein 18. plass i par og 2. plass i lag. Sjå resultatlistane, butler og spelstensilar på sida deira |
10.10.10 | Trekninga til 1. runde i NM lag er komen. Det ville vere fint om eg fekk resultata etterkvart som kampane vert spela. |
10.10.10 | Eg hadde klart å oversjå Lærdal BL i lista over påmeldte, så vi er 20 påmeldte lag i krinsen. Takk til Reidar Johnsen som sa i frå. |
06.10.10 | Og no er det påmeldt 19 lag frå krinsen til NM. Då er vi omlag 7 prosent av deltakarane i NM med ein medlemsmasse på under 5 prosent av NBF-medlemmar. Takk for fin innsats i påmeldinga. No ønsker krinsen alle lukke til i turneringa. |
02.10.10 | Frist for påmelding til NM lag er utsett til tysdag 05.10. Så langt er det påmeldt 17 lag frå krinsen |
02.10.10 | Og no er sonemeisterskapen for lag i Sogn og avlyst. Vi får forsøke igjen til neste år. |
01.10.10 | Sonemeisterkapen for lag til helga er avlyst i Nordfjord og Sunnfjord. Det er framleis opning for at det vert speling på Leikanger. |
29.09.10 | Krinsen inviterer til turnering som ikkje skal vere berre for proffane. Vi satsar på godt sosialt samver og kortspeling i Florø og på Leikanger den 24. oktober. Det er litt spesielle reglar for kven som kan spele med kvarandre (så ikkje proffane berre spelar med ein annan proff). Les invitasjonen og meld dykk på i Florø eller på Leikanger. |
28.09.10 | Det er komen invitasjon til rorbubridge i Måløy den 30. oktober. Påmelding via NBFData |
24.09.10 | Magnar Ljøsne har laga til nynorsk versjon av forbundet sitt kursopplegg (del 1, del 2, del 3 og 4) (wordfil del 1, del 2, del 3 og 4) |
24.09.10 | Erik Eriksen – Frank Ove Sandvik frå Åsane vann Førdeturneringa. Les heile resultatlista. |
24.09.10 | Min feil! Eg hadde gløymt å legge ut lenke til påmelding 4. divisjon i Førde og på Leikanger, frist 1. oktober så vi veit at vi kan arrangere to puljar. |
19.09.10 | Sande BK har spelestart fredag 24. september kl 19.00 på Sande kro. |
19.09.10 | Det er klart for sonemeisterskap for lag den 3. oktober. Påmelding via NBFData til pulja på Eid, i Førde og på Leikanger. |
29.08.10 | Forbundet har satt i gang kampanjen "Verv en bridgevenn" der alle som verver bridgespelarar får vervepremie. |
18.08.10 | Det vert krinsstyremøte den 25. Førebels er det to saker som skal drøftas: infoskriv til klubbane og ekstraordinært krinsting. Om nokon har meiningar om dette eller andre ting som burde takas opp, så send ein e-post til ein av i krinsstyret Møtet er utsett til torsdag 26, og utsett på nytt til torsdag 2. september |
09.08.10 | No kan ein melde seg på Førdeturneringa den 18. september, Rondane cup par den 9. oktober, Rondane cup lag den 10.oktober, |
09.08.10 | Det skjer mykje i nabo-fylket i nord framover. Fosnavåg open 28. og 29. august (påmelding par og påmelding lag) Nordøycupen 50års jubileumsturnering 11. og 12. september(påmelding par og påmelding lag) Vartdalturneringa 25. september (påmelding) BK Grand si 75 års jubileumsturnering 16. og 17. oktober(påmelding par a-pulje og par b-pulje, påmelding lagturnering) |
09.08.10 | Nokon som har lyst til å reise til Nord-Trøndelag for å spele bridge? Det vert Namsos-cup 4.- 5. september. Ein kan melde seg på pulje for rutinerte og mindre rutinerte spelarar. |
05.08.10 | Ein flott 5.plass til Stine Holmøy - Haldor Sunde i NM Par med +682.5. Geir Hjelmeland - Geir Hoff vart nr 33 med +165.4 og Per Christian Gjerde - Jonill Storøy vart nr 73 med -427.7. Les heile resultatlista på festivalsidene. |
04.08.10 | Slik går det på Lillehammer (vert oppdatert fortløpande). Om eg har oversett nokon så send meg ein e-post så skal eg korrigere . Sjå fullstendige resultatlister, spelstensilar og butlerlister på festivalsidene |
04.08.10 | 10 er talet for Haldor Sunde i år. han spelar sin tiande parfinale og har hatt ti forskjellige makkerar. I tillegg ligg han på ein flott tiande plass med makker Stine Holmøy før siste dagen. Det er ein artikkel om han i bulletinen (side 17). |
30.06.10 | Første utkast til terminlista 2010/2011 er komen. Lista er tradisjonelt satt opp med dei faste turneringane. Nytt er eit forsøk på turnering mest for dei litt mindre røynde turneringsspelarane både haust og vår. |
14.06.10 | Forbundet minner om Bridgefestvalen for begynnere på Lillehammer 29. og 30. juli. Det er påmeldingsfrist fredag 18. juni, og det er til no meldt på 20 personar. Det er god plass til fleire på eit arrangement der det sosiale aspektet ved bridge er i høgsetet. |
14.06.10 | Vil du bli bridgelærar? Det er kurs på Lillehammer 29. og 30. juli (rett før festivalen). Påmeldingsfristen er fredag 18. juni. |
14.06.10 | Bridgetur til syden til hausten/vinteren? Forbundet har tur til Tenerife i januar og Polar bridgeklubb arrangerer tur til Gran Canari i oktober/november og til Thailand i januar. I siste nummer av Norsk Bridge (som er under utsending no) er det artiklar frå reiser i fjor med begge arrangørane. |
02.06.10 | Førde bridgeklubb skal ha lynkurs i samarbeid med Sven-Olai Høyland den 7. juni 18.00 - 22.00 på Førde hotell. Les plakaten for kurset (eller i word2003-format) Dei ser og gjerne at andre som er interessert i rekruttering deltek som assistentar så fleire kan få kunnskap om denne typen kurs. Ivar Apelseth tek i mot påmelding, både av deltakarar og assistentar, helst så fort som mogleg. |
02.06.10 | Sortland bk har lagt inn at ein må minst ein kveld i sommarbridgen med ein lite rutinert makker for å telje i samandraget. Dette er gjort for å betre rekruttering, og kanskje klubbane her i krinsen og kunne tenke i slike banar? |
29.05.10 | Arve Gravdal har laga artikkel frå sommarbridgen i Måløy. (Kan og lastas ned som word2007-fil) |
25.05.10 | Ruter 7 invitterar til open turnering i Kristiandsand 19. juni. Mellom anna kan spelarar med lite rutine få spele med ein stjernespelar (etter trekking). Programmet ser artig ut. |
25.05.10 | Bridge rundt om i verda i sommar? Bridgetourist har oversyn over ei rekke turneringar ein kan delta i. |
23.05.10 | No er tidlegare artiklar om spel samla på spel-sidene. Er det nokon som kan kome med fleire? send meg e-post. |
19.05.10 | Det vart dobbeltseier til Luster i Sognefjellsmeisterskapen. John Inge Fredheim-Nils Friis Fardal vann foran Jan Frode Bolstad-Lena Stai Bolstad. Les heile resultatlista og spelstensilen. |
17.05.10 | Det vart 8.plass til Førde i NM lag. Resultatliste, butler og spelstensil finn ein på NBFData. |
16.05.10 | Jens Sagevik fekk stormesternåla under NM-finalen |
16.05.10 | Det har vore krinsstyremøte via epost, og det er vedteken støtte til Førdelaget i NM med 2500. Det er og vedteken å sende Gunn Angelskår og Torbjørn Pedersen til bridgetinget 5. og 6. juni. Neste styremøte vert i juni etter bridgetinget. Då skal ein mellom anna ta opp terminlista, og styret ønsker innspel. |
16.05.10 | Det er mogleg å verte autorisert tevligsleiar via "brevkurs". Les meir på forbundet sine sider |
16.05.10 | NBF lagar til "Begynnarfestival" med opplæring, turnering og sosial samling den 29. og 30. juli på Lillehammer. Les meir på forbundet sine sider. |
16.05.10 | NBF lagar til bridgelærarkurs på Lillehammer 29. og 30. juli. Les meir på forbundet sine sider |
09.05.10 | På torsdag startar lagfinalen med Førde BK på startstreken. På nmlag.com kan ein følge med. Det vert og overføring av kampar på BBO. |
09.05.10 | Fykil1 vart beste laget frå krinsen i Bedriftsmesterskapet med 8. plass. Best på butleren vart Arnar Kvernevik og Rune Verlo med 6.plass. Les heile resultatlista på NBFData. (Siste runde mangalar enno) |
03.05.10 | Sommarbridge rundt om i krinsen. (Denne leka vert på topp av sida heile sommaren) |
02.05.10 | Det vert sommarbridge kvar tysdag kl 18.00 på Leikanger frå og med 04.05. Er det andre som skal spele? Eg vil gjerne lage til eit samla oversyn for sommarbridge i krinsen så send meg ein e-post med spelestad og tid. |
02.05.10 | Les referat frå krinstinget |
28.04.10 | Krinsen har fått ein plass i NM par på deltaking. Dermed er dei tre øvste i KM par kvalifisert. Vi kan framleis skryte av suvernt størst deltaking i nm-kvalifisering. |
26.04.10 | Oppdatert styre-sida med nytt krinsstyre |
26.04.10 | Nytt krinsstyre er som valkomiteen si innstilling. |
20.04.10 | Rekneskapen 08-09, budsjett 10-11, rekneskapen 06-07 til samanlikning |
20.04.10 | Det vert speling etter krinstinget om det vert nok deltakarar. |
16.04.10 | Det er opna for påmelding til bridgefestivalen. Forbundet melder og om feil i tidspunkt i annonsen i siste Norsk Bridge der NM Mix og NM Junior var påstått å vere fredag /laurdag. Rett skal vere oppstart laurdag morgon med avslutting på søndag. |
16.04.10 | Valkomiteen si innstilling til nytt styre (oppdatert med varamedlemmar 18.04.10). Les og skriv frå leiar av valkomiteen Sjur A. Bøe. |
15.04.10 | Sakspapira til krinstinget. |
13.04.10 | Førde BK2 (Arild Hoff, Jens Sagevik, Geir Hjemeland og Geir Hoff) er i finalen i NM lag etter å ha vunne 6. runde mot BK Norrønna 2 med 83 mot 46 IMPs. |
11.04.10 | Asbjørn Feten var suveren i KM Singel. Sjå heile resultatliste og spelstensilar på NBFData. (For å sjå spela, må de skrive km singelsfj etter Fil=). |
10.04.10 | Førde BK skal arrangere nybegynnerkurs |
09.04.10 | Det er komen innbyding til Storefjellsturneringa 23. til 25. mai. |
07.04.10 | Programmet for singelfinalen. |
07.04.10 | Endringar i lista over kvalifiserte til KM singel. Kontakt Gunn om de ikkje kan spele. |
07.04.10 | Oppdatert opplysningar om Nordfjordeid bridgeklubb på linkar og klubbsida |
06.04.10 | Endringar i lista over kvalifiserte til KM singel. Kontakt Gunn om de ikkje kan spele. (Følg med her om du er i nærleiken av kvalifisertplass. Eg vil legge ut endringar fortløpande) |
01.04.10 | Kåre Kvamsdal - Robert Hæreid vann påskebridgen på Hafslo. Resultatliste og spelstensil på NBFData. |
01.04.10 | Geir Hoff - Geir Hjelmeland vann påskebridgen i Angedalen. Resultatliste og spelstensil på NBFData. |
01.04.10 | Nye endringar i lista over kvalifiserte til KM singel. Kontakt Gunn om de ikkje kan spele. |
29.03.10 | Måløy tapte for Åsane i NM lag med 78 mot 39. |
27.03.10 | Lista over kvalifiserte til KM singel er i stadig endring. Gunn skal ha melding om dei som ikkje kan spele 11. april. |
27.03.10 | Det plass til fleire i Angedalen tysdag og på Hafslo onsdag. |
21.03.10 | Resultatliste for FM singel. Klubbresultat frå Balestrand, Førde, Leikanger, Måløy, Sogndal og Vik Liste over kvalifiserte til finalen 11. april (oppdatert pr 25.03.10), no oppdatert pr 26.03.10 |
21.03.10 | Det er kalla inn til krinsting på Skei den 25. april. |
21.03.10 | Det har vore styremøte i krinsen den 17.03. Les referatet. |
21.03.10 | Jonill Storøy vann sin tredje av tre moglege KM-titlar for sesongen då ho og makker Arild Hoff vann KM mix. Les heile resultatlista og spelstensil på NBFData. Bilete frå turneringa (fotograf Åsbjørn) |
21.03.10 | Forbundet invitterer til organisjonsdagar på Gardermoen 17. - 18. april med spesiell fokus på rekruttering samt eit turneringsleiarkurs for krinsautorisering. Påmeldingsskjema finn du her. |
18.03.10 | Skjolden BK har nokre kurspakkar til overs. Kontakt Jan Frode Bolstad om de er interessert. |
18.03.10 | Fristen for å melde seg på på KM mix er i morgon. Vi må få fleir enn dei ni som har meldt seg på til no, minst EIT par til. |
18.03.10 | Berre ei lita påminning om påskebridge i Angedalen den 30. og på Hafslo den 31. |
15.03.10 | Hugs å melde dykk på KM mix til helga. Mix er fine turneringar å spele (mix-turneringa i NM er største turnering i Noreg, så mange liker turneringsforma), så få med ein av eit anna kjønn og ver med. |
14.03.10 | Førde BK2 har vunne 5. runde i NM lag mot Kristiansand BK 2 med 110 mot 70. |
14.03.10 | Gatulerer til Per Christian Gjerde - Jonill Storøy som vann KM par. Les heile resultatlista og spelstensil på NBF data. Bilete frå turneringa (fotograf Gunn) |
09.03.10 | Oppsett for KM par er komen. Har du sett om du er kvalifisert? No er det mange endringar. Gje melding til Åsbjørn om de ikkje kan/skal spele. |
08.03.10 | Klubbar som vil arrangere FM singel er: 15.03 - Leikanger BL, speling på fylkeshuset kl 17.45 16.03 - Sogndal BK, speling på kulturhuset kl 18.00 16.03 - Førde BK, speling på førdehuset kl 19.00 16.03 - Måløy BK, speling ASVO kl 18.30 18.03 - Balestrand BK, speling på rådhuset kl 18.00 18.03 - Vik BK Fleire? Ta kontakt så skal eg få det i denne lista. |
07.03.10 | Lag "Førde på besøk" ( Astrid Margrethe Grønnesby, Hilde Meland, Eva Falstad Flått, Jonill Storøy, Haldis Guttormsen, Tove Stoen) kom på 2.plass i SM damer |
07.03.10 | Ny oppdatering av lista for kvalifiserte til KM. Gje melding til Åsbjørn om de ikkje kan/skal spele. |
06.03.10 | Resultatliste for FMPar. Enkeltresultat frå klubbane kjem seinare |
04.03.10 | Oppdatert liste for kvalifiserte til KM par i Førde 13. og 14. Gje melding til Åsbjørn om de ikkje kan/skal spele. |
04.03.10 | Innbyding til KM Mix 21.03. Påmelding på NBFData. |
04.03.10 | Det er komen innbyding til bedriftsmesterkapen på Fagernes 7.-9. mai. Påmelding på NBFData. |
04.03.10 | Til helga skal det vere SM damer. Følg med Trondheimspulja. |
28.02.10 | Måløy har vunne mot Akademiske BK 4 med 76 mot 67 og skal møte Åsane 1 i 5. runde |
24.02.10 | Lagt til Stryn BK på lista over klubbar som skal spele FM par |
23.02.10 | Nettstaden er oppdatert. Nokre sider er ikkje komen over enno, men dei kjem så snart eg får gjort jobben. |
23.02.10 | 5. runde er no trekt. Førde BK 2 skal møte Kristiansand BK 2. Måløy har enno ikkje spela 4. runde, men vinnaren av kampen mot Bergen Akademiske 4 skal møte Åsane. |
21.02.10 | Førde BK 1 tapte 4. runde mot Bergen Akademiske BK 1 med 46 mot 134 og Jølster BK 1 tapte mot Åsane BK 1 med 63 mot 70 |
17.02.10 | Klubbar som vil arrangere fylkesmesterskapen for par er: 23.02 - Sogndal BK, speling på kulturhuset kl 18.00 01.03 - Leikanger BL, speling på fylkeshuset kl 17.45 02.03 - Førde BK, speling på førdehuset kl 19.00 02.03 - Måløy BK, speling ASVO kl 18.30 03.03 - Vikane BK, speling på kafeen i Innvik kl 19.00 Fleire? Ta kontakt så skal eg få det i denne lista. |
14.02.10 | Høyanger, Austrheim vann 4.divisjon i Førde. Bilde av dei glade vinnarane. Om nokon har full resultatliste, spelstensil og butler vil eg gjerne ha dette. Og det fekk eg fort. |
14.02.10 | Balestrand, Balevik vann 4.divisjon på Leikanger. Sluttresultat , spelstensil og butler på NBFData |
13.02.10 | Følg med 2. divisjon i Trondheim og Tromsø. |
13.02.10 | Påsketurnering på Hafslo. Påmelding |
13.02.10 | Resultat frå 3. divisjon i Bergen. |
12.02.10 | Program for 4. divisjon Leikanger 13. og 14. Resultat , spelstensil og butler på NBFData |
07.02.10 | Førde BK 2 slo Bergen Akademiske 2 med 114 mot 69. |
07.02.10 | Resultat frå 3.divisjon i Ålesund |
05.02.10 | Påsketurnering i Angedalen 30. mars. Påmelding |
05.02.10 | Det vert fylkesmeisterskap (fasit) i veke 8 og 9. Les innbydinga |
05.02.10 | Samanlagt for alle sonane. Dei 36 beste er kvalifisert til finalen 13-14. mars. Gje melding til Åsbjørn om de ikkje kan/skal spele. Lista er oppdatert pr 19.02 |
01.02.10 | Det vert bridge frå storturneinga i Bergen på Golden goal på TV2 Zebra torsdag kl 21 med reprise på TV2 fredag 23.20 |
01.02.10 | Geir Hjelmeland - Geir Hoff vann sona i Vadheim. Les resultatlista. |
01.02.10 | Kristian Vik - Arve Glomnes vann på Eid. Full resultaliste på NBF-Data. |
28.10.10 | Ny spelestad på Eid - Bryggen hotell |
27.01.10 | Spelestad for sonespelinga på Eid skal vere Valhall, ikkje hotellet!!! Det framleis god plass så meld dykk på Eid eller Vadheim. Fristen går ut på fredag. |
26.01.10 | Eg har oppdatert styresamansetning og laga lenke til referat frå krinstinget 08 og to styremøter. Du finn dei under knappen Styre over |
24.01.10 | Ein flott 9.-plass til Øysein Vasset i mesterpulja i Bergen storturnering |
24.01.10 | Spelarar frå krinsen (eller som nyleg har spela i krinsen) tapetserte pallen i a-pulja med Martin Ivar Henden - Arve Henden på 1. plass, Asgeir Øvrebotten på 2. og Espen Forberg på 3. |
24.01.10 | Gunn har lagt ut bilete frå Bergen storturnering på web-album |
21.01.10 | Det vart ikkje oppdatering tysdag. Kanskje neste? |
21.01.10 | 4. runde i NM er no trekt. Måløy BK 1 skal møte Bergen Akademiske BK 4, Jølster BK 1 skal møte Åsane BK 1, Førde BK 1 skal møte Bergen Akademiske BK1 og Førde BK 2 skal møte Bergen Akademiske BK 2. Alle laga frå krinsen har heimekamp. |
17.01.10 | Delt toppplassering i Florø, Magne Svardahl - Ludvig Langedal og Kenneth Lothe - Åsbjørn Hegrenes vann. Full resultatliste og spelstensil på NBF-data. |
17.01.10 | Gullstein Rørstadbotten og Olav Brandshaug vann på Hafslo. Resultatliste og spelstensil på Sogndal sine sider |
16.01.10 | Sidene vil vere nede på tirsdag for oppdattering av konto. Eg vil legge ut på nytt så snart eg kan. |
16.01.10 | Programmet for bridgefestivalen er komen. |
13.01.10 | Det vert sonespeling (kvalifisering til KM-par) på fire stader. Meld dykk på Hafslo 17.01, Florø 17.01, Vadheim 31.01 og Eid 31.01. Les innbydinga |
13.01.10 | Det er laga til ei Facebook-gruppe for bridge i fylket. |
13.01.10 | NBF har fått ny adresse og telefon. Sjå forbundet sine sider for meir informasjon. |
13.01.10 | Forbundet arrangerer seriemesterskap for damer. Påmelding på nbfdata innan 31. januar |
13.01.10 | Nettstaden er oppe igjen. Webredaktør/tekniker er førebels Torbjørn Pedersen, og eg må ha hjelp til innhald på sidene. |
Dei neste fem frå terminlista
apr | |
---|---|
28 | KM singel |
mai | |
3-5 | Bedriftsmeisterskapen |
9-13 | Finale NM lag |
aug | |
2-10 | Bridgefestivalen |